Fraa Kolbotten.

Ho Anne: Du Hulda, det er sant, det er noko eg hev tenkt eg vilde spyrja deg um.

Ho Hulda: Naa?

Ho  Anne: Dei segjer det her uppi, at de er gifte berre borgerleg, du og Mann’ din; men det er no vel ikkje Raad det vel?

Ho Hulda:Aa jau, det er nok Raad.

Ho  Anne: Er det sant?

Ho Hulda: Ja visst er det sant. Skulde det vera so rart det daa?

Ho Anne: Nei er det sant lell. Nei jaso, Nei men er det ikkje rart lell, aa vera gift paa ei viss Tid?

Ho Hulda: Gift paa ei viss Tid?

Ho Anne: Ja ja dei segjer det her uppi! Naar dei er borgerleg gift, so er det berre paa ei viss Tid, ja.

Ho Hulda:Aa - ! ja; jadaa. Du veit det er berre paa ei viss Tid.

Ho Anne: Kanskje det er ikkje so lang Tid held?

Ho  Hulda. Akkurat eit Aar. Eit Aar etter den Dagen, me vigdest, Kl. 12 Middag, gjeng me kvart til sin Kant,

Ho Anne: (uviss) Ja du veit eg hev ikkje havt den Trui eg; men dei segjer so, her uppi.

Ho Hulda:Aa, det er ikkje stort klokare mangt av det, dei segjer der lenger nedi helder um desse Ting, maa du tru Anne. C!

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum