Fraa Rauland.

Spegelblank haalis, klaar himmel, maane og glupt sledeføre – du for greiur!

Ja det siste vert elles aldri brukt til anna enn det, folk kallar nytteleg: faa heim høy og ved og lass fraa Laardal. – Me brukar ikkje aa køyra helles her i Rauland; vil me nokon stad, so maa me pent bruka føtanne. Ikkje eingong um det store Totak er tekt all vegjen med alitjukk haalis, loga motet upp hjaa karanne til aa prøve hestarne sine i sprang, styrkjen er dygdi her.

 

Men paa skeisur slepp folk ut, unge og gamle, gjentur og gutar i lange ferder med gnavel som oskoreidi stryk dei framyver den blenkjande flata, med’ staalskorne glimtar i maaneskinet og stjernurne glitrar og fer fyre der langt nedi – framlengs og baklengs, i krokar og ringar, i sprett og hopp. – Der langt burte blenkjer eit ljos, det lyftjer seg hit og dit og kjem nærare altfort, - det er ei diger, feit tyriskunde, som sprutar og logar i den strukande farten, svarte røyken med gneistar og sprak ringar seg attum og stig mot stjerneheimen. Det fulle ljos fell paa dei glade, friske andlit.

 

I politikken er her stilt no, folk ides ikkje til lenger. Det gamle høgre er det, det fyrr hev voret, ikkje vyrde, faamælte og faae i tal. Av dei tvo parti i vinstre er det nokk dei radikale, som hev djuapste røter her, flesttalet segjer nokk av hjartat amen til ditt program, gode Fedraheim. Ned med kongemagt, prestemagt o. s. fr., og dei tykkjer, du er ein traust gut, som torer segja so beint ut det andre og vil, men berre torer leika innpaa.

 

Daavist me straandbyggjar liknar deg forlite i det, for daa presten vaar for snart tvo aar sidan skreiv um bygdi og sende sitt verk i fylgje med ”Bratsbergs Amtstidende” so tagde me somen, enndaa det paa dei faa-aste stader er slikt skrive, at folk kann faa vyrdnad for oss. Reint merkjeleg, at ein prest vil skriva um noko so smaaleg som t. d., at me kokar grauten for lite og hev for mykje mjøl nedi – og endaa rarare at han kunne ikkje slumpa til aa høva sanningi paa fleire stader, enn han hev gjort. – Det var visst ikkje so, at der fans ikkje mot, med ingen svara – nei, dei vyrde det ikkje so mykje. – Etter det eg sia hev høyrt, leid nok han sjølv meir enn bygdi av det, det gjorde han ikkje avhalden korkje her elder i bygderne kringum.

  

18. 1. 88.

 

X.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum