Fyrr og no.

Johan  Sverdrup  i 1880 ”mente, at denne Institution (: Statsraadarne i Tinget) vilde sikre os dygtige Statsraader, som havde Kongens og Nationens Tillid; det kunde ikke nytte at byde denne Forsamling (Stortinget) Undermaalsmænd; om det engang skede, vilde det upaatvivlelig gives noget som hedte consilium abeundi (Vink um aa draga sin Kos), og det vilde gaa fort med deres Aftrædelse.” Det var i 1880.

  

No i 1888 spør me kvarandre, um det finst Undermaalsmenn i Johan Sverdrups Ministerium?

 

Og um det er nokon av disse Undermaalsmenn, som hev fenget consilium abeundi?

 

Og endeleg spør me, kor det hev seg med ”Nasjonens Tillit”, som Joh. Sverdrup talad so flust um i 1880.

  

Hev Aimar Sørensen Nasjonens Tillit, naar han polititek Albertine elder talar mot den Juryen, han sjølv skal innføra? Hev Sofus Arctander Nasjonens Tillit, som ikkje er kjend fraa anna enna enn Hermansengreia? Hev Grosserar Astrup Nasjonens Tillit, naar han brukar Pengar og Stortingsmenn til aa mulebinda fritalande Blad? hev Jakob Sverdrup Nasjonens Tillit? Og Birger Kildal? Og Haugland med Tollkommissjonen sin, og Høgremannen Jakob Stang, Elias Blix, som sette fram Kyrkjelovforslaget, og Ole Richter, som held Tale kvar 4de November, og Gamlen sjølv _?

 

Dei segjer for eit gamalt Ord, at det er ingen som forspør seg.

 

Kanskje der kann vera noko i det, som Johan Sverdrup sa i 1860 _.

 

Parlamentarisk Styrelse opnaar man ikke derved, at man slipper Statsraaderne inn i Tinget, men først derved, at der er nok Kræfter baade til flere Sæt parlamentariske Ministre og til saa duelige Storthingsmænd, at de formaar at optage Kampen med disse parlamentariske Ministre_??

 

 

ugh.

 

 

(Kjem att.)

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum