Kristianiabrev.

Det vilde vera so altfor mykje barnslegt og dumt aa tru, at alle dei, som fyrr hev voret med og arbeid for Maalsaki, skulde halda trutt ut, naar det endelege Knipetaket kom.

Den, som hev trutt det, syner, at han ikkje hev det rette Skynet paa eller den rette Kjennskapen til Utviklingi av ei Sak. Den, som hev fylgt noko med i Madstrævarbeidet her i Landet, hev ogso set, at gilde Menn, som det var trulegt vilde halda seg lenge og gjera stor Nytte, hev streikat og dreget seg fraa. Anten hev dei tykt, det hev gjenget for smaatt elder ogso hev dei komet upp i dei høgre Forhold, der det var ei Skamm aa vera Maalmann. Eg kann berre nemna Menn som Nils Hertzberg og Presten Asperheim.

 

Difor er det helder ikkje so undrande, naar Verdens  Gang  rett som det er tek inn Stykkje mot Maalsaki, anten det so fortel – det var ein Innsendar -, at Telefolket ikkje forstend Landsmaalet, eller det er aa ”maalsplitte” Landet, naar det vert arbeidt for aa gjera Norsken til Skulemaal.

 

Det er ikkje plent so undrande, naar ein ser slikt i ”V. G.” Dette Bladet, som i mange Maatar er so svært gildt, hev nemlig sine veike Sidur det og. Det stend i nært Forhold til Bjørnson, og der er ikkje utrulegt, at dette kunne ha havt Innverknad paa det. Bjørnson vil nemleg, som me veit, setja seg mot Maalstrævet av all si Magt. Dernæst hev Bladet mange Tingarar baade her og ikring i andre Byar, og Byfolket hev ikkje komet so langt enno, at dei forstend alt det store, Maalsaki kann gjera. Eg hev no vondt for aa tru, at Styraranne i ”V. G. i sitt inste Hjarte kunne vera Motstrævarar.

 

Men Bladet burde taka seg iagt, Kastar det fraa seg baade aalmenn Røysterett og Maalsaki, hev det ikkje stort att aa arbeida for. Naar me tek undan Aandsfridomsspursmaalet, er det serleg desse tvo Saker, det gamle (eller nye, um ein vil; Namnet gjer ikkje stort). Vinstre hev aa byggja Framtidi si paa. Slepper det desse, kunne det stræva, kor hardt det vil med det andre, det kjem ikkje langt. Maalarbeidet er komet so langt no, at det ikkje gjeng ann for eit Fremstigsblad av setja seg mot det, um det so er sjølve ”V. G.”

 

So er det ein annan Ting, Oftedølerne held med Maalsaki. Gjev det reine Vinstre tapt her, fær Oftedølerne eit Tak, hvadkre um noko av det andre, dei masar med. Detta er det heller ikkje verdt aa yversjaa.

 

Ja, Oftedølerne ja. Dei heng med her, som dei heng med paa andre Kantar: store Ord og feit Flesk, men lite av det, som duger.

  

Kielland kunde knapt funnet eit høvelegare Namn, paa desse Folk enn det, han kom med i siste Boki si. Kaninnaturen syner seg, kor dei fer fram. I fjor kom dei stille og tok alle so ingen merkte det og forstod aa mulebinda dei forlynde Bladi. Den, som hev noko Kjenskap til, korleis dei Folk for frem t. D. daa dei tok ”Kristianiaposten”, han skal just ikkje faa høge Tankar um dei i andre Retningar. Chr. Brunn sagde eit sant Ord paa eit Folkemtøe nylig, daa han heldt fram, kor duglause Oftedølerne er. Ein skulde ikkje sjaa ned paa ”Kristianialiteraterne”, meinte han, for det var Folk, som forstod at gjera noko. Dette kunne ikkje Oftedølerne. Dei hev komet uppi ei Myr, og der stend dei og skrik utan aa koma nokon Veg. Hadde dei havt ei Sak aa arbeida for, som der var noko tess ved, ei Sak, som hadde Framtid for seg, so maattedei kunne arbeida. For det er nettupp Trui paa ei Sak, som gjev ein den rette Arbeidsdugleiken og den rette Tonen. Men naar dei ikkje hev noko sovore, fær dei og lusker seg fram, stilt og umerkjelegt, til endeleg Tidi er komi til aa stikke Kaninøyro sine fram.

  

Som ved Presidentvalget i Odelstinget. Dei gjekk tuskad og snusad etter, so ingen gav Gaum paa dei, og daa dei fekk Høgre med paa aa kaste Qvam og taka Daae i staden, so gjorde dei det. Det var ikkje Tale um, at nokon av dei hadde sopas Mot, at han stod ærlegt fram i Vinstreforeningi og sagde, at dei ikkje lengre vilde ha Qvam til Præsident, at han hadde dei og dei Veilur og at ein derfor maatte sjaa til aa faa ein annan. Ikkje Tale om Ærlegdom! Nei, løynt og stillment maatte det gjerast, for det er dette, som er Kjennemerkje ”på Arta”, som han segjer, Bjørnson.

 

Kva tru Veljarfolket i Lengdi vil segja til ein sovore Politikk, og kva tru dei vil tykkje um det nye Sambandet med Høgre? Opent Samband med Høgre mot Vinstre, - det var vist meir enn noken Vinstreveljar hadde drøymt um, naar han var med og valde desse Tingmennerne.

 

Ellers er det svært greidt, at Oftedølerne endeleg kjem der dei høyrer heime. Vinstre kann ikkje i Lengdi dragast med dei og ”Nomader” kann dei vel helder ikkje i Lengdi holda ut med aa vera. Derfor er det best dei slær Lag med Aandsbrødrene sine. Dei vert visst vel fagnat der!

 

Visntre hev ogso no byrjad aa syna ”Oftedølerne”, at alt Samband no for vera slutt. Laurdag var det Møte i Tingets Vinstreforening for siste Gong. Lange fraa Kongsberg – Riksretspresidenten – sette fram Forslag um aa uppløysa Foreningen for Skuld det siste Presidentvalet. Oftedølerne var mot, men dei vart tekne hart i Skule av Rektor Steen og Konow (S. B.) og Endalykti vort, at det vart slutt med Foreningi.

 

Det er rimelegt, at det seinare vert skipat eit eiget Visntresamlag av dei reine, men noko visst um detta hev eg ikkje høyrt enno. Men umolegt er det ikkje, tykkjer eg, og kunne dei daa koma til Einskap um eit endefremt og greidt Vinstreprogram, som var noko aa arbeida for, vilde det vera svært so gildt. Dette kann dei gjera no, dei hev fenget Oftedølerne bort.

 

Oftedalsbladi held enno paa med aa setja Garborg ved Sida av Askeland og Hans Jæger. Det er so reint ugjerlegt for dei Folk, som hev med desse Bladi aa gjera, at forstaa den store Skilnaden, det er paa ”Manfolk” og ”Boheimen” elder um det so er ”Kristiania ved Nat og Dag”. Men so skal ein no ikkje venta betre Skyn av desse Folk helder. Dei er styvne i alt, som Bøker heiter og den, som set seg til og les Bokmeldingarne i desse Bladi, vil snart sjaa, at dei Folk er det ikkje meir Raad med. Dei stend i Myri der som i Politikken.

 

Dei tek til aa livna i Kristiania no. Det er Marknadsvika, naavita, og daa kjem det Folk fraa alle Kantar til Byen. For dei som har rigtig god Tid, maa det vera svært gjildt aa koma no i Folkestraumen og sjaa seg um. Det er liksom eit lite Stykkje Noreg, om flyt inn til den danske Hovudstaden for ei Tid, og du fær høyra Folkemaalet, mest i alle Skiftingar, som i Landet er. Det er gjildt, medan det stend paa, dei kalde og turre Byfolki fær litt aa Laatt av Laat og Løgje er der mest all stad. Naar so Straumen gjeng ut av Byen att, hev Kristianai eit livligt Drag ei heil Tid etter, til endelig Unaturen fær Magti att.

 

Bynytt er det ellest ikkje mykje av, som ”Fedraheimens” Lesarar hev Interessa av daa. Ski- og Skeisekaplauping held Ungdomen paa med baade her og der, medan Gamlingarne held seg inne. Og fær dei so ein og annan Gongen noko aa tala um so t. D. Drapet i Skippergata i fyrre Vika, daa ein norsk Amerikanar skaut ein Kutorggut, som klengde seg innpaa Kjærasten hans, ja, so held dei so lenge paa med aa prata um det, at ein vert baade leid og keid. Det er mest utrivlegt alt det Folk kann finna paa aa segja, naar dei fyrst hev fenget Munnen paa Glid og ikkje forstend aa styra han.

 

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum