Spursmaal og Svar.

Kva er ein Skulemeistar?

Lummeutgaave av Presten og Seminarlæraren.

Kva er Presten og Seminarlæraren?

Skuleutgaave av Professoren. Kva er Professoren?

Handutgaave av ein tysk Teolog. Kva er den tyske Teologen?

Utskrift av ei Bok.

Kva er den Boka?

Avskrift av ei onnor Bok.

Kva er den andre Boka?

Ordrag av eit større Verk,

Kva er det større Verke?

Utkok av Røder og Trætter millom gamle einvise Munkar.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum