Albert Jacobsen

Albert Jacobsen ibeit – det var Lykka det ikkje var fyste Gongen.

Han gjekk so kaut og briska seg av, at han kjende alle Løyndomar i Politikken, han hadde Avskrifter av det, som Styre for Vinstrelage hadde skrive upp um Samtalen sin med Statsministaren jamvæl.

Kom fram med det, segjer V. G. Nei ikkje nokor Framlegging, ikkje noko Svar eingong, endaa V. G. mana og mana paa’n. Daa sender Jacobsen Brev til Helge Væringsaasen og bed han hjelpa’n utor Knipa med ei Avskrift.

Men det vilde ikke Væringsaasen, kann du vita.

Og no blir Jacobsen standande som ein Storljugar til Laatt jamvæl fer dei, som ikkje har latt fyrr.

Det spørs, um Oftedal vil hjelpa’n upp att denne Gongen og daa.