Arne Garborg og det sedelege Spursmaal.

Garborg tek ikkje for seg berre Vesaldomen i den gamle Samfundsskikken, han visar oss ogso nye Freistnader til aa fri seg or det gamle.

Garborg hev Tru paa Livet. Han trur ikkje at noko er so flokutt, anna det kan bli ei Løysning paa det. Men han kjenner ogso Livet so væl, at han veit, at nye Tiltak so ofte ikkje vert stort likare enn det gamle. Han veit, at naar det skal skapast noko nytt, som skal staa seg, daa er det fyst paa Grunnlag av Lærdom, som ein fær fraa fleire fyrste Freistnader og Tiltak.

 

Det er Paret Jonathan og Lindner, som syner oss noko nytt. Dei er so langt ifraa stelte fram som noko Mønsterfolk, at der tvert imot fell meir Skugge enn Ljos paa dei.

 

Georg Jonathan var ein Kar med sterk Natur og eit greidt Hovud. Ved Hjelp av vitug Uppaling heldt han seg gjæv Gut, til han var atten Aar. Men daa var det tvo Ting, som førde han ifraa den jamne Vegen.

 

For det fyste arga det han aa sjaa, korleis Samfunde stelte med Ægteskap og sovore, so han heiltupp fekk ein Mothug imot alt, som smaka av Ægteskap. ”Det var eit Spursmaal, um eit intelligent Menneskje i det heile hadde Rett til aa binda seg. _I alle upplyste Land var der ein Lov som sa, at dersom det eine Menneskjet gav elder selde seg til det andre som Eigedom, so skulde den transaksjonen vera ugild; men Ægteskapet var ein slik Transaksjon. Det gjekk ikkje an aa gjera Kontrakt um Kjenslur og Viljar, og det var Tull aa leggja Politiband paa ei Naturmagt.”

 

For det andre kom han ut for ein av Kulturens Vanskapningar, Nina Grundt, som var væn og klok, men hadde mist Kjærleikens Evne.

 

Han miste Trui paa dei ”intelligente Damer”.

 

Sea raaka han paa ”ei Gjente af Folket”. Men ho vart øyelagd, av di ho ikkje var intelligent nok til aa greida eit fritt Forhold.

 

Tilslutt vart han kjend med Julie Lindner. Ho hadde baade Natur, og ho var intelligent.

 

Ho høyrde paa hans Visdom med heilag Tru, daa han lagde ut um den nye Verdi, han spaadde um, den underlege Verdi, daa alle skulde arbeida og alle vera like, so ingen fekk Raad til aa kjøpa den andre, og ingen hadde Naud paa aa selja seg. Og alle skulde ha Upplysning, og alle skulde vita, at Kjærleik høyrde med til Livet so væl som Mat, og at Kjærleiken hadde si rette Tid i dei Aari, som no vart burtøydd i Sedløyse og Sut, fordi Folk ikkje hadde Raad til aa gifta seg.”

 

Dei tvo vart forlikte um aa liva i Ægteskap uta aa lova seg til kvarandre for Live og uta nokor Melding um det til Prest elder Byfut. No skulde det visa seg, meinte han, ”at ei Kvinne kunne klara eit fritt og greidt Forhold likso godt som ein Mann, og daa skulde ein kunne vera gift og fri paa ein Gong, det einaste som gjekk an for intelligente Folk i Lengdi.”

 

Men det synte seg, at eit slikt Forhold var vandt aa greida. ”Alt det, dei hadde ihop, maatte dei løyna og dylja, liksom det var noko stygt”. ”Det er ikkje godt for meg,” sae ho, ”aa gaa slik som eg gjeng, snikja meg til aa vera saman med deg, liksom eg var eit simpelt Menneskje; eg kann innbilla meg so mykje pent og vil, so gjeng eg som ein Syndar likevæl, rædd kvart Menneskje eg ser, at dei skal vita um det; dei eg hadde Selskap med fyrr, torer eg ikkje sjaa, og so maa eg ha Lag med andre, for du er ofte ute”. Men det verste var, um Forholdet til Jonathan braatt kunne slutta, daa han ikkje hadde nokre Band elder noken Lovnad paa seg, og korleis skulde ho daa greida seg for alle Mistankar, Folk fekk til ho; var det so tenkjelegt, at ”der kunne vera ein Mann so intelligent, at han kunne taka meg etter dette og ikkje vera raa mot meg”?

 

Han kunne ikkje staa imot ho, og dei tok Vigsling for Live, og daa kom det upp, at ho likevæl ikkje hadde vore meir ”intelligent” fraa Fystningi, enn at ho altid hadde tenkt seg det so, elles hadde ho ikkje gaatt med paa det.

 

Enno var han væl glad i Julie; men Glansen var gjengen av henne, ho var ikkje Dame; ho var Dotter av ein Hotelvert. Um ei Tid kom han til aa elska henne likso ”pent og lidenskabsløst og pligtmæssigt” som andre Ægtemenn elskad desse bundne Kvinnur; han visste det; han kjende det paa seg”. – ”Ho var ikkje ei fri Kvinne, som han vann kvar Dag, og som gav seg fordi ho elskad; ho var ei Borgarkone, som hadde teket paa seg den Ting aa vera Mor for Borni hans, og som med Loven i Hand kunne krevja hans Elskhug”.