Det reine Vinstre

Det reine Vinstre. Ser ein desse Folki paa nært Hald, skriv Samholds Avis, so maa ein faa den Trua, at Fyremennene der held det for si fremste Sak aa set Regjeringa ibeit, aa klemma uppover, men for ei mindre Sak aa gjera Rettferd nedover.

Sjaa no med Røysteretten. Ja dei er nok ”prinsipielt” for den Saka, men dei skal taka ”Hensyn til Samholdet” og agta seg for det, som kann ”splitte”. Ja soleis talar V. G., naar det gjelds aa gjera Rettferd nedover.

Men naar det gjelds aa klemma uppover, daa er V. G. ogso kaut, daa bryr dei seg ikkje det Slag um Samhalde dei helder.

Naar V. G. var like so god til aa stri fram ei god Sak som aa føra Krig imot Folk, det ikkje likar, so vilde V. G. vera eit godt Blad.