Ein Hestesprengjar for Høgsterett

Ein Hestesprengjar for Høgsterett. Det hender ofte, at den som er mannvond, likevæl er mild mot Dyri. Ein mannehatar er ofte Hesteven og hundekjær.

Det var godt, um ein kunne tru slikt noko um Offiserane vaare, ja at ein kunne tru noko godt um dei, som hev Orde for aa vera so mannvonde.

Men det er sjelda det spørs noko godt um dei i so Maate og. Og det som verre er, dei fær Medhald av Domstolane, naar dei fer aat stygt.

Dentid eg stod for Krigsretten, vart det sagt meg, at det hende seg aldri, at den, som var klaga for den Retten, vart frikjend.

Det ser ut til, at Hestane hev like so laak ein lagna som Folk i so Maate.

Naar ikkje den stakars sprengde Hesten, Bijon, kunne røra eit Domarhjarte, so veit me ikkje daa. Nei ikkje i Høgsterett eingong, dei tenkte meir paa Løytnanten, at det vilde ska ”Respekten” hans, enn dei tenkte paa det arme Dyre.

Løytnant Aas hadde ein gild Hest, men han hadde ein Sjuke, so vituge Folk raadde Løytnanten ifraa aa bruka ’n den Dagen det skulde vera Kappriding 50 Klm. Det gjekk det Orde paa Gardermoen, at Aas skulde ha sagt, at anten skulde han vinna Premi i dag, elder so skulde Hesten stupa. Ein sae soleis det um Morgon, at i dag saag han nok Bijon for siste Gongen, ein annan var so stød paa, korleis det vilde gaa, at han sae, han vilde gaa stad og sjaa Løytnant Aas ”slagta Hesten sin”.

Daa Løytnanten hadde ride 4 norske Mil paa mindre enn tvo Timar, orka ikkje Hesten meir, og Folk sae aat ’n, at han maatte slutta. Men Løytnanten hadde ikkje Hjartelag for anna enn Premien og berre piska paa det meste han orka, til dess, at det gjilde Dyre var sprengt.

Tri Domarar i Hgøsterett vilde døma Løytnanten, men tri andre og tvo Offiserar tok han fri, daa dei fann, at ”tiltaltes Adferd ikke fylder det Maal, som Straffelovens Kap. 23 § 19 opstiller”.

Av dette bør dei norske Kavallerihestar lera, at skal dei faa Rett paa ein Offiser, maa dei taka Retten sin sjølve, naar dei tykkjer, at dei ”fyller Maale”, som Juristane med sine Lovkrokar aldri fær fullt, naar det er det um aa gjera.