I Stiftsgarden, Fraa Arendal.

I Stiftsgarden og Kaninposten blir dei no meire unionsvenlege enn sjølve Storsvensken.

I Sverik gjorde dei Grunnlovsforandring um dei diplomatiske Saker. Det same vilde Sverdrup ogso fyrr, og det gjekk Vedtaka i Vinstrelagsmøta ut paa ogso baade i fjor og iaar.

Men no torer ikkje Sverdrup lenger. Lat oss spyrja Svensken fyst um me fær Lov; det er fyrst og fremst ei unionel Sak, segjer han no.

Spyrja Svensken, um me fær Lov til aa gjera dei same Endringar, som han althev gjort uta aa spyrja oss.

 Slikt er aa standa til, at Svensken er den, som raar Unionen.

Johan Sverdrup gjer alt til aa smeikja Kongen, som snart kjem til Byen. Folk trur nemleg, athaner fælt ”unionell” elder svenskevenleg.

Og so ser væl Sverdrup etter det nye svenske Statsraadet og kanskje, som er mindre frilyndt enn det gamle.Bildtheiter Statsministaren no.

Fraa Arendal og Grimstad hev dei valt ny Stortingsmann, daa den rette var dømd Statsraad og ubrukeleg, og Varamannen sjuk. Den nyvalde heiter TollinspektørChristiansen. Det var dei same Valmennene som fyrr, so me veit at den nye Tingmann er rein Høgremann.