Samlaget million Tyskland, Austrikje og Italia

Samlaget millom Tyskland, Austrikje og Italia spaar det Krig eller Fred?

Dette er no det store Spursmaale i Evropa.

Samlage gjeng ut paa det, at um Russland byrjar Krig imot anten Austrikje elder Tyskland, so skal baae Landi leggja imot med all den Hermagt dei hev.

Soframt det er eit anna framandt Rikje, som byrjar Krig mot det eine av desse tvo, so skal det andre i det minste ikkje hjelpa Fienden.

Italia skal ogso hjelpa til, naar det gjeldst Frankrike.

Fyrr hev Bismarck sagt, at det var eit faarlegt Spil, som tydde paa, at Krigen var nær, naar slike politiske Aktstykkje vart lagt fram for Folkeaugom.

Men no nyleg hev Bismarck halde ein Tale i den tyske Riksdagen og spaatt so fælt godt for Freden. Han litti ikkje noko paa det, at det vart preika Krig i den ryske Pressa, Aviser heldt han berre for Papir fulle av Boktrykkjarsvorte, nei dei litte han meir paa Keisaren av Russlands eigne Ord, og han vilde ha Fred. Dei Hersamlingane, som Russland for med ved Vestgrensa si, trudde han helder var noko aa bli rædd for. Det var helst det orientalske Spursmaal, Russland tenkte paa ved desse, um so var. Samlage med Austrikje hadde Russland vist um for lenge sea, og naar det no vart lyst upp for hele Verdi, so var det berre til aa gjera Folk trygge. Og Tyskland aaleine berre er no so sterkt, at det kann stella ein Million Soldatar ved Austgrensa, ein Million ved Vestgrensa og endaa ha att ein Million andre Stader. Og dette kann ikkje noko anna Land gjera etter oss, dei hev ikkje Offiserar nok eingong. Og skulde noko koma paa, so viste Folk det, at Tyskeren hadde Age for Gud, men ellers ikkje for noko i Verdi. Vart det Krig, so vilde Gud halda med Tyskeren, meinte han.

Det er no ikkje godt aa vita, um ein slik gamall Rev som Bismarck meiner alt han segjer.

Ein fær vona det beste, men bu seg mot det verste.