Stortingsmann W. S. Dahl

Stortingsmann W. S. Dahl heldt paa Gjøvik eit politisk Fyredrag, som det var mykje Vit i, endaa han ikkje vilde ha Sverdrupane utor Styringi.

Men han sae det, at det kann kvitta mest eit, korleis Styringi er, for det er ikkje ho, som skal styra, kor som er. Nei det er Folke det, som skal styra. Rett sagt Dahl, men trur du ikkje det, at dette gjekk ein Mun lettare daa, naar me hadde ei folkeleg Regjering og ikkje ei slik, der Ministaren segjer, at det var raalaust aa styra, naar heileFolket skulde vera med?

Han gav Kaninane fri Skuring – det hadde dei godt av- han fann berre, at Kielland hadde gjeve dei for fint eit Namn.

Stakars Framgang maa suga i seg alle desse sure Ordi hans Dahl og laast vera like blid.