Til Fedraheimen

Til Fedraheimen. De var eit Paafund at du tok Skierne paa og drog te Fjells midt paa myrkaste Vinteren.

Eit slikt Karsstykkje vil kje torast av ein blaut Byslask. Men friske Fjellgutar dei er vane me te rusla ute, trass at Flisa sprakar i Bakken.

Ska nokot berga oss ut or den Filledomen, som har kasta seg paa Folk i denne Tia, so maa de vera den Fjellguthugen.

Huf Gut, det maa vera ein kald Gufs ned gjenom heile Dalen, naar Fedraheimen kjem ranglande kvar Vika me Eimvogna. Eg meiner Prestekararne dreg Pelskragen up um Øyro og kring Nasatippen den Dag, han svintar framum.

Men me ska tru, her er so her, og der inkje saa lite av dei som fær Angen av frisk Furuskog, daa Fedraheimen titta innum Dørene. Her i Byn fær Snjoen Farge av gulbrunt, - Blai fær sit Snev av sama Leten. Me gjeng i Surpa paa ei Vis.

Dei vonar um, at Tinge ska dundra lite, at eit Solglytt fekk kasta Ljos i de svarte Styre. Eg er gamall og vantruen paa dette.

Kaninmagta hev korsfest de gamle Vinstre fraa 9de Juni. Kaninblada steingryter alt de som tek seg av reint Frisyn.

Difyr e de liti Von um Klaarver enno. Men alt e ’kje daut enno, og alt er ’kje sjukt som friskt har vore fyrr. De er nokre Gneistar igjen av den gamle Varmen.

Blaas i dei so hart du kan, Fedraheim, so kanskje me enno, fyrst ei Ti e lidi, kan sjaa den blanke Logen som brann so klaart, alt te der sat Kaninar i Kongsgarden.