Vinstrebladi

Vinstrebladi veiknar so av i Politikken no, at ein mest maa raa Folk ifraa aa løysa Vinstreblad.

So er det nokre, som vil vera likare og kallar seg radikale, men fleire av desse er umaateleg raae, slike som Mikkel og Rodhuggerent. D. skikkelegt Folk bør ikkje hysa slike Blad. Det er likevæl eit, som me vil leggja eit godt Ord inn for, og det er Social-Demokraten, som kjem ut tvo Gonger Vika og kostar 1 Krone Fjordungsaare. Endaa me ikkje er Sosialistar beint fram, likar me det Blade, fordi det er greidt i Politikken og ein ærleg trugen Ven av Arbeidaren. Og det vil daa noko det Blade, noko ein ikkje kann lova dei fleste Aviser for, som berre ligg og rotar i den endelause Røra.