Ymse domar

Ymse Domar. Naar eit vitugt Menneskje raakar ein, som hev nye Tankar og nye Livssyn, segjer han.

”Der kan eg læra noko nytt”.

Naar ein Teolog raakar burti slike Høve segjer han:

”Du er af en anden Aand end mig”; han tek Hatten og gaar sin Veg.

Naar ein Pletist møter eit slikt Menneskje, som hev ei annar Meining enn han sjølv, so segjer han:

”Bed til Gud du Vennen min, at du maa faa den Helligaands Upplysning, so vil det detta eit Skjel fraa Augo dine, og du vil tenkja som eg”.

Kyrkjefolke segjer:

”Han maa vera eit Svin og ha mange Synder paa Samvite som kann ha slike Meiningar”.

Sterktruande Bønefolk segjer:

”Fanden rid honom”.