Brev.

Gode Fedraheimen. Du veit eg tigjer helst, naar du skriv um meg, anten so eg tykkjer du skriv godt elder galet. Men der var noko i No. 6, som eg vil skriva eit Par Ord um lell.

I Kristianiabrevet sitt gjer Stavnheim ein Skilnad millom ”Mannfolk” og ”Kristiania-bohêmen”, som er godt meint og skal vera til min Bate, men som eg ikkje kann godkjenna. Der er Skilnad i Maaten, veit du; men i Meining og Tanke ligg dei tvo Bøkerne so nær kvarandre, at dersom ikkje Jægers Bok var komi fyrst, so hadde ”Mannfolk” blit mykje meir ”Bohême”-bok enn ho no er.

Stavnheim tenkjer paa alle dei Godtfolk som trur, at Jæger vil innføra aalmenn Seedløyse og so vil han, at desse Godtfolk iallfall skal tru betre um meg. Eg trur at Sanning lyt vera Sanning; men til dei som er so snare til aa tenkja vondt um anna Folk, vil eg segja ein aalkjend Ting: ein dømer seg sjølv ved aa døma andre.

Ein dømer nemleg andre etter seg sjølv. Den, som er so snar til aa tru, at andre er Djevlar, han maa kjenna med seg, at berre han torde sleppa seg laus, so vilde han sjølv vera med i det Laget.

Skal De ikkje snart slutta med denne Raaskapen, Godtfolk?

Tenk, berre ein Mann segjer noko, som de ikkje strakst forstend, so trur de, at han vil det vonde!

Hans Jæger f. Eks. De kjenner han ikkje, hev kanskje ikkje set han ein Gong; og endaa trur De det strakst, berre De høyrer det han vil Sedløyse! Skulde nokon høyra slikt? Kunde du vilja ein slik Ting?

Elder eg, f. Eks. Folk, som ikkje kjenner meg, - aa ja. Folk, som kjenner meg og, - dei trur, at eg, vil Sedløyse! Den same Sedløysa, som eg hev skildrat so svart og stygt som eg berre kunne, den vil eg ha innførd! D. v. s. eg vil ha meir av ho, enn me alt hev!

Dei trur det!

Det er det, eg strævar for. Det er det, eg ofrar mitt gode Namn og Rygte for, og Levebrød og Mynt attpaa. Eg vil ha aalmenn Griseskap; det er det, eg vil!

Eg hev unge Brørar; dei vil eg skal leva som Svin og døy deretter. Eg hev ei Syster paa syttan Aar; henne vil eg ha prostituerad. Eg er nygift Mann; Kona mi vil eg ha i Henderne paa kven som lyster.

Dei trur det; Gud hjelpe meg gjer dei ikkje det. Some er der væl og, som hev Bruk for aa tru det, -

- Eg kjem til aa minnast det Herrens Aar 1878. Eg var Styrar av Fedraheimen og skreiv um Aandsfridom. Me burde ikkje møta Tankar med Skrik og Censur, meinte eg, um det so kom ein og foreslo, at me skulde gje nyfødde Sjuklingar Rottekrut.

Daa sa dei kjære snilde Godtfolk, at Arne Garborg vilde innføra Barnemord! Det var det, han vilde; nyfødde Barn skulde ha Rottekrut! Ja daa. Ei heil Stund dreiv dei paa med dette. Det aalvorlege Fædrelandet brukad det endaa som Mot-Raad mot Bladet mitt; Folk maatte ikkje lesa eit Blad, som vilde innføra Barnemord! sa det.

Ishh, ein kann bli so lutende lei stundom.

Naa; det er i Grunnen for dumt til aa snakke um.

* * *

Du sjølv skreiv um Bjørnson og Ibsen, at dei i Utlandet gjeld for danske og svenske. Men det kann vera det sama, segjer du; me hev Vinje og Garborg.

Gode Fedraheim! alt til si Tid. Skjemt kann vera godt stundom, ikkje altid, og segjer du, at det ikkje var Skjemt, so er det Kjyt, og det er verre. Kaute bør me nok vera, men ikkje meir enn maateleg. Det er best aa lata sant vera sant og takka for det; som er Takk verdt; Noreg var ikkje vida kjent hadde me ikkje havt Gutar som Ibsen og Bjørnson.

Lat oss ikkje faa meir av slikt, er du snild. Det batar ingen og minst oss sjølve.

* * *

Eg nemnde Bjørnson; - han vert svær han no, tykkjer eg.

Fleirgiftet hev han gjort Ende paa i heile det sunnanfjelske, veit du, og fekk for dette sit Ov-Verk so mange Fagnad- og Hurrarop, at ”Verdens Gang” hev kanskje havt meir en nok med aa halda Bok yver ………….

Og no skal han i Veg med Maalsaki, ser eg.

Han likad godt ”denne lille rislende Fjeldbæk i vor Udvikling” eingong. Men Meiningi hev naturlegvis altid voret, at hans Maal skulde vera Framtidsmaalet, og so fær me sjaa aa gjera Aalvor av dette no, meiner Bjørnstjerne Bjørnson.

Han hadde sagt det sjølv, fortalde dei inni Byen – naar Fleirgiftet var tynt, skulde Maalsaki til. Og han er alt i fullt Arbeid.

I ”Verdens Gang” skriv han mot Maalsaki anonymt. Me kjenner Melodonten -: ”maalsplitte Landet paa kunstig Vis”. ”Verdens Gang” læt seg bruka; det er Bjørnstjerne Bjørnson maatru. So læt Kaninposten seg bruka av gamle Sverdrup.

Her i Dag fekk eg sendand eit lite Hefte: ”Til dem, som forkynner eller lærer i det norske mål” av B. B. Heftet inneheld nokre Stykkje, som B. B. skreiv i Dagbladet ifjor mot ”Bondemaalstrævet”; Forleggjaren er vaar gamle kjende trufaste Maalven Olaf Huseby, han som ikkje kann tena Pengar med Maalbøker hugsar du.

Dette Heftet med desse Bladstykkje, som er eit Uppkok av gamle Knud Knudsen, skal kanskje slaa Hovudslaget i denne store Strid. Knud Knudsen hev daa og utfylt og liksom sanktionerat Boki med nokre Stykkje under sitt eiget Namn og Merke.

Det vart skrivet mot B. B. i fjor; og det i det same Bladet, han sjølv skreiv i. At B. B. ikkje hev teket desse Motlegg inn i Boki si, kann eg forstaa, han finn, at det er nok, naar Folk fær vita hans Meining. Maalvennen Huseby hev ikkje gjort noko han helder, for aa faa Motlegget ut; han er væl so gild av, at B. B. brukar Indtrønderbrevet hans til Autoritet liksom, at han ikkje hev sansat meir stort.

- Ja – ja, Folk! de fær klemma paa, naar de endeleg so synest! Det er ei Bakslags Tid; alt, som er slapt og daudt og unorsk breider seg og trivst; dei me heldt gjævast, svik og sviktar; halve Storthinget er Kaninar og Nomader, som gjeng og snusar etter kvar Vind, som blakrar og blæs; - tenk, um de kunde faa Framgang! So mykje kann ein segja kanskje, at skal Maalsaki falla, so er det rimelegt, at ho fell for tri slike nasjonale Karar som B. Bjørnson, O. Huseby og O. Thommesen, naar dei slær seg i Lag, og det endaa um B. B. i denne Saki berre er K. Knudsen i Stuttmaal. – Men me Maalmenner fær nok stræva enno ei Stund me.

Arne Garborg.