Eit og annat fraa Vestfold.

Bjørnson hev no haldet Fyredrag i Larvik, Sandefjord, Tunsberg og Horten. Alle Stader hev dei fagnat honom vel og fylt Huset.

Fraa Landsbygderne hev det støtt voret mange Folk. Fyredraget hev teket alle med seg, jamvel slike, som peip daa han foor her sist. Dei unnte honom fulla Pip no og, men det er Uraad aa faa det til. Det er ikkje det, at alle med ein Gong lyt samstavast med Bjørnson. ”Inngifte” er ikkje godkjent i Praksis av alle, og so er det fulla ymse Meiningar um det og. Og dei kjem tidare opet fram enn fyrr. Um Kyrkja og Skule sagde han ogso ymist, som ikkje hadde Mangmenningen med seg. Men likevel var det berre Fagnad og Vellæte. Det store Hjartelaget hans og det ungdomsfriske Aalvoret gjorde vist mykje til detta. Folk lyt halda av honom og med honom, naar han stend der so frisk, glad og trygg, endaa han peikar paa mangt, som er til Meins.

Eg tryr no elles det, at Folk hev vakset ifraa Barnetrompetar og Skoddelurar. Slike Sjauarmøte, som det vart haldet fyr nokre Aar sidan, er dømde, og dei kjem ikkje att.

* * *

Maalsaki – korleids ho stend her, veit eg ikkje stort um. Daa eg kom hit, var det nokre Gonger Høgremenn skulde prøva, um dei kunde faa Folk til aa læ aat norsk Tale, men det gjekk ikkje. Sidan hev det voret ”klokt” aa aldri lest gaa. I Amtstinget hev Tjømøpresten havt aat Folkehøgskueln fyr ”det Maalet”. Ingen hev svarat. Det hev voret sagt, at ingen brydde seg um Snakket hans, og det trur eg var sant.

Maalsaki er daa inkje den største Syndi aat Folkehøgskulen. Men det med det andre er Synd nok. Eg høyrer, at det ute i Bygderne skal vera mykje Tale Mann og Mann i millom um Maalreisningi. Er det sant, so er det vel. Naar eg sumtid er ute og ferdast, er det, som ingen gaadde, at eg brukar det norske Maal. Og soleids likar eg det best. Barneskularne her er litet komne i Lag med aa bruka Maalet aat sjølve Barnet. Og det er ille. Eg veit ikkje med Vissa meir enn ein Prest, som gjer nokot fyr detta. Det er Sønnichsen, Ramnespresten.

* * *

Folkehøgskulen ja, um eg vinn halda paa med honom, veit eg ikkje onnorleids enn etter kvart. Tilskot av Amtet er det ikkje aa tala um fyr det fyrste i minsto. Han hadde det eit Aar – 800 Krunur av Amt og Stat i Hop. Det var Amtmann Michelet aa takka fyr det. Han var i den Saki so hæv og greid ein Kar, som ein Mann kann vera. Fyrst tugtad han Skuledirektøren, og so tok han nokre Høgremenn med etterpaa. Det var litet rimelegt, at det kunde henda ein Gong til. Dei tvo næste Aari var daa helder ikkje Michelet med i Amtstinget.

Eg vilde so svært gjerne halda paa; naar berre eg kunde. Det er godt To i Folket, det er berre, som ventande kann vera, litet framkomet i mange Maatar. Dette Amtet hev ikkje voret ”Grevskaberne” fyr inkje.

* * *

Preste- og Embættesvelde tyner Fridomshugen i Folket meir enn dei fleste andre Stader. Det braakar ikkje detta Veldet, nei so stilt og so lognt tek det Magti fraa Folket. Det er godslegt og godlyndt aa sjaa og høyra til. Det lagar seg etter Folket i so Maate og styrer og raader, so ein snaudt veit det. Filt, Filt!

Embættesmennerne hev rivet Sinnet og Braadhugen av seg, naar dei kjem hit. Til Fjells, nordpaa elder paa Vestlandet hev dei lagt det atter. Og so er dei dugtege Menn og – yver Jamnen daa.

So ulike Embættesmann og Aalmugsmann er i Tenkjemaate og Vilkor, er det rimelegt, at dei fleste av dei gjer mest Gagn, naar dei vekkjer Strid og Ordskifte, Paa den Visi kann dei hjelpa fram det, som ligg i Folket – mot sin Vilje, men det er det same. Paa slik Vis hev Embættesmennerne mange Stader gjort Folket sjølvstendige baade i Politikk og annat.

Eg ser det i ei av Bygderne her. Det kom ein Prest paa Vestlandet, der han hadde ruskat paa baade i Skulekommissjonen og elles. Det var ikkje so rett og godt alt han foor med, det var Lygn, um ein sagde det. Men han vakte baade Ordskifte og Tankar. Daa han kom hit til Vestfold, hadde han baade Sinne og Braadhug, og han vilde ikkje taka etter sine ”Kallsbrødre” helder. So ruskad han paa. Men det hadde Bygdi godt av, det ser ein vel.

Politikken – den, som hadde eit godt og vitug Ord til aa greida upp i den! Vestfold hev Stortingsmenn, som høver. Bra Karar alle fire! Og dei møter med fire Synsmaatar og, det kann aldri betre gjerast det. Etter det eg skynar og veit, hev det endaa aldri voret eit greidt og einstøyt Stortingsval fyr Vestfold. Det skulde vera Moro aa sjaa 4 greide Karar, som kunde samstavast paa Vestfoldsbenken. Storm og 3 greide Bønder! Det vilde vera ein Vinning, um Bønderne kom fram her. So lenge dei ikkje fær prøva seg, vert det ogso liten Dugleik millom dei. Det er fleire Bønder, som eg trur det var lovande Tingmannsemne i.

Men detta er fulla berre Draumar fyr det fyrste!

Anten vinn Høgre heilt, elder ogso vert det nokot av kvart – som fyrr.

Oddmund Vik.