Fraa Kristiania

skriv han Per Maandagskvelden aat oss:

Eg tenkjer du skulde ha moro av at vera her no med dei driver med uppgjere i poletikken. Det ser underlegt ut og ingen veit vel kva enden vert; eg er rædd gammeln kjøyrer dei i ring heile hopen. Vinstre er sprengt, det er minst tri hopar av dei, oftedølerne, reine og ”bønderne”. Oftedølerne er det no ikkje mange som spør noko um, og dei andre kunde raa grunnen, vist dei vilde staa einige saman. Dei reine hev skipa si eiga foreining med Steen, Qvam, Ullmann o.s.v. i spissen, dei ska vera 32 mann stærk. Herrope vil dei ha Jakob Sverdrup ut og Steen inn i raadet. ”Nomaderne” eller bønderne med Løvland og Rinde i spissen har 16 innskrevne menn. Liestøl, er med desse. Denne flokken meiner det, at det kann lite gagna aa byta folk ved kongens raadsbord vist det ikkje kan vera sikre paa at det nye raad vil styre i meir demokratisk Aand enn Sverdruparne til no hev gjort, rettvende embedsstandet og fyrst og framst hevda den gamal-jaabækske sparepoletiken. Underleg nok er Bleer med i denne flokken. Utanum sleng det so einkvar som ikkje er innskreven nokonstad. Sveinson t. d. Det hev vore arbeide paa aa faa samhaldet fram att innum det opposisionelle vinstre, men det gjeng seint og traatt og ennskapen vert vel at Sverdruparne rekonstruere ministeriet med sine folk og driv det til det, at dei ved aa halda striden gangendes kann faa sitja i ”magtens sæde” heilt til det at høgre etter nye val vinn att den plassen, som dei miste for 4 aar sedan. No ja, eg skulde ikkje plent mislika dette, eg trur, at me daa skulde faa betre høve enn no te aa arbeida fram ein god grei radikal poletikk, ein poletikk, som bær krave sine ende fram og ikkje gjeng utanum for kvar liten bøyg, som kjem i vegen.

Det gamle vinstre er i uppløysing, det har kanske og gjort sitt verk; folk, som partiet hev lita paa, fell fraa. Sverdrup er vorten exelence og bær seg plent som exelencer plar gjera. Haugland tok munduren og burte var han. Alb. Jakobsen! ja lukke paa resa med han. Men det er folk att og folk vil det koma te, som kan taka upp vor poletik, ein radikal – norsk – poletik; det er nu den, som hev framtidi for seg.

Statsraademner er det mange av. Snart vert ein nemnd, snart ein annan, det er vel rimelegt at raadet vert fuldtalligt att um nokre dagar. Det er vist nok av dei, som gjerne vil hava statsraadlønningi ei stund og sedan, naar dei er sette utanfyre, mjølke statskassa og liva som pensionistar med 6000 kr. um aaret. Men det vert fulla slut med slik storlevna no. Rinde hev komet med forslag um aa draga inn pensionen til Dahll og Daae, som var statsraadar berre ei lita rid og som enno er arbeidsføre karar, og um aa setja ned etterløni for dei andre avdankade raadarne, som me hev, til 3000 kr. um aaret. Dette forslaget tenkjer eg maa ganga. No da dei 3 raadarne her um dagen vart køyrde paa dør, fekk me ein ny vartpengedragar. Astrup og Kildahl er pengesterke karar og ville ventelegvis sjølve inga naadeløn ha, men Arctanderkom paa berr bakke og skal ha sine 6000, til han kjem i embæte att, hell stortinget annleis fastsæt. Det var skade han ikkje gjorde full aalvor og gjekk ihuast, daa dei melde ministerkrise; so vidt eg veit var dentid lensmansstillingi i Hadsel ledug; han kunde daa ha fengje att det levebraudet han hadde, fyr han vart statsraad, og statskassa sluppet endefram aa livnære han; men det maa vel no og snart kunne bli tom einkvan lensmans-skrivar hell futebaas, som han kunde faa. Det hev elles vore snakka um, at amtmann Aubert skulde rykkja fram aa taka statsraadkrakken i indredepartementet og Arctander bli amtmann i Nordland. Aubert ha vore og er vel no og rimelegvis høgremann, men slikt er det no vel slikt slag med. Berner skal dei og ha tænkt paa te udenriksminister, men han skal ha svara nei segjer dei. Berner hadde vert hellest vorte ein bra styrar ei stund i departementet, han er kar som vil styre sjølv, og han vilde vist ikkje lata departementsfolke styre han, slik som det no vistnok ofte ha gjenge fyr seg. Godseiger Wankel ved Moss skal og vera spurd, men han skal ha svara nei; likeeins Sivert Nielsen, som ellest er sjuk og ikkje fuldfløi længer. Alb. Jakobsen hev ikkje sagt nei, men han er heller ikkje spurt, stod det i bladom; men no hev dei havt bau etter broren Oskar, han som er amtsingeniør i Hedemarken, og han skal ha sagt ja, og kongen skal ha ”accepterat” han, staar det i Dagbaldet ikveld. Steen vil nok korkje Sverdrup hell kongen hava, og like so umogelege er nok alle ægte vinstrefolk. Verdt ikkje vinstre einige og setjer hart paa er det nok rimelegt, at det nye styre vert eit blandings eftedølskfuskevinstre-høgre styre.

Men det kan hende mangt utenkt.