Kjære Fedraheim!

I No. 5 reknar du meg med til dei vikværske ”Forbudsmenn”. Men det er ikkje so.

Her nede vert eg ikkje reknad med til dei. I fjor slost eg imot den Forbudsgreida, og sidste Haust stod eg paa tri mangmennte Møte i Stavanger og ordad imot.

Men du hev seet paa det sidste politiske Møte i Sandefjord, der ”Forbudssagen” var framme. Der tok eg ikkje upp Ordskiftet, men eg sagde fraa um mine Synsmaatar. Saki var daa ogso lagt fram paa ein slik Maate, at alle Avholdsmenn kunde vera med. Og Vedtaket var format og uttydt so, at slike som eg godt kunde røysta fyr det.

Mitt Syn er stutt aa segja detta. Forbudslov fyr det heile Land skal me ikkje hava. Um det var Raa daa faa henne, so vilde ho gjera meir Skade enn gagn.

Derimot vil eg, at Staten skal taka alle Innkomurne av Rusdrikken, men so skal Bygd og By avgjera, um dei vil hava Utsal eller ei. Det er detta dei kallar Statsmonopol, trur eg.

Daa vil ingen By beda um Utsal fyr Inntekti si Skuld. Men no er det slik, at Byarne gjennom Rusdrykken legg baade Byen og endaa meir Bygderne ikring i Skatt. Det er mest Uraad, at ein By kann dryfta dette Spursmaalet saklegt. Men tek Staten alle Inkomurne, vil ingen Kommune hava Utsal, utan det synest sunnt og naturlegt. Det vil koma mykje Skil utav det Monopolet, men den vil vera god, trur eg.

Denne Vegen peikar ogso dei Loverne me fyrr hev um denne Sak. Dei vil lata Bygd og By raada seg sjølve, men det vert ikkje til nokot, so lenge Byarne gjennom Samlagsgreida tener so mange blanke Skillingar paa den rusande Drykken.

Kodal den 6te Febrar 1898.

Oddmund Vik.