Kristianiabrev.

18. 2. Det var folksamt i Tinget i dag. Alle, som kunde koma til, gjekk avstad, for no maatte det vel verta noko aa høira paa. Idag maatte vel Johan Sverdrup ha noko aa segja.

Konow (S. B.) hadde nemleg i Møtet Torsdag var sett fram Forslag um at Statsministaren skulde koma i Tinget og segja fraa, um det var sant, som det vart sagt Mann og Mann imillom, at Statsraadarne var usams seg imillom. President Steen var kunnug um at dette vilde koma fram og han lova daa segja fraa til Statsministaren, og det var trulegt at noko maatte kunne verta gjort til idag.

So kom Gaarsdagen. Statsraadarne hadde Møte paa Slottet i 4 Timar, og Endelykti vart, at Astrup, Kildal og Arctander fekk Avskil fraa same Dagen som Kongsraadar.

Straks dette vart kjent ute i Byen spreidde det seg til alle Kantar, og alle Folk tok til aa tala um det. Desse tri hadde voret usams med Sverdrupskararne og dei andre og difyr skulde dei ikkje faa Lov til aa staa fram i Tinget og segja si Meining. Dei skulde tegja.

So langt hev me komet i Politikken vaar. Sverdrup hev sveipt seg inn i so mykje Snak og Løyndomar, at han ikkje torer staa fram og fortelja, korleis han hev boret seg aat, naar dei, som er usams med han, fekk Høve til aa segja han imot.

Dei fekk Avskill dei tri, fordi Sverdrup kunne faa segja, kva han vilde, utan at nokon legg mot han.

Dette er det same Ministerium, som i 1884 vart skipat for aa bera fram Fridomsarbeidet vaart.

Hardstyre er rette Namnet!

Det segjer seg sjølv, at utanum Kaninarne var alle Vinstremenner harme paa dette. Kaninarne gledde seg svert dei, saag det ut for, endaa det vert vel so ymist. Nokor Hjarteglede kann det ikkje vera, soframt ein i det heile kann tala um politisk Hjarteglede hjaa Kaninarne.

Idag skulde altso Sverdrup svara paa Spursmaalet hans Konow. Difor strøymde alle Folk til for aa høyra. Kva tru han no freistar tullar seg burt i?

Men inkje Svar. Statsministaren maatte faa ei Vike til aa tenkja seg um paa. Stillingi hadde vorti ei annar no, sidan dei tri var gjengne av, og difor kunne han ikkje gjeva Svar med det same. Endelykti vart, at alt vart sett ut til næste Laurdag. Dessutan skulde Stortingsfolket faa Kjennskap til dei Protokollane, som var førde i Statsraadet igaar og i Haust, daa dei same Statsraadarne vilde gaa av, men vart haldne attende av Kongen, som vilde, dei skulde staa til Tinget kom saman.

Ifjor skreik Kaninbladi so upp um, at det vilde vera uparlamentarisk um nokon Statsraad gjekk ut, so lenge Tinget ikkje sat saman. Daa bles Stiftsgardsvinden fraa den Kanten. No daa Tinget sit saman, fær dei Avskil so snøggt, at dei ikkje fær Høve til aa sjaa, kva Tinget vil segja. Stiftsgardsvinden blæs fraa ei annar Leid no, maavita. Kaninbladi er sjølvsagt med paa dette og. Det er ikkje Tale um Yvertydning hjaa dei Folk. Samanheng o. likn. stend ikkje i deira Ordbok.

Elles so er det vel ikkje vondt aa finna Folk, som kann taka inn Plassarne etter desse tri Kararne. Ingen rein Vinstremann gjeng inn i Styringi, so lenge Jakob stend der, so av dei vert det ingen. Men ein hev Folk som H. E. Berner, Kapt. Jakobsen, Jørstad m. fl., so det er ikkje Faare for, at Sverdrup skal koma til staa raadlaus. Berner vilde no høva so reint godt saman med Johan, og Jakobsen med Jakob Sverdrup. S. Nielsen hev voret mykje paa Tale han og, men han er sjukeleg av seg, og dessutan skal han nok vera sams med dei reine i dette Spursmaalet. Johan Sverdrup skal i det heile ha skræmt han til dei reine. Naar ”Folkets Avis” set han upp millom dei, som utanvidare vil hjelpa Sverdrupkararne, so tek dei stygt i Mist, likso stygt som naar det t. D. gjer Liestøl mistytig med Oftedølen Lindstøl. Liestøl er altfor norsk, altfor mykje bonderadikal til aa vera Oftedøl.

Ja, det kann mest vera det same, kven det vert, som kjem inn i Raadet att. Fullgreidt vert det ikkje, fyrr me me fær Johan Sverdrup burt. Somykje maa ein ha set nokon kvar no.

*

Dei var ikkje glade alle Vinstremenn, daa Johan Sverdrup i 1884 gjekk inn i Kongsraadet. Eg høyrde nyleg fortelja um ein av dei mest klaartenkte Vinstremenner i Kristiania, at han vart reint motfallen, daa han høyrde Sverdrup vart utnemnd ”De Folk, som gaar der og jubler nu”, sagde han, ”de vil om totre Aar vera med aa fordumme den same Regjering”. Og um ein av dei gjævaste Bønder, som hev sitet i Tinget, gamle Enge nemleg, er det ei kjend Sak, at han var misnøgd. Gong etter Gong uttalad han: ”Johan Sverdrup i Kongens Raad er Johan Sverdrup tabt for det norske Folk”. Mange var dei, som lo aat desse Ordi og fann dei meiningslause; men Ettertidi hev synt, at han saag klaart. Johan Sverdrup, som fyrr aatte Folks Kjærleik meir enn nokon annan, hev i dei siste Aari stelt seg soleis, at han ikkje lenger er aa lita paa i nokon Ting. Han forstend enno aa snu og vrida seg fraa baade dette og hitt, som han fyrr hev sagt; men for kvar Gong minkar ”Tilliten”.

Dei siste ”Afsløringer” um Hamarvedtaket er talande i so Maate. Styringi i Norges Vinstresamlag, Qvam, Lindbo, Hjorth og Helge Væringsaasen hadde Samraad med Statsministaren um kva ein burde gjera i Unionsspursmaalet. Statsministeren heldt daa ei lengre Utgreiding for dei, og den einaste Utvegen, han saag, var at me maatte ”tage Sagen i vor egen Haand” og faa ei Brigding inn i Grunnloven. Ein av desse Kararne spurde daa, um han hadde forstadet Statsministeren rett, naar han meinte denne hadde raadt til aa framsetja Forslag um ei sovori Brigding. ”Min Mening er rigtig opfattet”, svarad Stastministeren!

I Samhøve med dette gjekk daa desse Kararne avstad og fekk i stand Hamarvedtaket. Naar Sverdrup var med paa det, vilde det sjølvsagt verta ei Samlingssak for Vinstre.

Men, so kjem Etterspilet.

Ikkje fyrr var Hamarvedtaket gjort, fyr Sverdrupsbladi byrjad arbeide mot det. Statsminister Sverdrup var mot det, heitte det daa, og dei fire Kararne hadde misforstadet han.

Og paa Grunnlag av dette hev so Skindfeldpolitikken strævat og arbeidt mot Hamarvedtaket. Kaninbladi hev skrivet Spalte upp og Spalte ned for aa syna, kor meiningslaust dette Vedtaket var og kor lite det stod i Samhøve med Sverdrups gamle Politikk. Og paa den Maaten hev dei freistat aa faa inn Fuskepolitiken sin her som allstad elles.

Men so i desse Dagar hev dei fyrre nemde Menn endeleg set seg nøydde til aa kunngjera den Samtalen dei hadde med Sverdrup. Dei tri – Qvam, Lindboe og Hjorth – hadde skrivet han upp straks og Væringsaasen er i eit og alt einig med Lindboe. Desse Skrivi syner, at alle fire hadde uppfattat Statsministaren likeins med Avsyn paa Unionsspursmaalet. Dei stend altso fire mot ein, dei fire kvar for seg likso vyrdande Folk som den eine, so det er no ikkje vondt aa vita, kven ein skal tru, tykkjer eg.

Det skal verta løglegt aa sjaa, korleis Sverdrup vil bera seg aat for aa koma burt fraa dette. Kaninskrivaranne fær vel straks vita, korleis dei skal taka fat.

______

Og so fær eg segja ”Fedraheimens” Lesarar Takk for meg. No eg skal til Vestlandet vert det slutt med Kristianiabrevi. Eg trur det kjem Folk, som vil klara det betre enn eg. Maalsaki vantar ikkje Arbeidsfolk, endaa mange godt kunne gjera meir enn dei gjer.

L. Stavnheim.