Norsken i dei lærde skularane?

No fær me daa sjaa fylgjerne av det laake til helvti gjorde paabodet hans Blix.

Ved di at ”rektorernes samtykke ”indhentes” og ”kundskaben meddeles i den udstrækning, som tid og omstændighed tillader”, er det klaart at ”rektorene finde, at tiden og omstændighederne tillade overmaade lidet bygdemaalslæsning”, og at dei vrid seg fraa det so godt dei kann. Det er sant som Fedraheimen skriv, at Blix var for bljug og rædd. Han set ikkje landsmaalet fullgodt ved sida aat dansken, som han kallar vaart noverande skriftspraak.

Det er no snart tri maanar sidan paabodet kom ut, men eg trur ikkje, at det er fylgd paa mange skular. Me spurde styraren paa skulen, eg gjeng, um det ikkje var so me skulde byrja paa norsk snart. ”Bygdemaal? Ne-i, slikt ha vi’kke ti til i norsktimerne”, meinte han, ”men jæ skal spørre oldnorsklæreren, om han kan avse no’n timer”. Det var strakst etter jol, men enno hev ikkje oldnorsklæraren kunnet ”avse no’n timer”.

Og det er heilt rimeleg, at me ikkje fær tid til aa læra noko norsk i ”Norsktimarne”, me hev fulla nok aa gjera med dansk og danske diktarar fraa ”fællesliteraturen”. Tru det ikkje var til meir bate for oss aa lesa eit godt norsk diktarverk fraa vaar eigi tid? Likeins er det med læringi i ymse andre skulefag, soga til dømes. Me les berre den gamle græsk-romerske soga og brukar ei lærebok ihopset av ei gamalt ”klassisk jordrotte” ned i Danmark, heiter Thrige. Ho er forfattad i same maal og stil plent som ”Christiani quinti lex Daniae”. Eg vil berre nemna til døme av dei, ein finn paa kvar sida:

”Den 15 Marti 44 omringede de Sammensvorne Caesar i Senatus, og Roms største Mand sank under de vel for Størstedelen hartad mer af Partihad, Privatfjendskab og Ærgjerrighed end af Kjærlighed til Fædrelandet og Rpublikken ledede Morderes Dolke”.

Norsk Soga er ein ting, ein aldri vert spurd etter, men grækarar og romarar og deira maal, det er det, det gjeld um. - - Naar skal den tidi koma, daa ein slepp gaa gjenom desse naalaugo for aa studera? Naar skal tidi koma, daa ”maalet hennar mor” skal verta skulemaalet og Oldnorsken setjast i høgsætet istadenfyr latin, og den norske soga framfyr den romerske? Og naar skal tidi koma, daa me fær eit statsstyre, som hev mod og hug til aa gjera detta?

N. K.