Slumpelukko.

”Nei, so va da ein Morgun her eine Haustn, att eg gjekk burti Smio aa smidde meg ei ny Øks.

Eg skjefta henne aa åretta henne aa slipte henne upp, gjore eg, aa so tok eg henne paa Okslæ, tutla sta, skje finna meg nye Meia aat Høy-slea mino.

Aa Bjørku va dar Nøygde taa, baade smaa aa stora. Men sume va for lite krokutu, aa sume va for mykje krokutu, fy de æ no so her i desse Verne, maata, att inkje kvar krokute Bjørkjæ æ laga te Slea-Mei heldu.

Men seint um sian kom eg nepaa Elvabakkjen attmæ Svarte-Hylæ, aa dar fekk eg Auga paa ein Stu, hoggande fint meiavoksn, so han inkje skje tenkt paa anna en vetta Mei, fraa fysste Dagjen, Vaarherra leet hono spretta; _ _ ja, da æ same Meiane, eg har unde Høy-Slea mino endaane, so de kunna sjøle gaa sta sjaa, att da æ Gussens-Sanning kvart einaste Ore.

”Du faar fylgja mæ meg, du Kar!” tenkte eg. – Aa eg te skora, so Flisane fokje.

Jau, beiske deg! – dar visst’ eg inkje Ore taa, før Økse foor taa Skaftæ aa slarpa ni Hyln, so Budlna sto ette.

”Tvi deg!” sa eg aa sputta ette henne.

- So va da ein Laurdagskveld Sumarn ette. Eg hadde endaane vo paa Stødl um

Dagjen aa va baade trøyttu aa slyen.

”Eg bry meg kje um gaa paa Slaatteteigjen, Kjering”, sa eg. ”En um eg no gjekk neaat Elvene aa røynte, um da vo so væl, att Aurn vilde una os Fiska-Kling te Bisk i Morgo?”

”Jau, eg kjenne da paa meg! – Nora-Ætt aa Klaarvær so no da æ!” meinte ho, aa blæs i Nosæ.

Lest inkje eg viare gaa, anna tok Fiske-Troa aa makka-Pose aa lakka neyve Bødn.

”Ja, eg ska eta da raat eg, da du faar i Kveld!” ropte ho Ingjebjør ette meg.

Tutla eg so neaat Svarte-Hylæ, sløngde uti.

- Aa bestu so eg sto, dar kjend’ eg, da nuppa so tungt, - dameso sløngd’ eg te, endaa paa Striting gjekk da, so Tro-o sto so ein Bogje. Eg saag berre, kur da blenkte aa sprilta i Luktne, før da datt ne i ein Krakje attante meg, so Kvistane truste. – Jau, daa eg so skulde sjaa te, - - - du skje aldri paa Makjen ha set! – der hadde Ungedl fysty smett set gjønom Auga paa desse Øksne, eg mysste Aar framfyreaat, og so hadde dar siane bite ein fornøggjelæ Aure paa, - ja, antan de vilja tru meg eldu inkje, so va han sina goa to Merku yve Vaagjæ!

Men so laag dar ein Hare og. Han ha sagta sote uppi Kraka i sine eigne Tanka, han, Stakkar, naar Øksæ kom sjugande aa trefte hono midt i Skjelto, so han datt dau-u paa Flekkjæ.

Nei, daa breidd’ eg Hendna ut te Velsignelse; aa – forsyne meg! – kom dar kje so ein Orrhane, sette seg paa kver Haand! – ja, da gjore da. So kneip eg te, aa dar hadd’ eg dei og.

Ho slo Hendna yve Hove, ho Ingjebjør, daa eg kom dragande inn i Stovo mæ alt dette her.

”Ja, dar har du Matn din Kjering!” sa eg, set deg no burtaat Boræ, ta te nuska. Eg vona, du har nokk mæ Øksne, no te Kveldsmat, aa vi du, kan du endaa faa Lov te koka henne, og.”

”Nei, du Kolbein, du Kolbein!” sa ho, ”du har no Slumpe-Lukko deg, kusser, du!”

Men ho ga meg Smør-Kling te Kvelds, og, daa, likavellne.”

(Or Vossa-Stubba. Per Sivle).