Eg og han Ola.

Eg viste so nøgjeleg væl, at han Ola var rasande glad i meg, og kvifor han ikkje kom og fridde, det maatte gudarne vita; ikkje viste eg det.

Han var no væl aldri so galen, at han trudde, eg vilde fri etter han.

Han skynte daa sagte, at me stakkars gjentorne ikkje fær lov aa bruka maalet vaart til noko so usømelegt som aa fri. Bevares væl! Skjemma oss ut kanskje?

Dei fekk noko til aa glisa og læ aat ute i bygdi daa, meiner eg. Nei me lyt sagte vera fine gjentor, og ikkje lata det kny i oss. Men jamen var det med naudi, at eg var god for halda meg fraa aa kviskra til han Ola, at det var han, eg likte best av alle.

Der var nok av dei, som fridde; men trøyste meg, det var ikkje den rette; men at han Ola heldt av meg, det viste eg meir enn væl. Det var ikkje so faa gonger, eg hadde leset det i augo hans.

Eg tenkte etter, um der var noko vidare aa vanda meg for. Men meiner du eg fann noko? Nei um eg gjorde. Ja eg viste no regtignok, at her var mange venare gjentor; men so reint uskapleg var eg no helder ikkje, so mykje hadde eg no set meg i spegjelen. Og tilmed, so kom eg daa vist til aa erva ein liten slikk og. Far var ikkje nokon fant i bygdi. Dei er vane rekna paa slike ting og gutarne.

Tolig vituge var og dei fleste av slegtningarne mine, og eg sjølv kunne ”Pontoppidan” paa fingrarne, daa eg var 11 aar. Og mang ein gong i skulen hadde eg svarat so hoggande godt, at skulemeistaren bukka til meg, smilte og sagde: ”Det var rett det Anna, seg det berre noko høgre; du kann ikkje svara noko betre”. Eg var sagte ikkje noko naut.

Eg var so skinande yvergjevi paa, at ikkje han Ola saag alt dette og kom og fridde paa Augnabliket. Han kom ikkje. Eg bidde og bidde og tykte synd um meg sjølv og alle gjentor, som lyt prøva den skirselden aa venta paa, at den, som dei likar, skal koma og fri.

Eingong hadde eg so plent forrent meg og lagt til aa fritt sjølv, men til all lukka hugsa eg paa bygdesnakket, og daa vart eg reint kald av rædsla. Aa eg hadde voret so nær den løvehola, at det berre var att aa kasta meg nedi. Uff – So reint aalvorleg laut eg segja til meg sjølv: Skap deg ikkje gali, Anna mor, du lyt folka deg litevetta og hugsa paa, at du er gjente. Der stend daa det i bøkerne, der dei skriv um den unge kvinna, at ”hun skal lade sig vælge”.

Jau det er uppbyggjelegt høyra slikt. Paa krambuderne segjer dei noko liknande. Naar dei hev lagt fram fleire Slag varer, so lydest det: ”Versgo behag at vælge”.

Jaja daa godt folk, alle gjenter! so lyt me lata oss velja daa og so sjaa paa, at me vert skikkelegt betalte. Me er verde ein ”joragut” kvar av oss gardmansdøtrarne og kvar av husmansdøttrarne er verde ein trugen husmann.

Soleis tenkte eg daa ei tid, men no skal du høyra paa spikk:

Eg vart meir og meir hugad paa han Ola eg. Til slutt so brydde eg meg korkje um folkemas elde skammi for, at eg ikkje hadde den kvinnelege bljugskapen. Fyrst eg trefte han Ola, so sagde eg: (Regtignokk var eg bljug, eg kann ikkje dylja det, men segjast laut det) ”Eg veit einkvar, som likar deg so godt eg, Ola”.

”Det lyt vera hunden vaar det daa, veit eg”, svara han, trosskjen; han vilde laast ikkje skyna, kva eg meinte. Nett so ber gjentorne seg aat og. Naar nokon frir til dei, so læst dei seint og sida skyna det.

”Nei det er ikkje hunden, som held mest av deg, men ho som er næraste deg no”, stotad eg fram med eit underlegt maal. Daa laut han Ola skyna det, for me var tvo aaleine inne, so at ingen kunde vera nærare honom daa.

Aa kor lukkeleg han Ola vart. Han tok meg inn i armarne sine og sagde: ”Velsigne deg Anna, for du sagde det! Aa kor eg hev likt deg, men eg torde ikkje segja det, for eg trudde, du brydde deg ikkje um meg, og so er du for hæv gjente for meg du.”

Men daa heldt eg for munnen hans og sae, at han kunne tegja, naar han ikkje hadde noko anna aa segja.

Aa kor glade me hev voret baae tvo sidan! Den lukka hadde me ikkje fengjet, dersom eg ikkje hadde brotet med den ”kvinnelege bljugskapen.” Men so kan det henda, eg lyt lida lidt for detta spikket mitt og. Bi no, til eg fær ”verdens dom” yver meg.

Eg vil trøysta meg med, at eg hev fengjet han Ola.

Anna.