Eit Mistak.

Fraa Huseby & Co. limit, høyrer eg, at det er Bjørnson sjølv, som hev kostat ut Maalstrævboki ”Til dem, som forkynner” osfr. Huseby & Co. hev ho berre til Forhandling.

Det plar altid staa utanpaa Boki det, naar Bokhandlaren berre hev ei Bok til Forhandling; ”i Kommiesion hos” plar det staa paa Titlbladet. Naar Bokhandlaren berre set Namnet sitt der, skulde det etter min Tanke vera mest rimelegt aa tru, at Boki var hans, at han altso var Forleggjar; og noko anna kom ikkje for meg denne Gongen. Eg visste dessutan, at Huseby hev forlagt dei tvo andre Smaaskrifterne, som B. B. hev gjevet ut her uppe i seinare Tid; - slikt Smaaskrap kann nemlig norske Bokhandlarar vera gode nok til aa forleggja, ser du; det er berre dei store og gjilde Ting, som gjeng til Gyldendal. –

Det eg hadde imot Huseby for, var hellest naturligvis ikkje det, at han hadde forlagt B. B.’s Bok, men det, at han hadde gjort dette utan aa segja fraa, so at me kunde ha fengje ut vaart Motlegg samstundes. B. B.’s Bok vert send fritt til Tingmenn og andre, og det kunde ha voret rimelegt og rett, at Motlegget hadde blit sendt dei same Mennerne med det same, og det kunde Huseby godt ha fengje til med det same. At han ikkje gjorde dette, endaa det berre vilde ha kosta han eit Brev og eit Tiøres Frimerkje, det tote eg var kleint gjort av ein Mann, som eingong i Verdi gjekk og snakkad fint for oss og fekk oss til aa tru, at han var slik ein Maalmann.

- Det Mistaket, eg hev gjort, gjer eg hermed Bot for,

Arne Garborg.