Eit nyt Maalblad

er det paa Tale, dei vil faa i stand paa Kristiansandskanten.

Me likar godt, at det kjem nye Maalblad. Dei vil altid faa eit Sermerkje av Bygdemaale, so at Landsfolke umkring vil slutta seg meir til det, enn til eit Blad paa stivt Normalmaal. Og dette er til Styrkjing av Landsmaale vaart, at fleire og fleire Bygdemaal fær koma med sitt Sermerkje. Bygdemaala vil slipas av, og Lansmaale vil faa meir livande Kraft.

Det gjelds daa um aa vera so godt grunnfest, naar ein legg iveg, at ein kann ha Von um, at det vil gaa. For mange Maalblad og ikkje noko, som gaar godt, det er fælt ille.