Godt Tru um Folk

er det gildt aa ha med det kann bli for mykje av det gode ogso

Chr. Bruun var sein til aa faa Tru til Johan Sverdurp. Men sea han fekk Trua, sit ho ogso fast. No trur han, etter det han skriv i Bladet sitt, at det Sverdrup ”har villet, er at overgive Norges Historie et virkeligt Navn” – ”et historisk Navn”. Og ut ifraa den Tru jamnar han til so høveleg all Ting, som Sverdrup gjer.

Vanlegt Folk fær si Tru um ein Mann ifraa dei Gjerningar, dei ser han gjer. Men B. forklaarar Gjerningane etter Trua si og er blind for Kjensgjernignar.

Sverdrup er ”ikke ræd for at sætte sin Popularitet paa Spil overfor en øieblikkelig Folkestemning”, segjer B.

Ser han daa ikkje, at det er nettupp dette som Sverdrup er rædd for. Den ”øieblikkelige Folkestemning” i oftedølsk Aand fær daa Sverdrup til aa fornegta seg sjølv og alt, han hev stridt for fyrr. Trudde han ikkje, at Oftedølene var i Fleirtal ved Hjelp av Høgre, so skapa han seg nok ikkje so.

So vidt me kann skyna er det berre ein Ting, som er stor ved Sverdrup, nemleg hans Evne til aa lugta, kvar Fleirtale er helst, um so dette Fleirtale berre er ”en øieblikkelig Stemning”. Saag han, at dei reine hadde Fleirtale, so vart nok han fullrein att; han fær aldri noko Mistillitsvotum imot seg. For han er so lett og lidug, at han kann dekkja alle Vendingar med sine fagre Frasar, som kann tolkas etter som Vinden blæs.

Sverdrup er ein rædd Natur, han gøyr og trugar, naar han trur det ikkje er nokon Faare, men han vik unda for den store ”Bøygen”, han smetter burt, naar han møter sterk Motstand, som han ikkje kjenner seg Kar til aa magta.

Johan Sverdrup hev visst aldri havt noko Program, som han fullt ut hev trutt paa, men han hev vore ein flink Sakførar for alt, som han saag hadde Fleirtale for seg. Men B. trur, at Programme hans hev vore ”for Alvor at bryde Embeds-Standens gamle, nedarvede Herredømme i Norge”. Og so rart er det med Trua, at han uta aa missa ho straks nedafor kann fortelja, at Styre hans Sverdrup hev vorte ”et Overraskelsens Ministerium” nettupp fordi, at Sverdrup ikkje bryt Embætsvelde, men gjøler for Embætsfolke, som fær sjaa, ”at der aldeles ikkje blir snud op og ned paa Tilstandet, men at vor Statsstyrelse gaar sin jevne Gang i saa mange Stykker omtrent som før”, han set Høgrefolk inn i dei vigtigste postar og let jamvæl ”Ansienniteten” elder Aldersmunen faa sin Rett som fyrr.