Ikkje i Aasnæs,

som det stod i Telegramet i fyrre No., men i Syndre Odalen er det, at Bygdestyre ikkje vil hava nokon av dei til Lensmann, som Amtman Kyhn vil at dei skal hava.

Men no er Amtmannen nøydd til aa gjera ein av dei tri Karane, som Styre peiker ut, til Lensmann og dette vil nok ikkje Kyhn. So sette han Forhøyr paa heile Kommunestyret, og so fann vel Skrivaren – Norgrenn, han som var paa Tynnset – au at Styret hadde gjort rang Innstelling, og no hev Kyhn lagt Sak mot Bygdestyrarane og vil hava dei i Straf. Han meiner vel det Kyhn, at dei ”har handlet mod betre Vidende” ved aa velja Lensmannsemne etter sitt eiget Hovu. Kyhn er av dei Folk, som ikkje lærer at Embætsmann og Bonde ikkje mæler med den same Alni og at det er Bondealni som no er Landets rette Alen.

No hev Stortingsmann Engelhart spurt Regjeringi, um Kyhn skal faa sitja der og raada som ”Eineherskar yver alle Hedemarkingar”.

Ein Amtmann kan setjas av plent som ein Statsraad.