Imot all Ting.

Johan Sverdrup er no imot all Ting, som me maa arbeida for.

Den politiske Moral hev han gjort laakare enn han var fyrr jamvæl.

Arbeidarsaka vil han ikkje gjera noko for, Arbeidarane er faarlege, hev han sagt.

Og Stemmerett for alle vil han ikkje ha.

Parlamentarismen bryr han seg ikkje for mykje um.

I Unionsspursmaale belar han til Svenskane og set seg imot det fyste me maa krevja: ein norsk utariksministar.

Sparepolitikk hev han aldri brytt seg um, og gjer det endaa mindre no.

Konge- og Embætsvelde, som me no snart skulde bli kvitt, kjæler han for, Prestane vil han gjera megtige.

Presse- og Talefridom bryr han seg ikkje um.

Ned med Johan Sverdrup!