Lat oss faa att

den gamle norske Parlamentarisme, som er, at Storthinget sjølv styrer!

Det er ei Parlamentarisme, som ikkje er god, men ho er den beste, me kann faa, saa lengje me hev Union med Konge.

So lengje me hev Union med Konge, fær me aldri ei norsk Regjering, som me kann lita paa! Lat ho vera høgre, lat ho vera vinstre, - ingen Mann vert Minister i dette Land, naar han ikkje er ein Mann, som Unions-Kongen og Svensken kann bruka.

Sjaa Fredrik Stang! Sjaa Johan Sverdrup! og legg Merkje til, at Johan Sverdrup sjølv fortel, at Kongen ikkje vil taka Rektor Steen, - venteleg fordi dei trur, at Steen er for kaut ein Mann til aa gaa same Vegen i Svenskesaki som Johan Sverdrup!

Og lat oss taka Lærdom av Skade. –

Nei, daa er Storthinget meir aa lita paa. Veike, veike kann dei vera, dei Kararne uppi Thingsalen og, dessverre; men millom 114 Mann vil der altid vera ein, som hev Mod til aa sjaa og segja Sanningi, dersom det gjeld paa, og so er det det, at tridjekvart Aar skal dei Kararne der i Thingsalen veljast opp att.

Arne Garborg.