Lov um Skilsmaal millom Ægtefolk.

Ullmann og L. Holst hev sett fram Lovforslag um, at Ægtefolk skal kunne skiljast lettare enn no, naar baae vil.

Det skal gaa eit Aar etter Meldinga, fyrr Skilsmaale blir lovlegt. Blir ikkje Ægtfolka sjølve forlikte um Byting av Bonn og Pengar, skal dei velja 2 Mann kvar og Staten 3 til aa avgjera dette.

Forslage er ikkje godt nok. Det skulde vera nok, naar den eine Parten kravde Skilsmaale; eit halvt Aar skulde og vera Drygjings-Tid lang nok.