Norsk Parlamentarisme.

No hev me vorte kloke paa den og ja.

Sverdrup vilde ikkje svara i ein greid Tale paa Spurlage hans Konow. Men han kom fram med eit Papir, som han las upp. Han vilde vri seg ifraa alt ihop og ikkje gjeva Greide paa nokon Ting. Men han maatte daa kor som var nemna innpaa eitkvart og daa sae han det, at ”Ministeriet i Regelen bør fratræde, naar Stortinget ved en Beslutning eller et Mistillidsvotum tydelig tilkjendegiver, at Ministeriet ikkje længere har dets Tillid og saaledes mangler Støtte i Repræsentationen”.

At det eine av desse Vilkaari er berre Talemaatar, det hev Kjensgjerningane synt oss. Stortinge hev alt ved ”en Beslutning” ”tydelig tilkjendegivet”, at Regjeringi ikkje hev Tillit og finn Studnad i Repræsentasjonen.

Regjeringi gjekk ikkje.

At det andre Vilkaare helder ikkje er meint so aalvorleg, kann me sjaa av det, som Statsraad Sørensen sae. Me kann godt sitja, um me fær eit Mistillitsvotum ogso, slapp det utor han. Han vilde venta til næste Val han og ikkje bry seg det Slag um Stortinge. Naar so Valaare var ute, vilde han nok kunne finna upp ein ny Drygjingsmon. For det er vondt aa sleppa ein Plass med god Løn, som ein hev fenge kjær.