Paa fallande Fot

staar nu Sverdrups Ministerium.

Johan Sverdrup gjekk so lenge og vikte etter Kongens og Svenskens og Prestens Lokking og bøygde Kne for framande Gudar og for med Fusk og Løynderaader, til dess at Kaunen slo seg i Verk og det gjekk Hol paa dette Kytarministeriet.

Paa 8 Dagar hev det kome for Dagen so mykje Vesaldom og Truløyse, at mange av dei mest truande jamvæl tek til aa tvila og korsar seg for den Avguden, dei hev dyrka.

Alt i Oktober vilde Astrup, Arctander og Kildal ganga sin Veg, fordi dei tykte, at Sverdrup ikkje foor aat rett parlamentarisk, med di han sat like kaut paa Sæte etter den leide Mistilliten han fekk sjaa han hadde i Stortinge ved Kyrkjelovane.

Men dei vart standande likevel dei tri, dei vilde venta til Stortinge kom ihop og gjera Greide for seg der. Og dette vart lova dei ogso.

So kom da Konow og sende Spurlag aat Regjeringa, um korleis det stod til med ho.

Men daa var den sjuke Mannen rædd.

Regjeringa var samstelt um aa svara, at det hadde ikkje Stortinge noko med aa grava etter, korleis det stod til med ho.

Dei vilde freista aa dylja Sjukdomen sin i lengste Lage maa vita.

Og so fortulla var han Johan daa, at han gløymde reint burt Grunnloven, som segjer, at det skal bokførast alt, som blir avgjort i Statsraade.

Men dette vilde dei ikkje vita av dei tri Karane, som berre venta paa, at dei skulde faa greida for seg i Stortinge.

Daa vart Gamlingen vond. Er det so, at de ikkje vil lyda meg og halda Munn, so ut med Dykk paa denne Dagen, meinte han paa.

Dei tok Tølene sine og tasla sin Veg straks paa Timen. Astrup og Kildal, som er rike Karar, var so kaute paa det, at dei ikkje vilde taka imot ein Skilling av Rikskassa lenger. Men Arctander fekk daa 6000 Kr. i Reisepengar.

Av dei andre Statsraadane var det einast Blix, som heldt seg for god til aa vera med paa slikt Hardstyre. Han vart endeleg harm og sagde ifraa seg Selskape med Sverdrupane han ogso og strauk ifraa Statsraadet.

No hadde daa Sjølven vorte kvitt dei, som kunde og vilde leggja fram aat Stortinge, um korleis det stod til med Regjeringa. Og no svara han strakst ja, at han vilde koma og svara paa Spurlage hans Konow.

Men det, som desse avgjengne fire Karane ikkje fær Høve til aa tala, det talar no dei fire tome Plassane i Ministerie.

Grunnloven segjer, at det minst skal vera tvo Statsministrar og sjau Statsraadar, og til det er det no tri for lite daa.

Og endaa Johan hev gaatt og fritt kvar ein Dag baade til Høgre og Vinstre, so er det ikkje likt til, at han kan faa Hol attifyllt. Ingen vil vera Tenaren hans lenger, so han maa væl gaa so langt ned som til Løytnantar, Klokkarar og Kopistar, skal han faa Raade heilt att. Men so er Ulykka, at han helder ikkje er fuldstød paa dei, som er att, baade Richter, Sørensen og Haugland skal det vera paa Tale skulde gaa sin Veg. Det er Stang og han Jakob, som er trufaste i alle Tilfelle.

________