Sigurd Blekastad

kom fram med eit Forslag, som umlag 50 Reine og Nomader stod bakafor.

”Idet Stortinget forventer, at Regjeringa sammensættes paa en saadan Maade, at den kan samle parlamentarisk Flertal af Venstre, gaar det over til Dagsordenen”.

Det var eit veikt Forslag, som ikkje sae nokon Ting, anten Tillit elder Mistillit, so kvar kann tolka det ut etter si Meining. Men so vesalt er dette Stortinge, at det ikkje er Von um, at det kann gaa ei Gong. Og daa var det likare, at det var usagt, so at dei som torde segja eit fullgreidt Ord, kunne ha kome seg til og ikkje maat tagt still berre for Samhald Skuld. Ikkje noko mindre enn Mistillitsvotum skulde Sverdrup havt no.

Men sjølv Blekastads fagre Ord var for sterk Kost for Gamlingen. Blir dette vedteke, sae han, so stryk eg min Veg.

Ja lat han struke!

W. S. Dahl kom til Hjelp med eit Vingleforslag, som var endaa verre enn Blekastad sitt:

”Under Imødeseen af Regjeringens Udfyldning i Overensstemmelse med Programmet for dens oprindelige Sammensætning gaar Stortinget over til Dagsordenen”.

Meiningi med dette var daa, at Jakob skulde faa sitja der han er, og so skulde Tinge be Johan Sverdrup snildt um aa lata vera taka for mange Høgremenner inn i Raade.

Og slikt skal me uppliva. Sendan Johan Sverdurp ei slik Bøn!

Skulde Stortingsfleirtale bli samstelt um aa taka so valne Ord i sin Munn og Sverdrup godtaka dei, so kann De gjerne reisa Dykkar Veg baade Regjering og Storting, for daa lyt sjølve Folke upp att og taka Styre.