Skeisekapprenn.

millom Aksel Paulsen og ein Svenske, heiter Avén, var tillaga no sundag var.

Folk flaug i flokk og fylgje uppgjenom gaturne, plent som skulde dei avstad og pipa ut Sverdrup, elder og som um det var ei full fiskekjering, som skulde paa raadstoga. Manneskreia auka og auka. Uppyver til Majorstoga bar det. Bogstadvegen var stappande full av folk, som kava og gjekk, so sveitten sila. Ved Majorstoga laut skreia ta av storvegen og inn paa ein uppmoka snarveg. Men denne var for trong og snøen var djup og laus, so folk vadde i til langt upp paa livet.

Dei hjelpelause damurne hengde seg fast i den fyrste mansarmen dei saag, det var plent det same anten eigarmannen var ein kutorgsgut eller ein prins. Eg saag fleire blauthjarta karar som arbeidde ein stiv klokketime mod aa lunna trøytkøyrde damur fram til inngangen. Og det var arbeid som visst var hugnalegt au, for dei var vene no desse kaute, styrde karljohansdamurne. Blodet brann i dei elles so bleike kinna, og alle paatekne unoter var som burtblaasne, der dei bala i snøen og peip og skreik og log og gret. Soleis gjekk det. Me gleid framyver, og endeleg var me ved inngangen. Her var det ei skomping og skaking, so det gjekk paa livet laust; men langt um lenge slapp me laus, og so eit jag etter rom. Folk stod mann i mann rundt heile ringen.

Det var ein mannagard so tett, som det var raad aa faa han. Smaaguten hekk i tretopparne som trosten um Hausten, og paa den høge skigarden var det kløve upp ein heil haug: men desse hadde nok ikkje stor nytte av aa vera der, for paa utsida reid det eit halvt tjug hestefolk og jaga ned, alt det dei vann. Men skigardkarane var no ikkje so dumme, at dei hoppa ned dit dei kom ifraa: nei dei kasta seg ned innafyre garden dei, og ei halv krone var spara. Uppsynet stod det magteslaust. So med eit vart det meir ro.

Paulsen kom svivande bortyver isringen, og eit endelaust hurra tok imot han. Dette ”hurr-a-a-a-a-a - - ” vilde aldri ta ende. So kom Svensken, og folk glodde og maaltok karen. Ikkje hadde han no Paulsens bein og bogar og hans kvelvde bringe, men ei ven beinsetning hadde han. Det var ikkje godt aa vita. Klokka ringde fyrste gongen. Det gjekk ein støkk gjennom manngarden. So let ho ein gong til. Jamkamparanne gjekk og leika seg: dei orkad ikkje staa stille. So stelte dei seg jamsides og klokka let 3die gongen, og burtyver isringen fór dei kavande i støde, faste, spraute tak. Paulsen tok fyregonga med det same; men Avén var like i helane paa honom. Heile den fyste vendinga var dei i fylgje, men sea drog Paulsen Svensken ein stubb for kvar umgang. Dei skulde laupe 20 vendur.

Den kalde nordasnoa beit i nasen, og folk fraus, so dei hakka tenner: men hurra ropa dei, so det gnell. Svensken vart etter lenger og lenger, etter som det leid. Taka vart stuttare og han masa fælt. ”Heng i no Svenske, elder so tapar du”, spotta folk. ”Du kan daa gjerne gaa heim aa leggje deg” o.s.v.

No var Paulsen like i helane paa han andre gongen, so skulde Svensken ta eit spenntak, og so datt han so lang han var: men uppatt spratt han og la iveg att. Paulsen etter, tok so eit forgjorande spenn og for attum og fyre var han. ”Hurra-a-a-a-a” vilde aldri slutte.

No hadde han berre ein umgang att, so la han seg ut og smatt framum maalet som eine liten dott.

Han hadde vunne, og det norske flaket flaug i topp. Det var teiknet, um normannen vann.

Paa tavla aat Paulsen stod der 17 min. 10 sek.; paa svensken si 18. 22.

Paulsen var like god kar han, og pulsen hans slog sine vanlege slag: men Svensken saag trøyt ut og hadde ujamn puls.

So braut folkestraumen inn paa isringen og strøymde mot utgangen. So var det den same masinga og vasinga i snøen, men og same laatt og løgje.

Gata var tjukk av folk, so fall det eit piskeslag, so smell paa smell; kvenfolki skreik, og heile mugen valt ut i vegeveita – det var prinsen som kom i den gilde køyredoninga si, med dei ville hestane fyrespende. Ein vond ”F-” braut seg fram fraa vegeveita.

Ola Fet.