Um Stortingsmann Havig

hev det vore skreve i Blada, at det skulde vera Ugreide med Rekneskapen hans som Kommunekasserar.

Det var eit Par Tusen Kruner meir, han hadde teke imot av Departemente, enn det som Bygdi hadde teke imot.

Strakst dette var upplyst, godkjende Havig Rekninga og betalte Bygda det, som henne tilkom med full Rente. Og han hev upplyst, at det kann nok ha vore ymist med Rekneskapsførsla hans, daa han sjølv hev vore burte so mykje.

For dette er no Aftenposten og Verdens Gang strakst ferduge til aa fraadøma Mannen all Ære.

Saka skal no granska av det Offentlege, kor som er.

Havig hev faatt Heimlov etter Dokterattest. Prest Andersen er innkalla i Staden hans.