Arne Garborg: Attersyn I

Artikkel, 1916

No endeleg, gode 100 aar etter 1814, fær den norske hovudstaden fyrste norske dagblade sitt. 1) Det kann daa vera verdt aa ta eit snøgt utsyn yvi det arbeide som maatte til, fyrr me kunde koma so langt.
 
Gode 57 aar er det no, sidan det fyrste norske vikeblade vaaga seg ut, „Dølen”. Og denne „Dølen” var ikkje noko blad i vanleg meining. Dølen var Aasmund Vinje; og han kunde av ymse grunnar ikkje halde seg noko strengt etter primstaven; paa 11-12 aar, fraa 10de oktbr. 1858 til 24de juli 1870, var han ferdug med 8 aargangar av blade sitt. Og av dei 8 aargangarne var det berre 3, som fekk sine fulle 52 nummer. Men Aas­mund Vinje var endaa den beste me kunde faa til aa brøyte veg for noko so utenkjelegt som ei norsk presse i det provinsdanske Norig; han hadde den gaava at han kunde taka vilkaari som dei baudst, og kunde halde fram og halde ut, skjemtsam og nøgd og med godt mod, so lenge han berre tente salte til maten. Det var karar som han og Rasmus Steinsvik som maatte til, um det umoglege, norske blad for norskt folk, nokon gong skulde bli moglegt.
 
Maale lagde han so „midt imillom det norske og det danske”, at dei norskdanske skulde forstaa det; for det var „fienden”, han laut stole paa i dei fyrste aari. Og morosamt, ofte reint „flirande” som han skreiv fekk han lesarar, ikkje minst millom deim som „Ikkje for­stod” 'n, so vidt at baaten bar paa ei vis, - so for det meste.
 
Politiken var det smaatt med i Norig den gongen. Alt til ut i 60-aari var der - etter „Dølen” - ikkje rom for politiske parti her hjaa oss; me hadde berre [standsstrid?] enno. Og sjølv brydde han seg meir um nasjonale, sosiale og literære spursmaal enn um dei po­litiske. Men unionsstriden, som hadde sove fraa slutten av tredive-aari, kom upp att i 1859-60, og fraa daa av kom det seg; „Dølen” fekk endaa liva den dagen, daa styraren hans misste livebrøde sitt av politiske grunnar. Og ved det grunnlovsbrote vart det ingenting gjort, som me veit; det er vel det styggaste minne me hev fraa den nynorske historia.
 
Aaleine stod „Dølen” i bladheimen til i 1866, daa den bergenske „Ferdamannen” kom. I Oslo steig ei yngre ætt fram eit par aar seinare, gjenom „Svein Urædd” og „Andvake” (1868-juni 1871) og „Fram” (juli 1871-72); her arbeidde bymennerne Jens Rolfsen, W. Werenskiold, S. Schjøtt, Oskar Engh m.fl., og av landsfolk Olaus Fjørtoft o.a. Gjenom desse tri sistnemndie bladi steig den kritiken fram, som Aasens landsmaalsform ut fraa eit nyare syn paa maal og skriftmaalsforming maatte vekkje; med full vyrdnad for Aasens storverk vart det kravt - og gjort framlegg til - ei lettare skriftform. Og ikkje minst var det stilen desse unge meinte maatte bli meir livande, mindre „bokleg”, enn han vart hjaa sume av dei eldre; norske former og ord var daude utan norsk maalføring. 2) Denne striden vart stundom rett kvass. Men gagn gjorde han: friska og reinska upp, og vart i fleire maatar til hjelp for landsmaale.
 
I politiken var det nye unionsakt-framlegge hovudspursmaale, til dess det vart tynt paa thinge i 1871. Men storhendingarne i Frankrike vekte den republikanske tanken og arbeidarspursmaale til liv; og dei tankarne sette „Fram” under ord­skifte millom norsk ungdom.
 
- Etter denne fyrste arbeidsykti kom det ei kviletid paa 4-5 aar. Der var gjort so mykje no, at den norske tanken tok til aa faa tak her og der hjaa norsktenkjande folk i baade byar og bygder; den tidi skulde soleis snart vera komi, daa eit norskt blad for aalvor maatte kunna koma i gang.
 
Og freistnaden vart gjord; i oktober 1877 kom „Fedraheimen”.
 
Alt saag godt ut. Rett mange venta paa blade; ikkje so reint faae i by og i bygd hadde teikna luter til trygd for dei fyrste par aari; styraren (underskrivne) var ein landsgut som hadde vore ute so vidt fyrr, at han ikkje var reint ukjend; eldre og yngre fraa byar og bygder hadde lova skrivehjelp (millom deim som baade hadde lo­va og paa raust maate heldt lovnaden kann eg nemna menn som Kristofer Janson, S. Schjøtt, Halfdan Halvorsen, Ivar Mortensson); Hans Ross had­de gjeve blade namn, og eldre bladstyrarar, fraa Henrik Krohn til Olaus Fjørtoft, hadde gjeve det gode raader; til trygd mot ymse faarar skulde blade staa paa kristeleg grunn; aldri fyrr hadde eit maalblad lagt ut paa have so vel fyrebutt.
 
I maalvegen hadde blade valt den maaten som no maatte vera den beste: Bladstyre vilde bruke ei lett tillempa Aasenform; men innsendarar skulde faa bruke kvar sin skrivemaate, naar dei so ynskte; bygdemaal skulde ha fritt rom. In­gen vart soleis utestengd.
 
I veg bar det. Og det gjekk godt. Ikkje nettupp so godt som eg hadde tenkt; no og daa kom lutpengarne svært vel med. Men det skulde nok koma seg, meinte me alle.
 
Blade var paa sin maate godt. Meinte det daa visst godt; var norskt (og dermed sjølvsagt demokratiskt) og samstundes europæiskt, som norske blad hadde vore og burde vera. Og det fekk mykje god hjelp, endaa det ikkje kunde betala. Det eg sjølv skreiv var ikkje rart; eg var for ung og alt eg skreiv vart for langt; men smaatt um senn kom eg meg, og skulde vel til slutt ha greidt det.
 
Dessverre var eg i alle maatar for ung; med alle mine snart 30 aar var eg ikkje ferdug med „livssyne” mitt. Men hadde endaa innbillt meg, at eg var vaksen; hadde bunde meg til aa halde blade paa ein viss religiøs „grunn”. Og no skulde det vise seg, at eg magta ikkje aa halde meg sjølv paa den grunnen.
 
Endaa kunde eg ha greidt det, um eg hadde havt fast hjelp, so eg kunde arbeidt berre med „redaksjon” i dei fyrste aari. Men no laut eg rett som det var skrive. Og naar ein i dei aari er midt uppe i slikt eit millombrøyte som det eg no fekk aa arbeide meg igjenom, - ja for meg var det raadlaust aa skrive um anna enn det eg tenkte paa.
 
Eg lempa meg best eg kunde; skreiv um „grensespursmaal”; um aandsfridom, tolsemd o.s.fr., eller fortalde um ein som vart „seld til den vonde”, eller um „ein fri tenkjar” som kom ille fraa leiken, endaa baade han sjølv og dei han hadde med aa gjera var gode og ærlege menneskje; slikt kunde daa ingen ha vondt av aa lesa, tenkte eg. Men fyrr eg visste ord av var „Fedrh.” fritenkjarblad og folk vitskræmde. Baaten hadde kome til aa søkkje heller snart, um det ik­kje var kome ein politisk ku­ling, som kunde fylle segli; men den kom: dei fyrste 80-aari var til minst likso god hjelp for „Fedrh.” som 60-aari for „Dølen”.
 
Eg brydde meg nok ikkje stort um politik. Men vetospursmaale i Norig vart i røyndi eit unions- og dermed eit nasjonalpolitisk spursmaal; eg fylgde med, og kom med; gløymde teologien og skreiv poli­tik, so at lesarane au gløymde teo­logien; ein god dag tok tingartale til aa vekse att. Snart voks det so eg gjekk fraa vitet og lét blade koma baade onsdag og laurdag, som kravt vart fraa ymse kantar.
 
Det gjekk godt. Men ikkje godt nok. Og den politiske kulingen kunde ikkje alltid halde seg; religionsspursmaale vakna att. Og lut­pengarne var øydde. Snart laut eg draga onsdagsnummere inn; og det hadde gjenge same vegen med laurdagsnummere, um blade ikkje hadde kunna bli kvitt meg; men dette skulde daa endeleg laga seg. Og det laga seg paa beste maate; i 1883 kunde eg leggje „Fedrh.” i henderne paa ein teolog.
 
( Meir).
 
1) Bergen, landshovudstaden i Nroigs [sic] stortid, hev fenge sitt fyrr, som rimelegt maatte vera.
2) [Ymist] „daudt maal” er enno aa sjaa - dessverre jamvel i skulebøker.

Frå Den 17de Mai 3. januar 1916. Elektronisk utgåve 2007 ved Nynorsk kultursentrum