Arne Garborg: Attersyn II

Artikkel, 1916

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Framhald og slutt.
 
Det var nok ingen vanleg teo­log, dette; han hadde vore med i blade fraa fyrste tid, og hadde hjelpt til med ymist, baade aalvor og skjemt; Bjug hadde han kalla seg, og Ivar Mortensson var namne. Men kva som kunde vera aa segja paa honom fraa strengaste teologiske kant, so var han i alle fall ein gudsfugl mot meg, so at no kunde eg visst trygt halde bla­de for berga.
 
Det gjekk godt og, ei god stund. „Fedraheimen” vart rimeleg og paaliteleg i alle maatar. Daa Sverdrupstyre kom (1884), fekk lan­de dertil fred i det heile, so at „Fedrah.” som andre blad kunde samle seg um berre ufaarlege spursmaal.
 
Men for mange vart det paa den maaten for mykje fred. Og daa det tok til aa vise seg, at Sverdrups ministerium i røyndi var Jakob Sverdrups, koka ufreden upp att. No galdt det paa nytt aa vera „kald eller varm”; Ivar, som tok det lognt og var rettvis til alle kantar, - kunde han vera aa 1ite paa?
 
Fedrh. laut forsvara seg. Og daa tingartale tok til aa minka, skyna han, at det var best aa drive meir paa med politik. For „guten”, blade, maatte ha det godt og trivast.  Og Ivar var vinstremann god nok.
 
Men det var for seint. Mistrui hadde vakna; Fedrh. var ikkje heit nok. Og at han var norsk, kven brydde seg um det? No galdt det Jakob eller ikkje Jakob. Det bar nedover: vart mindre og mindre med bladpengar.
 
Men Ivar, som aldri tok verdi tungt, - han lo med seg og fekk hug til aa byrja fraa ein ny kant. No skulde „Fedraheimen” bli radi­kal, sette han seg fyre, og sjaa aa faa tak paa ungdomen.
 
Kristeleg radikalt skulde det bli. Det galdt um at kvar mann vart borgarleg fri og økonomiskt sjølvstendig, at lande vart ein heim og folke systken; [d.e.] Jesu „kongs­tanke" var det som maatte upp, og grunnlovi for hans rike: gjer mot andre det du vil at dei skal gjera mot deg; 1) ut ifraa dette programe var det, at Ivar Mortens­son i 1888 gjorde Fedrh. til „ra­dikalt maalblad”.
 
Same aare flutte blade til Tynnset; der var Ivar heime aa kalla for, og der kunde „guten" klara seg med mindre skillingar ; mill. a. var prentingi billegare paa Røros enn i Oslo.
 
Men det viste seg snart, at den kristendomen „Fedrh.” dreiv med var likso faarleg for blade som „den frie tanken”. Ja det var vel berre fritenkjarskap paa ein ny maate; det kunde ein og skyna av det, at denne raringen uppaa Kolbotnen var med og skreiv i blade. Det vart daa som fyrr paa lag for Fedrh.; med sine „mange tankar og faae tingarar” klara han seg ikkje stort betre paa lande enn i byen.
 
Noko likare vart det, daa „vestmannen” fraa Sunnmøre tidleg vaars 1889 flutte til Tynnset med det vesle prenteverke sitt og slo lag med Fedrh. „Vestmann”-styraren Ras­mus Steinsvik tok daa tilsyne med baae bladi (som etterkvart gleid i hop); og Ivar flutte heim-til Einabu, der han fekk meir ro til anna arbeid. Dette gjekk so godt, at hausten same aare kunde han lata Steinsvik taka heile bladstyringi.
 
So kunde det laga seg, av di Steinsvik var ein av dei (visst ikkje mange) ungdomarne, som Fedrh. hadde vunne med den nye radikale politiken sin. Og siste Fedraheims-bolken tek til: September 1889-juni 1891.
 
Steinsvik hadde godt mod. Med den nye og greie og norske politiken sin maatte „Fedraheimen" bli ei magt; det galdt berre aa spara og vera tolmodig eit aar eller tvo; og Steinsvik var den som kunde baade spara og vera tolmodig; svelte kunde han au, um det kneip; var i det heile mann for aa greie kvasomhelst.
 
Han hadde leigt ei gamal husmannsstugu noko sunnan- og ovanum banegarden; der var „Fedrh." no sin eigen herre. Prentaren, P. M. Gjærder - like eins gut som kunde greie kvasomhelst - heldt til med prenteverke i den eine enden (sjølv „budde” han i kraai nærast peisen), og Steinsvik med bladstyrar- og bladsendarborde til vinstre og „privatrome” til høgre i hin, utgiftsbudgette kom daa so nære ned-imot null som tenkjeleg raad var. „No greier me det”, meinte Steinsvik.
 
Blade gjekk. I vanlege vikunummer eller i smaae maanadshefte, med originale eller umsette stykke um samfundsspursmaal av Steinsvik, Savalguten, Kr. Hansteen, Krapotkin, Elisée Reclus o. a.; so mykje god og tankevekkjande lesnad had­de knapt ikkje dei rikaste Oslo-bladi. Men med livemaaten for bladstyrar og prentar gjekk det som det kunde; til middag var det spikjekjøt eller sild, naar dei i det heile brydde seg med slikt-noko som middagsmat.
 
Ei av dei utgreidingarne som best upplyser oss um Steinsviks anarkisme er aa lesa i eit hefte fraa 1890 („Fedraheimen” nr. 18, 19, 20, 21) og hev til titel: „Kann politiken hjelpe oss?” Greit nok paa­viser han her, at det som politiken kallar framgang, det er for det store arbeidande folke humbug; og ein les seg kald av dei rolege skildringarne fraa kvardagslive av all den uretten, som smaafolke - me kann elles gjerne ta midelstanden med - og ikkje minst smaabonden er ute fyre i det kristelege og frilynde samfunde vaart, samstundes med at ei villt veksande pengemagt meir og meir legg jordi under seg. Til raad mot slik uraad vil anark­istarne bruka revolusjonar; den raadi skal eg ikkje her døme um.
 
- Paa det fyrste aare fekk Steinsvik ikkje ungdomen til aa samle seg um „Fedraheimen”; det gjekk daa so, at endaa ein gong laut blade flytja. Gjærder tok pren­teverke med seg og flutte til Volda att 2); Steinsvik fekk seg eit arbeid i Skien, og freista der lukka for „Fedraheimen” ein gong til; det var for tidleg aa gjeva upp enno. Lempe seg eller slaa av i meiningarne sine var noko han ikkje fann paa; tvertimot; til undertitel sette han beint ut: „anarkistisk-kommunistisk organ”; so turvte ingen vera i tvil um kva han vilde. Og ung­dom maatte det vel finnast i lande?
 
Ivar Mortensson heldt ut som fyrr; skreiv i blade til det siste. Men um der var ungdom i lande eller ei: enno var der i alle fall ingen ungdom aa faa tak paa. For denne gongen fekk daa „Fedrahei­men” leggje upp; i juni 1891 kom siste nummere. Men gav upp gjorde Rasmus Steinsvik ikkje: siste nummere var prenta paa pa­pir som var villt revolusjons-raudt.
 
Det gjekk eit par aar. Steins­vik arbeidde seg i hop nokre skillingar; tok so ut yvi lande og fekk teikna luter til eit nytt maalblad.
 
Lett arbeid var dette ikkje; ikkje gjekk det fort heller. Og norsk ungdom fann han mindre av enn han hadde venta og vona; det var dei økonomiske vilkaari som dreiv meir og meir av den beste landsungdomen til byen og til Amerika. Og tankeløyse og modløyse var der nok av mest all stad. Han kunde bli ille trøytt. Som hin kvelden paa Tyrifjord-isen, daa han laag og kvilte so godt i snøfonni der, og fann at han var ein faaming som gjekk her og stræva med ting som ingen brydde seg um; no saag han so greidt den soleklaare ting, at han turvte kje gaa
lenger; han skulde berre liggje og kvile her som han no gjorde; ut-imot morgonen vilde daa frosten koma og greie alle vanskarne; og naar det leid paa, so kom snøen med sitt mjuke lette liklakan. Til vaaren seig han so ned i si svale mjuke grav, og inkje menneskje vilde spyrja meir etter Rasmus Steinsvik. Jau det var sant: ho mor. Ho hadde slike grillur; ho vilde spyrja, og ho kom til aa sakna…
 
Naar den tanken kom upp, skunda han seg upp og rusla i veg att. Og rusla vida og vidt; fekk sistpaa til eit nytt norskt blad samla heile 2000 kronur. Som han vel alltid fekk det meste inn av, fekk han tru. Sidan galdt det daa aa faa tingarar; og so var det aa freiste lukka ein gong til; det gjekk til slutt, naar ein berre var seig nok.
 
Og nyaar 1894 tok „Den 17de Mai" ut. 3 gonger um vika; firspaltut; fint utstyrd; paa fyrste sida av nummer 1 stod det eit godt bilæte av Henrik Wergeland. Paa foten var aa lesa: „Bladstyre: Arne Garborg og Rasmus Steinsvik”; inne i blade hadde Ivar Mortensson eit stykke der han sa fraa, at han var fast medarbeidar, og at han ikkje vilde gjera „so mykje som eit braakast burt i anarkisme eller „ny skrivemaate” eller onnor faarlegheit”. Alt dette hadde Steinsvik fenge til.
 
Det nye blade førde namne „Den 17de Mai”; men i røyndi var det „Fedraheimen” som hadde livna upp att. „Fedraheimen” med alle sine gamle styrarar (Savalguten vil­de elles berre vera medarbeidar). Me vedgjekk, at det ikkje hadde gjenge rart med „den fyrste freistnaden vaar, 'Fedraheimen'”; men me „hadde teke lærdom av ill røynd”, sa me, og vilde liva som eit anna skikkelegt blad: lata det gudelege vera i fred og ikkje krangle meir enn rimelegt. Eg skulde drive med politiken. Steinsvik, denne fæle anarkist-kommunisten, - han had­de mest ingenting aa segja; skulde berre hjelpe til med eit og anna smaatt. Og ein heil flokk nye gil­de hjelpesmenn hadde blade aa nemne: Jens Tvedt, Per Sivle, V. Vislie, R. Løland, Hans Seland… Det var det gamle blade, men ny tid.
 
Men namne „Fedraheimen” laut burt, so anarkistsynderne vaare kunde bli gløymde. Det nye namne hadde me straks godteke, endaa „Fedraheimen” i sin siste aar had­de baade lært og paavist, at „folkefridomen fraa den 17de mai” var ei lygn. Men svenskestriden fraa 1860 og 1880 hadde i det seinste loga upp verre enn fyrr, so at no galdt det liv eller daude for Eidsvollsverke; og jamvel me „anarkist­ar” forstod, at vann dei svenske og svensknorske i denne striden, so vil­de den norske framvokstren bli ille seinka. Med heil hug gjekk me daa inn i striden, endaa det for oss mindre galdt den fridomen som „var vunnen" enn den fridomen og retten som grunnlovi gav folke til­føre til aa vinne; me hadde so­leis all grunn til aa vera med i det politiske arbeide som fyre laag.
 
Eg tok upp stridsmaaten min fraa 80-aari og heldt paa ei god stund utetter; men snart greidde Steinsvik politiken betre enn eg. For han kunde betre fylgje med, liksom han hadde samla seg mykje meir heilt um bladarbeide; soleis kom den dagen, daa eg rolegt kun­de gaa ut av bladstyre. Steinsvik vart daa aaleine um baade „magti” og andsvare; og at det var det beste for blade er sjølvsagt.
 
Det gjekk godt med „Den 17de Mai”; og dagbladstanken kom tidleg upp; ein freistnad vart gjort alt ikr. 1890. Men den nye lut­kapitalen som var teikna vart reint for liten; um ei tid laut daa denne fyrste dagbladsutgaava stanse.
 
Sidan lagde Steinsvik si fulle kraft i bladstyringsarbeide. Han samla seg um det so heilt, og fylgde med i politiken so godt, at um blade var lite so vart det endaa lagt merke til; fraa ikr. 1905 av - dette nye 1814 med sin „vaardag”, men og med sin „4de november” - vart „Den 17de Mai" eit av dei førande bladi. Den saki Steinsvik i desse aari stridde for med serleg eldhug og kraft var forsvarssaki; no, daa Norig var heilt fritt, fekk det og hugse paa, at det stod aaleine, og at trygdebrev, „traktatar”, naar det galdt paa, var berre papir. Kor klaart han her saag, - det hev t. d. Belgia no fenge finne.
 
Dei sosiale tankarne sine fraa Fedraheimstidi heldt han so heilt utanfyre, at dei syntest vera uppgjevne. Daa eg eit par gonger i dei siste aari hans freista aa faa ordskifte upp um desse tankarne og faa upp dette hovudtidsspursmaale paa nytt, gjekk han utanum saki, og me kom ingen veg; han hev vel meint, at det enno var tryggast for blade.
 
I dagbladstanken kom det liv att dei siste aari han livde. Tingartale auka, so at „Fedraheimen” - som no hadde fenge namne sitt upp att paa bladtitelen - visst ikkje hadde drøymt um slikt; og daa Steinsvik sette ny lutteikning i gang, gjekk det so godt med den, at um ikkje mannen med ljaaen var komen i vegen, so hadde „Den 17de Mai" no vore dagblad for lenge sidan.
 
Men i sin norske strid hadde Steinsvik vunne likevel. Vunne so­leis, at no fær jamvel den eldste „Fedraheims”-mannen vera med og høgtide sigeren hans og sjaa vesle „Fedraheimen” etter snaude 30 aar gjenom vanskar av alle slag, ja gjenom eit par stansingar og eit namneskifte med, vinne seg fram til aa bli dagblad.
 
Heretter fær me daa tru, at det vil gaa mindre traatt med det nor­ske arbeide i Norigs hovudstad. Som „Den 17de” raskt bør vekse i magt, so maa - med jamt støare norsk tenkjemaate og jamt varmare norskt hjartelag - fleire og fleire norske blad faa liv og vokster, der som ut over alt lande.
 
 
1) Smf [sic] „Fridom, Tidsskrift for Sjølvhjelp og Sjølvstyre” (1897-98, hefte I. og boki „Svall”, siste stykke. [sic]
 
2) Der driv han prenteverke enno (gjev mill. a. ut eit lite maanadsskrift som hev vunne seg mange vener: „Norsk Toneblad” fleirtonige songar for kor - stundom og for songrøyst med [pianofylgsle?] -; styrar: Erik Eggen. Trufast og offerviljug som P. M. Gjærder i ei serskilt vanskeleg tid var Rasmus Steinsvik og „Fedrh.” til hjelp hev han fenge eit ærleg fortent rom i den skifterike Fedraheimssoga.
 

Frå Den 17de Mai 5. januar 1916. Elektronisk utgåve 2007 ved Nynorsk kultursentrum.