Faust. Andre bolken

(Omsetjing, 1921)

[Omsett av A. M. St. Arctander]
 
Fyrste vending.
 
Fagert lende.
Faust kviler paa blomstervollen; mødd, uroleg, svevntrengd.
Skymring.
Alvering svivande i lett leik, yndelege smaavette.
 
Ariel.
Song til æolsharpeklang.
 
Naar lik vaarregn blomsterflødet
drys paa alle ned sitt flor,
naar paa vollom rike grødet
glitrar doggblankt yver jord,
liten alv med hugen hæve
hastar snøgg paa snare veng
til den laake eller gjæve,
som i naud hugsvaling treng.
 
Som kring hans hovud lett de sviva, vette,
dykk syne her ljosalvar av dei rette:
i logn de hugge hjarteverken fæl,
og døyve dei glodheitte angers-tokor,
tvaa rein fraa røynde rædsle-rygd hans sjæl.
D'er fjore  nattarøykte-vokor;
no vensamt utan drygsl deim nøyte vel.
Fyrst lægje hovud hans paa bolster linne,
so bade han i dogg fraa gløym'ske-straum;
daa vil dei makast snart dei lemer stinne,
naar styrkt han kviler i sin morgondraum;
gjer' skil for dykkar høg'ste ros:
gjev' att han til det heilage ljos.
 
Røyster
einskilde, tvi- og mangfelde, skiftande og samfelde.
 
[Kveldsvæva].
 
Naar seg lume kveldkjøl roar
kringum skogarbrynte vang,
ljuve angar, lette moar
hjella seg i skymrings-fang.
Sull' han sælsleg fred i hjarta,
vogg' det blidt til barnero,
og steng' att dagsglima bjarte
for hand mødde augo no.
 
[Nattsvæva].
 
Avdags alt paa nattkvelv blaae
tendrast heilag stjerneher,
store ljos og ljoskar smaae
blikra nær og blenkja fjerr:
blikrar opp fraa votni vide,
blenkja ned fraa kvelven klaar,
og til trygd for nattfred blide
mannen glansrik rømdi raa'r.
 
[Ottesong].
 
Slokna er dei stjernestunder,
farne baade sorg og frygd.
Kjenn! Du frisknar av din blunder;
sét til dagsbrun ny di trygd.
Dalar grønka, kollar kuva,
grøda skog til skuggekvild;
og med sylvkvit bærling luva
aakrann' mot ei skurdonn gild.
 
[Morgonvekkja].
 
Von paa von uppunder elda
sjaa i lysingi som sprett!
Berre lint din hug er helda,
or svevnorar-skalet smett!
Dryg'ske djerv di vaagvon taka,
mugen raadlaus rek seg vill;
all ting kann den gjæving maka,
som seg raar og rask triv til.
 
         Veldig dunder varslar solspretten.
 
Ariel.
 
Lyde! att kann aandeøyra
timedise-stormklang høyra:
nyfødd dagen fram skal køyra.
Austerportar skrella, skaka,
solvogn-hjuli dura, spraka,
aa, for dyn, naar ljosveng slær!
Lurlaat stig og trumming dunkar,
øyra kvekk og auga blunkar,
øgjen høyrand' ikkje er.
Av i blomsterskaaler djupe,
ned og ned i skjol de krjupe,
millom steinar, under lauv;
vert ein raama, er ein dauv.
 
Faust.
 
So fjørug-friskt slaa livsens pulsar rauste,
dei hugsamt helsa vil den klaare dagning;
du, jord, var og i natt den gamle trauste
og angar nykveikt mot meg med di fagning,
hev alt paa hugnad rundt ikring aa bjoda;
du dreg og driv meg med ei vilje-magning
til stødt meg paa det høgste liv aa moda.
 
         I lysing graa hev heimen fram alt flote,
fraa skogen livsens tusund røyster ljoda,
kring dal og dæld hev skodda strimor gote,
men ned i djuvi lyser himmelsklaara,
og grein og kvist hev nykveikt fram seg skote
or natteblaaen i den djupe skora;
no let paa lét seg skil fraa grunnen faamen,
der blom og blokka dryp med glitretaara, -
mitt kringsjaa av eit paradis fær daamen.
 
         Uppetter sjaa! -Dei øvste høgfjellskollar
ber bod, at no er solsprett-timen komen;
dei aarle alt i ævordljoset skollar,
som sidan renn aat oss i lægre-grender.
No gladnar grøn-innkvelvde sætervollar
for soli, som nykveikt glans og klaarleik sender
og glid fraa hall til hall nedetter lider; -
der stig ho fram! -og sjaa! eg av meg vender
og blunkar solblind; det i augom svider.
 
         So er det og, naar me i vonfull lengsla
hev vunne høgdi etter tunge strider
og opi finn kvar ynskjedør og stengsla;
daa gys det utor dypste ævordsgrunnar
ein ofse-eld, me standa kvar i trengsla;
me kyndlen vilde kveikt fraa livsens brunnar,
eit eldhav kring oss slær si logebylgja!
Um elsk ell' hat -det logand' kring oss tunnar
med sorg og frygd i styrlaus baarefylgja,
so atter augo ned me snu mot grøda
og i det yngste vaarsprett-slør oss bylgja.
 
         So lat daa soli attanfor meg gløda!
Paa fossen, som med during veg seg sprengjer,
eg ser meg glad og gløymer mein og møda.
Fraa stup til stup han gys i tusund strengjer
og tusund straumkast utfor klovet føysand',
so himmelhøgt med sjogskum sprøyten slengjer.
Men sjaa kor brikjen fram or govet gøysand'
vêrbogen kvelver, stendig eins i skifti,
snart klaar aa sjaa til, snart i duft seg løysand',
og spreider kring seg svale duskregn-drifti.
Hanspeglar trøytingi til mannasansen.
Tek etter, og du skynar bilætskrifti:
det me av livet eig er ljosbragd-glansen.
 

Frå J. W. Goethe: Faust. Eit syrgjespel. Umsett til norsk og upplyst ved A. M. St. Actander. Andre bolken. Kristiania. Olaf Norlis forlag. 1921. Side 1-5. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad