Faust

(Omsetjing, 1921)

Omsett av M. St. Arctander

I aar kjem andre parten av Goethes«Faust» paa nynorsk (hjaa Norli). M. St. Arctander fekk ferdig umsetninga fyrr han døydde og sytte for ein biletrikdom som ikkje nokor onnor Faust-utgave i noko land har maken til.«For Bygd og By» har paa sidone her framanfor nokre prøvor paa bileti, og her tek vi eit morgonkvad av Faust:

So fjørug-friskt slaa livsens pulsar rauste,
dei hugsamt helsa vil den klaare dagning;
du, jord, var og i natt den gamle trauste
og angar nykveikt mot meg med di fagning,
hev alt paa hugnad rundt ikring aa bjoda;
du dreg og driv meg med ei vilje-magning
til stødt meg paa det høgste liv aa moda.

I lysing graa hev heimen fram alt flote,
fraa skogen livsens tusund røyster ljoda,
kring dal og dæld hev skodda strimor gote,
men ned i djuvi lyser himmelsklaara,
og grein og kvist hev nykveikt fram seg skote
or natteblaaen i den djupe skora;
no lét paa lét [sic] seg skil fraa grunnen saamen,
der blom og blokka dryp med glitretaara,
mitt kringsjaa av eit paradis fær daamen.

Uppetter sjaa! - Dei øvste høgfjellskollar
ber bod, at no er solsprett-timen komen;
dei aarle alt i ævordsljoset skollar,
som sidan renn aat oss i lægre-grender.
No gladnar grøn-innkvelvde sætervollar
for soli, som nykveikt glans og klaarleik sender
og glid fraa hall til hall nedetter lider; -
der stig ho fram! - og aa! eg av meg vender
eg blunkar solblind; det i augom svider.

So er det og, naar me i vonfull lengsla
hev vunne høgdi etter tunge strider
og opi finn kvar ynskjedør og stengsla;
daa gys det utor dypste ævordsgrunnar
ein ofse-eld, me standa kvar i trengsla;
me kyndlen vilde kveikt fraa livsens brunnar,
eit eldhav kring oss slær si logebylgja!
Um elsk ell' hat - det logand' kring oss tunnar
med sorg og frygd i styrlaus baarefylgja,
so atter augo ned me snu mot grøda
og i det yngste vaarsprett-slør oss hylja.

So lat daa soli attanfor meg gløda!
Paa fossen, som med during veg seg sprengjer,
eg ser meg glad og gløymer mein og møda.
Fra stup til stup han gys i tusund strengjer
og tusund straumkast utfor klovet føysand',
so himmelhøgt med sjogskum sprøyten slengjer.
Men sjaa kor brikjen fram or govet gøysand'
vêrbogen kvelver, stendig eins i skifti,
snart klaar aa sjaa til, snart i duft seg løysand',
og spreider kring seg svale duskregn-drifti.
Han speglar trøytingi til mannasansen.
Tenk etter, og du skynar bilætskrift:
det me av livet eig er ljosbragd-glansen.


 


Frå For Bygd og By. Nr. 23. Sundag 4. desember 1921. 10. aarg. Kristiania 1921. Elektronisk utgåva 2003 ved Jon Grepstad