Kapucinmunk-preika i "Wallensteins læger"

(Omsetjing, 1911)

Omsett av A. M. St. Arctander
 
(Etter Abraham a Sta. Clara (1644-1709) si feltpreika mot tyrken: "Upp, upp, kriste folk", fraa 1683; umdikta i aattande møte av Fr. Schillers skodespeldikt).

Fjellfolk koma og spela ein rull, fyrst seinlegt og so alt forare. Fyrste jæger dansar med reiddeigja, marketentar-kona med ungguten. Gjenta smett undan, jægeren baketter, og fær hald paa kapucin-munken, som kjem attaat nett med det same.

KAPUCIN-MUNKEN.
Heisa! Hopsa! Dudeli-dei!
Her er nok høgtid. Eg med kjem aa leid!
Er det kriste herfolk, som soleis gistar?
Er me tyrkar? er me antibaptistar?
Ap med sundagen gjera ein kann,
som um verkbroti var Guds veldes hand,
og vann ikkje meir slaa til, so det svider?
Er no det stunder til svire-rider,
til etar-lag og til kviletider?
Quid hic statis otiosi?
Kvi standa de her og hengja paa nos?
Ufreds-skreidi hev kome paa los,
ved Donau hev Bayerlands borg dei teke,
i Regensburg fienden kloi hev reke,
og heren mun her i Bøhmen sumla,
fyller sin buk, læt inkje seg dumla,
bryr seg meir um krus enn um krig,
kvet snarare snavlen sin enn sablen,
øslast med tauserne meir enn gjerna,
et heller uksen enn Oxenstierna.
Kristheimen i sekk og oska seg ankar,
hersveinen berre i skreppa si sankar.
Det er ei tid med taaror og naud,
paa himmelen teikn og vedunder stygge,
og ufreds-skyrta blodutt og raud
Gud-Herren heng fram i skyar-glygget.
Hyttande ut gjenom himmel-ruta
held han kometen nett som eit ris,
all verdi gjev seg paa vesallmanns vis,
paa blodhavet duvar kyrkje-skuta,
og Romariket - Gud betre og barme -
skulde no heita Roma arme;
Rinstraumen no hev vorte til Pinstraulnen,
kloster er sette paa sveltefoster,
bispedøme gjorte til bispe-røme,
abbedie og preste-bol
er no røvarhide og tjuvehol,
og alle dei velsigna tyske grender
er umsnudde vortne til eleg-lender -
Kva som gjer det? Gaum vel etter det, eg forkynner:
det skriv seg fraa dykkar lastar og synder,
fraa den heidendom og ukjura,
i den hersveinar og officerar tura.
For syndi magnetsteinen er mi sann,
som dreg staalet inn i vaart arme land.
Attpaa uretten kjem illaaten,
som attpaa den beiske lauken graaten,
straks etter U kjem V-en, ma,
det er fylgja i abesa. -
Ubi erit victoriæ spes,
si offenditur Deus? Kann siger ein vona,
naar ein skulkar fraa preik og fraa mess,
gjer ikkje anna i sjappi seg dona?
Kvinna i vangilja paa det siste
att fann peningen, som ho miste,
Saul fann aat far sin asni fine,
Josef dei hæve brøderne sine;
men um ein røkjer i hermanns kram
etter age for Gud og tugt og skam,
so finst det kje stort, som so kann heita,
um so etter med ljos og med lykt ein leita.
Lesa me gjer i evangelisten,
at til preikarn i øydemark-visten'
ogso hersveinar ut seg snøypte,
som gjorde bot og som vart døypte,
spurde so: quid faciemus nos?
Koss gjer me, at rom det i Abrahams fang vert aat oss?
Et ait illis: og han held fram:
neminem concutiatis:
ver ikkje skinnarar utan skam,
neque calumniam faciatis:
laste og ljuge kje nokon paa!
Contenti estote: ver nøgde daa
stipendiis vestris: med løningi dykkar,
og bannlyse vonde vanar og nykkar.
So er det eit bod, som til hitt er make:
Herren din Guds namn kje faafengt du take!
Men kvar høyrer ein gleivr og banning sværar'
enn her i Wallensteins leidings-herar?
Laut klokkorne ljoma kring land og strand,
kvar gongen ein eid dykk fraa tunga gaus
og brann med dundring og banning laus,
ei liv meir i nokon klokkar det spann.
Og um or hedna dykkar det datt
eitt haar-straa ut for kvar vaabøn radt,
som or dykkar skitne munnar gaar,
vart skallen snaud i den same natt,
um enn luggen var tett som Absalons haar.
Josua óg paa hermanns vis tok fat,
kong David slo ihel Goliat,
men kvar stend med ord det skrive og sanna,
at dei var slik til aa engla og banna?
Ein tarv daa ikkje, skulde eg tru,
lata munnen meir upp til eit "Hjelpe meg Gud",
enn til eit "Dægeren hente og snu"?
Men - det som eit kjerald fyller kav,
det lyt det rausa og renna av.
So kjem nok eit bod det: "Du skal kje stela".
Jau, det lyda de ordgrant og vel,
de taka i synom alt, de stel.
For dykkar klør og ræfugl-grip,
for dykkar meinkrokar og vonde knip
er trygg korkje peningen i kor
eller kalven i kui sin bur,
de taka baad' egget og hønemor.
Kva segjer preikarn? Contenti estote:
nøgjast med hersvein-stumpen de ljote.
Men lel lyt ein tenar til godes ein sjaa:
avstyggjingi kjem daa ovanifraa!
Lemerne allstødt paa hovudet leit;
kven han hev tru paa, d'er ingen som veit.

FYRSTE JÆGER.
Prest! hersveinarne av Han maa reida,
paa hovdingen skal han kje inn seg leida.

MUNKEN.
Ne custodias gregem meam!*
Det er slik ein Akab og Jerobeam,
som snur folk burt fraa den reine læra,
og byd deim framande gudar æra -

TROMPETAR OG UNGGUT.
Nei, paa dette det slutt skal vera!

MUNKEN.
- slik ein storkytar og bolteføykja,
som vil alle faste borger møykja.
Briska seg han med sin gudlause munn,
han skulde hava byen Stralsund,
um fest han sa var med lekkjor til himmeln's rund

TROMPETAR.
Stoggar daa ingen hans hædings-gaul?

MUNKEN.
Slik ein djevelmanar og ein kong Saul,
ein Holofernes og ein Jehud,
som neittar lik Peter sin Herre og Gud,
og herdest kje høyra, at hanen gjel -

BAAE JÆGARAR.
Prest! Bed no for di arme sjæl!

MUNKEN.
- slik ein listig Herodes rev -
Tompetar og baae jægerane gyva paa honom.
Teg med deg! Livet ditt me krev!

KROATARNE
ganga imillom.
Statt der prest, og ikkje deg ev,
ordber deg fritt og meir oss gjev.

MUNKEN
skrik i.
- slik ein Nebucadnesar med ovbyrge brettar,
slik ein syndafader og mygla kjettar!
Han gjev seg namn av Wallenstein!
Med sanno, han er oss alle ein stein,
avstyggjings-berg til støyt og mein,
og so lenge den Friedland fær raada so brikje,
vert fred det ikkje i land og rike.

Medan han segjer dei siste ordi med lyft røyst, hev han smaatt um senn attra seg, og Kroatarne verja honom mot dei hine hersveinane.
 
* "Hjordi mi skal du ikkje vakta!"

Frå Syn og Segn 1911. Oslo: Det Norske Samlaget. Side 166-170. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad