Sjølvbiografi

(Sjølvbiografi, Ung-Norig 1919)

Av A. M. St. Arctander

     Arctander, Adolf Maurits Stenbock, f. 23/10 1847 paa Ekern, Hadsel (Vesteraalen), av foreldri lensmann Jesper Andreas Arctander (f. i Buksnes 26/1 1806, d. i Kristiania 16/9 1873) og Anne Marie Paulsen (f. i Hadsel 13/10 1813, d. i Kristiania 23/10 1895).
    Baae Arctanderne fraa denne aargangen er stokkne av ei gomol presteætt, som kom til Norig i kyrkjeumbøtings-tidi og hadde sin fyrste bokmann i prestesonen fraa Kvernes, Nils Lauritssøn Arctandar, (d. biskop i Viborg 1616). Av ei ættegrein, som var nordanfjells komi, var fyrste soknepresten til Ofoten, Aron Arctander (d. 1781 g. m. Margareta Aalum). Han aatte tvo søner 1) Hans Stenbock Arctander (d. 31/3 1810 s.skrivar i Lofoten og Vesteraalen g. m. 1) Anna Kempe, 2) Maren Abel Rohde); 2) Aron Arctander (d. 1851, g. m. Maren Hertken), var farfar til meg og frendarne mine, avlidne yverlærar Nils Arctander (f. 1842, d. 1902) og borgarmeister Sofus A. B. Arctander (f. 1845), søner av min farbror, tollkontrollør i Kristansand S., Hans Stenbock Arctander (f. i Buksnes 25/4 1807, d. i Kristiania 1884). — Son til den andre, landfysikus i Smaalene, Ove Guldberg Arctander (f. i Kjøbenhavn 2/10 1780, d. 15/10 1822, g. m. Karen Sibylle Rødder Helt) var farfar til n.v. adkokat [sic] i Minneapolis Carl Johan Ludvig Wilhelm August Arctander (f. i Stockholm 2/10 1849, student fraa Skiens skule, laud, 1867), eldte son til August Hieronymus Arctander (f. i Stavanger 21/8 1818, d. adjunkt i Skien 5/12 1878, g. m. Carolina Andrietta Rosamunda Ahlsell, Stockholm).

    Far min hadde vore paa kontoret hjaa s.skrivar John Svaboe Steen (far til Joh.s Steen) og mor mi styrt huset der, fyrr han vart lensmann og dei vart gifte. Frilynd uppseding i heimen til 13-aarsaldern (dei tri siste aari med lærar-rettleiding) gav meg medviti leida til puggverk-gjerdi i resten av skulegangen (fraa 1964—67 paa kathedralskulen i Trondhjem); og konfirmations-fyrebuingi hjaa presten Fr. Wexelsen og samlivet med venelaget hans vende hugen min til det grundtvigske livssynet. Det brøytte snøgt hugnaden ved student-eksamen (med godt haud illaud.), at allskulen heldt fram med den turre skulelærdoms-formi utan aa bjoda større livsutsyner. So mykje meir vart eg hugteken av prof, [sic] R. Nielsens gjestefyrelesningar: "Om hindringer og betingelser for det aandelige liv i nutiden"; umfram den trøysame kritikken yver turr skrift-teologi gav dei meg tru paa, at "filosofi" var meir enn kjevl, rettleiding paa høvet millom natur og aand og eit aands-fyllt røynsle-skyn til grunnlag for personlivet. Etterpaa gjekk eg den trikløyvde naturkunnskaps-lina (med botanik) til annan-eksamen, fekk laud, vart innskriven for teolog, men treivst helst i lag med midicinarer, høyrde lester berre i dei ymse emne, som hugtok meg, og rak — einsam eller i lag — sumrane igjenom fraa fjell til fjøra paa tri-maanads-fotferder, som styrkte kroppen og gav kjennskap til folk og land.

    Etter studentmøtet 1869 sokna eg til den unglyden, som i storm- og strids-tidi 1870 (just medan og [sic] var huslærar i Dramn) fylkte seg i studentsamfundet um Bj. Bjørnsons og Chr. Bruuns upprop um aa ganga i brodden for ei folkereising til fridom i kyrkje-, skule- og samfundsliv. "Det akademiske borgar- og broderlag" burde uppgjeva serretten sin til "den fyrre formelle upptukting i human lærdom fraa asensungar til folk, som var noko", — upphavet til "byraakratiet", d. e. ei skrymtvitskapleg, for folket framand embæts-kasta. Notidi maatte gjera streng skilnad paa den aalmene folkeuppsedings-skulen for born og ungdom paa heimlege natur- og tjodskaps-grunnar, og paa dei serskilte fagupplærings-skular i dei ymse yrkes- og embætsgreiner paa heilt praktisk grunnlag; fraa baae leider maatte det vera fritt tilgjenge til allskulen for alle dei, som turfte ser vitskapleg rettleiding, og denne høgste-heimen for fri gransking paa alle umkvervar verta frigjort fraa all a. b. c. staving til eksamens-bruk. Det kravdest ein fri skule for livet utan eksamenshefte.
    Eg var den gongen — og er enno — heilt samd i denne upplysningsgrunntanken, som hjelpte til aa samla"det norske vinstre", stod fyrste støyten paa "Folkehøgskulemøtet i Kristiania" vaaren 1872, men som enno er lika langt fraa aa vera sett i verk. I lag med tvo av felagarne i mitt "Torsdags-lag",W. A. Wexelsen ogPeder Odland, hadde eg eit aars tid lese teologi paa spreng og tok sumaren 1872 eksamen med laud; vintren 1872—73 vitja soV. Ullmann og eg, som hadde tenkt paa skule i Nedenes, dei danske folkehøgskularne*). Daa far min døydde og ymist anna kom i vegen, freista eg 1874 aa skipa "Nordisk høiskoleblad" i lag medP. Riemann (no dansk prest); daa so riksstyret fraa 1877 tok til aa svelta folkehøgskularne ut med sine "amtskular", flutte eg, utleid av bylivet, som jamt skjeplar "naturlyndet" hjaa lands-menneskja, til Hardanger og hjelpteJoh.s Helleland aa halda sin skule i Ullensvang ved lag, til den fekk tilskot i 1880. Likeins studde eg skulen i Siljord, daaUllmann i 1887 miste tilskotet og laut taka seg kvild for helse skuld, og styrte so i lag med hanTelemarks folkehøgskule ogfriseminar fraa 1888 og til skularne fekk tilskot i 1892. I millomtidi hadde min astmasjukdom — eit minne etter ei kikjehoste-rid i 4-aarsaldren og til meins for meg alt ifraa 1873 — nøydt meg til m. a. aa segja ifraa meg ein klasselærar-post i Larvik, og i det heile lært meg aa gjera byte paa livet med skule-arbeid, bokmanns-yrke og heimeseta med hage- og hønsestell. Denne helsesuti dreiv meg og i 1892 attende til Hardanger.

    Heile tidi hev eg elles ihuga vore med i striden for kyrkje- og folkefridom. Umfram eit utval med blad-uppset og bokmeldingar hev eg skrive: 1883"Folkefrihet og høikirkelighed" til motmæle mot J. Riddervold i Ullensvnng [sic]; 1886"Bibelens oprindelse" mot Kr. Jansons aatak. Alt fraa mi referent-tid i stortinget i 70-aari hadde eg vunne meg kjennskap og tiltru hjaa hovdingarne i ymse krinsar og seinare fenge mangeleis høve til aa koma under med den sverdrupske løyndarleiken i 80-aari. Framfyre den store valstriden i 1888 freista eg avduka det røynlege samanhenget i"De sverdrupske misisterkriser" [sic]; men denne utgreidingi, som st.præs.Joh.s Steen hadde godkjent og takka meg for paa folket sine vegner og riksraadAstrup kosta i prenting, vart berre til helvtar ferdugskrive; det synte seg, at folkvilde korkje sjaa eller høyra, so lenge det var ugjerande aa gjeva atter paa prent dei for meg framlagde fyrstehands-provi paa meinraaderne, som Joh. Sverdrup hadde lagt i vegen for vinstre-flokken til aa vinna heil jamlikskap i sambandet med Sverik. Den lagnadstunge fylgja, som Ullmann nemnde "utøydingi av identiteten i Norig", stod ikkje til aa venda; heile den ættled av fridomsuppglødd ungdom, som stod fylkt til aa løysa dei nye fyreloger og hævda dei aandelege livsverde, snudde seg kjenslevikne med brotne fridoms-voner ifraa samfunds-arbeidet og seig ned i sjuk decadence eller traassug naturalisme; det kvarv ein heil mansalder i rekkjefylgja av fyregangsmenner; og realistiske straumdrag, som tok arven etter den gamle "intelligens", fekk yvertaket baade i det politiske og sociale liv; dei fekk knesett den heiltupp reaktionære "millomskulen" og hev emna paa ein "tvangs-einskapsskule", meint paa aa bandleggja ogso folkehøgskule-fridomen — alt beint imot vinstres upphavelege skulefrigjeringstanke.

    Ved hundradaars-skiftet, daa folk tok til aa tru paa folkehøgskulen til boteraad mot utferds-hugen hjaa lands-ungdomen, var eg so fjerre utkvild atter, at eg vaaga paa aa faa i gange høgskulen i Vesteraalen paa farsgarden min, som just den gongen var fal. Eg kaupte, flutte, vølte husi til skulebruk, fekk tilskot og tok til hausten 1901; men arbeidet vart meg snart for stridt, ikkje minst, av di eg kom upp i ein beisk maalstrid, som eg med ungdomen paa mi sida ikkje kunde attra meg paa. 1904 laut eg slutta, gjeva gard og skule ifraa meg mot vederlag og flutta sørpaa atter; paa søknad gav riksstyre og storting meg utanum regel pension for helseknekk og andre serlege orsakar skuld. Sidan vart skulen flutt til Kabelvaag i Lofoten og er under nytt styre i godt gjenge.
    Alt i skuletidi, daa eg skreiv ei umsetjing av Sofokles' "Filoktetes" (Trondhjem 1867), hadde eg prøvt den noverande "riksmaals-retskrivingi" og funne ho ubrukande, av di ho er rotlaus baade i dansk og norsk og berre "dyrkar knotingi" paa baae maali. Og i 70-aari vart det klaart for meg, at me er soleis ihopvaksne med vaart norske folkemaal baade i kynde og i lynde, at reisingi av det er det naudsynlege vilkaaret for, at det skal verta eit medvite folk og ikkje ein lauslyndt og illkyndt muge med storstad-gjerd utav oss. Dei mange aar i Indre-Hardanger hadde kveikt kjensla og øyra for god maalform, so eg paa mine gamle dagar vaaga meg paa aa umsetja Goethes "Faust" til prov paa, at maalet vaart er fullt kulturført til aa bera fram alle notidtankar. 1911 kom "Faust, Fyrste bolken", 1914 Schillers "Wallensteins læger", som baae hev fenge all fagning heime som ute, og eg vonar faa senda ut "Faust, Andre bolken" til 70-aars-dagen min iaar. I seinste aari hev eg havt heimen min paa Vettre i Asker, og mi verste sut er, at helsa meinkar meg aa koma utanfor heimen.
    Eg er tvo gonger gift, fyrst 1877—86 med Emma Elise Voigt, dotter av kontrollør Voigt paa Toten, og etter friviljugt skilsmaal fraa henne sidan 1893 med Katrina Helvig Osa, dotter av Anders Osa, Ulvik; eg hev ingen mist av dei vener, eg hev vunne, men dei fleste er no burtgjengne og liva hjaa meg i venelske minne; eg hev aldri gjort meg til træl for skuld pengar; di so hev eg halde min ungdom ved lag og min arbeidshug frisk, so eg med takk til Gud for alt kann styrkja og hævda min sersvip i dei laake tider med von for det komande, viss um, at som lukka jamt hev vore det norske folk betre enn aatferdi, skal det finna seg sjølv atter i heimen og sjaa gode framtid-dagar. Det eldar daa alt for ny-æva i frilynde ungdoms-hugar!

A. M. St. Arctander.

*) Sjaa minneskrifti mi "Skolemanden Viggo Ullmann" 1913.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 8. August 1919. 2. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.