Fyreord (til ABC-bok)

1924

Av Andreas Austlid

Denne vesle boki hev si eigi soge – ho var den fyrste abc-bok på norsk maal i Noreg, og ho kann halda femtiårs-høgtid um fem år.
I 1877 kravde Vestmannalaget i Bergen einorskabc-bok åt landsens eigne born, og sette upp ein liten premi for ei slik bok.
Då hadde eg havt friskule i Lom i fleire år, og kjende godt kordenskoen klemde. Desse friske fjellborni frå øvst i Gudbrandsdalen visste ikkje at "vand" var vatn, eller at "en tro" var ei tru – endå mindre at "grød" skulde vera graut; dei visste ikkje ein gong at "en ko" var ei ku! So lite hadde det danske bokmålet bite på deim.
For her levde den gamle bondekulturen ubroten. Kom ein av deira eigne med knot, vart han og lædd ned so det var ein ynk. Embetsmannen og målet hans var frå ei heilt onnor verd, som kanskje nok hadde sin vyrdnad, men ikkje kom bonden det minste ved.
Borni mine lærde å lesa av ei tavle, "Ein sogebundel" og eit par eventyrbøker. Sume såg ikkje abc-bok. Å, eg syntest egsågkorleis ei slik bok laut vera! Eg sette meg til å skriva straks.
Det kom inn 5 bøker åt Vestmannalaget; ingen mindre enn Ivar Åsen hadde sendt prøve.
Denne mi vart so teki. Ho vart prenta hjå Eide i Bergen.
So gjekk 16–18 år, og det kom eit par upplag.
Då gjorde "Det norske samlaget" i Oslo eit nytt framtak: fekk Stortinget til å lova ut pengar åt ei norsk abc-bok. No vart premien større. Og no kom det inn 11 handskrifter.
Denne vart teki på nytt. Ho var umarbeidd og mykje større; og no fekk ho teikningar frå Bergslien.
Serleg i dei siste 25 år hev denne vesle bokibrøytt vegenfor mange småfolk i Noreg. Frå hundradtal heimar kom same meldingi: at dei lite og inkje bry hev havt med borni og lesingi no sidan; "og då fær det vera det same kva mål ho er skrivi på", hev sume lagt attåt.
No kjem ho att, i ny bunad, med fargelagde bilete og lette barneteikningar åt kvar bokstav, og dertil det nyaste på denne umkverven: med små, einfelde klippe-øvingar, som borni vil ha moro av ågjera etter, naar dei kjem heim frå skulen. Den nyaste godkjende rettskrivingi er brukt i heile boki.
Det eg ynskte for 45 år sidan slo godt til. Lat meg so ynskja det upp att: Gud signe boki og borni, so ho kann fylgja deim ein varm og rein ange frå skog og dal og fjell, frå all hans friske natur!
So skal dei nok få hug på å lesa – sjølvbedne.

Garden Austlid i Gausdal, oktober 1923.


Frå Andreas Austlid: ABC-bok. Ny om umvølt utgåve. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag 1924. (Niande upplag – Nittiande tusen) Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad