Rolv Trælviki

(Forteljing, 1924)

Av Andreas Austlid

Hev du høyrt gjete honom? På skeisom var han lauken. Han gjekk forare med ei halv-tunne korn på ryggen, han, enn dei hine skeise-lauparane gjekk lause. Han kapp-gjekk ofte, og då hadde han moro av å sleppa deim fram-um seg; men når dei kom åt målet, var han Rolv fyre.
Han åtte heime ved Vågåvatnet. Ein kveld fekk han sjå ein ulv ned-på isen; det var blank måne. Då spente han på seg skeisone, greip ein staur og sette utpå. Han gjorde tvo-tri sett og skaut seg beint på ulven –og til å daska på han! Men ulven tok stauren i kjeften og heldt fast, flutte seg upp og upp med tennene og hogg etter fingrane hans Rolv. Han Rolv laut sleppa, men svinga um og tok att-i hin enden. Men so gjer ulven som fyrr, og kjem etter med tennene og høgg etter fingane hans på nytt lag. Då skyt han Rolv seg beint over ulven og tek hin enden. No vil ingen gjeva seg.
Best det var, hoppa han Rolv ende upp og spente ulven so han trilla og tok spranget. Men han Rolv hadde stauren, og braut han i tvo stubbar over kneet og sette etter. Ulven snudde seg og gliste og tok staurstubben med tennene. Men når ulven hadde ein stubb i kjeften, so smurde han Rolv til med den andre; og no var det rapp på rapp, rapp på rapp ––
Då han fór heim-att over isen, hekk ulven etter føtene bak på ryggen hans.
 

Frå Andreas Austlid: ABC-bok. Ny om umvølt utgåve. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag 1924. (Niande upplag –Nittiande tusen) Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad