Um dei tri bukkane som ikkje vilde ut or erter-åke

(Forteljing, 1924)

Av Andreas Austlid



Det var ein gut, og det var tri bukkar. So skulde guten gjæta bukkane, og so flaug dei burt i erter-åkeren og vilde ikkje ut-or att. Då sette guten seg på ei tuve og gret. So kom det ein hare.

"Kva græt du for?" sa haren.

"Eg græt for di eg ikkje fær bukkane ut or erteråkeren att," sa guten.

"Eg skal hjelpa deg," sa haren. So drog han i vegen, men fekk ingi råd med bukkane. So kom han att og sette seg på ei tuve og gret, han og. Då kom det ein rev.

"Kva græt du for, du då?" sa reven.

"Eg græt for di guten græt," sa haren, og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

"Eg skal hjelpa dykk," sa reven. So sette han i vegen, men fekk ingi råd med bukkane. Då kom han att og sette seg på ei tuve og gret. Kom det so ein gråbein.

"Kva græt du for, du då, rev?" sa gråbeinen.

"Eg græt for di haren græt," sa reven, "og haren græt for di guten græt, og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

"Skal hjelpa dykk," sa gråbeinen og labba i veg Men han vann ikkje med bukkane; han kom att og sette seg på ei tuve og gret, han og. So kom det ein bjørn.

"Kva græt du for, du då, gråbein?" sa bjørnen.

"Græt for di reven græt," sa gråbeinen; "men reven græt for di haren græt, og haren græt for di guten græt og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

"Skal hjelpa dykk, eg," sa bjørnen. So rugga han i vegen, men kom att og fekk ikkje bukkane ut or erter-åkeren han heller. Han sette seg på ei tuve og gret han og. So kom det ein tordivel.

"Kva græt du for, du då, bjørn?" sa tordivelen.

"Eg græt for di gråbein græt," sa bjørnen, "og gråbein græt for di reven græt, og reven græt for di haren græt, og haren græt for di guten græt, og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

"Eg skal hjelpa dykk," sa tordivelen. So flaug han i vegen og sette seg på bukke-spælen og sa: "brrrrrrr!" Og då fór bukkane ut or erter-åkeren.

 


Frå Andreas Austlid: ABC-bok. Ny om umvølt utgåve. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag 1924. (Niande upplag - Nittiande tusen) Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad