Alt som er

(Roman, 2004, utdrag)

Det er mørkt der. Ikkje steinmørkt, ikkje direkte beksvart, for det finst små, skimrande punkt, ikkje lyspunkt akkurat, men, ja ... skimmer. Skimmer rundt sjelene deira. Og det er stille, men ikkje knystande stille, ikkje øyredøyvande stille, for det er noko der, eit lett pust, ei svak summing, noko kviskrande. Det er liv der, ulevd liv, og ein slags røyster, stumme rop.
 
Det er svært langt ute.
Det er lenger ute enn døden.
Det er livet som aldri fekk komme i gang.
Dei døde har trass alt vore levande ein gong og har tatt med seg minna om livet inn i sitt mørke. Dette mørket er annleis. Dette er rommet innanfor.
Dei døde kan trass alt stå ved glaset og sjå ut, på dette livet som dei kjenner til og kjenner att og kan minnast og vite noko om. Desse her, dei som aldri blei fødde, er lenger borte, men lengten er like sterk.
Ønske, bønner, draumar ... Lengten er like sterk.
 
I rommet innanfor, rommet bak alle dei andre romma, i dette rommet hitanfor livet og bortanfor døden, er det to skimmer som no lyser for kvarandre. To svake pust blir til ei stille kviskring. Nokon har funne kvarandre, og funne ut at dei skulle vore brør. Dei er brør. Dei rann ut av den same kvinna, før det var hud nok der til å halde dei saman. Taket glapp for dei til forskjellig tid, men det gjer ingen forskjell.
Mariann heiter ho, mor deira. Den vakraste i verda er ho, så mjuk, så lun.
Til alt glapp. Men likevel ... Dei kan ikkje få lovprist henne nok.
 
Den eine har namn, den andre ikkje. Det er sårt, at ho berre gav namn til den eine. Kan ein elske sitt eine ufødde barn meir enn det andre? Men dei pustar, summar, kviskrar seg fram. Dei finn ut av det. For etter at ho hadde mista Mikael, må ho ha vore så redd, så redd for å miste den neste. Ho må ha bestemt seg for å tenke minst mogeleg på barnet ho bar. Tenkt at om ho var utan forventningar, kunne det kanskje gå bra ... Slik må det ha vore.
Mikael finn eit namn til den andre. Han kallar han Bror. Snart kommuniserer dei som søsken skal, stumt og mørkt.
 

Frå Brit Bildøen: Alt som er. Samlaget 2004 . Side 9—10.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.