På visse tider av døgnet

(Dikt, 1994, utdrag)

Dette opne
 
eg studerer dette lette pustet
av ein mann som går inn og ut av
seg sjølv som om han var ei dør
 
inn og ut av livet mitt
som om eg skulle vere utan grenser
 
om han er ein engel eller djevel
eg kan gjerne spørre men spar
meg for eit svar
 
ingen ting skal få øydelegge dette
opne, trekken frå døra som slår
og slår i kroppen min, står halvopen
 
i augene mine, alltid
 

Frå Brit Bildøen: På visse tider av døgnet. Samlaget 1994. Side 44.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.