Henrik Vergeland

(Dikt, 1873)

Av Sigurd Blekastad

 

Noreg aatte ein Kjempe-Kar
slik som alder det skodat har,
Namnet kvar Nordmann kjenner;
kom lat paa Gravi oss kransa
Blomar aat Henrik Vergeland!

 

Noreg han i sit Hjarta bar,
alder Bonden so elskad var,
han bar hans Haap um vaar Framtid;
kom lat paa Gravi oss kransa
Blomar aat Henrik Vergeland!

 

Alt kvat Noreg av stort enn saag,
stort det allt i hans Bringa laag
kveikt i Brand av hans Eldhug;
kom lat paa Gravi oss kransa
Blomar aat Henrik Vergeland!

 

Noregs Morgon den staute Gut
song i hugheile Tonar ut,
spaadde um Landsens Framtid;
kom lat paa Gravi oss kransa
Blomar aat Henrik Vergeland!

 

Og daa Tidend kring Landet for:
Skalden tvilar i svarte Jord,
braut det fraa kvar Manns Hjarta:
"kom lat paa Gravi oss kransa
Blomar aat Henrik Vergeland!"

 

Stille, stille, lat graata stillt
store Skalden kan bli hugillt
styrr ei den rolige Svevnen!
Taaror lat Blomarne vattna,
gjøymt dei har Henrik Vergeland!


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Fjorde Aargang. Bjørgvin: Hjaa Ed. B. Giertsen 1873. Side 244-245. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad