12. Jesu! din Samfund i Anden at smaka

Av Elias Blix

Jesu! din Samfund i Anden at smaka 
Lengtar og stundar mitt Hjarta og Sinn.
Riv meg fraa Alt, som vil halda tilbaka! 
Drag meg i deg, som er Upphavet, inn! 
Syn meg til Fullnad mi Umegd og Møda, 
Syn meg det Djup utav Vanart i meg! 
So at seg Kjøtet til Daude maa bløda, 
Andi aaleine maa liva fyr deg!

Styrk du meg storleg i Saal og i Sinne, 
So eg di Magt i mi Magtløysa fær! 
Fest deg i Hjarta, i Tanke og Minne! 
Lokka og leid meg, so veik som eg er! 
Meg og mitt Eige eg gjerna vil giva, 
Naar berre du i mitt Hjarta vil bu 
Og alle Magter paa Dyri vil driva, 
Som vil meg burt fraa din Kjærleike snu.

Den, som det Eine fyr Alt kunde læra: 
Heil seg at offra med Hjarta og Saal! 
Maatte du, Jesu! mitt Alt fyr meg vera: 
Eg er dessverre enn langt fraa det Maal. 
Jesu! som gav meg eit høyrande Øyra, 
Leid meg paa Veg med di megtuge Hand! 
At eg deg trugen kann fylgja og høyra 
Rett som ein Christen i Sanning og And!

Høyr daa min Jesu! di kurrande Duva! 
Hyrding! leit' upp ditt villfarande Lamb! 
Ver du mitt Manna og læskande Druva! 
Reinska mitt Hjarta fraa Synd og fraa Skam! 
Lat meg i Bokstavens Trældom ei liva, 
Som berre utan gjer fager og fin! 
Men i mit Hjarta di Log maa du skriva, 
So eg i Sanning kann kalla meg din!

Jesu! naar vil du daa unna meg Kvila? 
Byrdi meg tyngjer, tak du henne av! 
Naar skal eg sjaa deg so vinlega smila? 
Reis deg at truga det dynjande Hav! 
Kom i mitt Myrker med Ljos og med Varme! 
Løyn daa ditt Andlit ei evig fyr meg! 
Dyraste Rikdom fyr andeleg Arme, 
Fyll du mitt audslege Hjarta med deg!

Lat meg, min Jesu! ei faafengt deg kalla! 
Sjaa, for mi Saal no er hungrig og bøygd! 
Lat oss, Immanuel! saman faa halda! 
Fær eg deg eine, so verder eg nøgd. 
Eingong du sagde: "det hardt maa deim leita, 
Um dei skal fastande fara herfraa." 
Evige Kjæærleik! seg, vil du daa neita 
Hungrande Saali ein Smule at faa?

Naadigste Jesu! no vil eg meg binda 
Fast til din Lovnad og trufaste Pakt. 
"Bede og leite! so faa de og finna." 
So hev den sviklause Munnen din sagt. 
Eg vil med Kvinna av Kanaan ganga 
Ropande til deg og tegjer ei still, 
Fyrr eg paa Bøni det Svaret kann fanga: 
Amen! ja Amen! det skje som du vil!

(Etter Hygom.)


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye. Christiania 1869. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larssen. Side 29-31. Elektronisk utgåve ved Anders Aschim 2003