13. Den Veg til Livet er so trong

Av Elias Blix 

Tone: Et trofast Hjerte, o Herre min

Den Veg til Livet er so trong: 
Der sjeldan Rosor anga; 
Men Klungrar veksa mangeing Gong 
Og fast ved Foten hanga, 
         Det sting og brenn, 
         Og Blodet renn,
So tidt eg saar og magtlaus stend 
Og kvider fyr at ganga.

So utrygg tidt den Vegen er; 
i lyt eg varleg fara;
For Myrkheims Fyrste med si Her 
Han vil meg inkje spara: 
         Paa denne Ferd 
         I all mi Gjerd 
Eg standa maa med Herrens Sverd. 
Det eine kann meg vara.

Gud strider med meg her paa Jord 
Og gjeng meg trutt til Handa. 
Mitt Sverd det er hans dyre Ord, 
Ved det eg traust skal standa. 
         Det giv meg Logn, 
         I striden Togn, 
Og jagar Fienden som Ogn, 
So fritt eg att' kann anda.

Gud Fader til sitt Barn meg tok 
Og i sitt Namn meg døypte 
Og skreiv meg inn i Livsens Bok 
Og i sitt Fang meg svøypte, 
         Den Barnetru 
         Meg bygg ei Bru 
Til Livet yver Strid og Gru, 
Um so meg Dauden gløypte.

Og verd mi Saal av Byrdi tyngd, 
So styrk meg, milde Fader! 
Giv Hjartat Kraft og evig Yngd, 
So Trengsla ei meg skader. 
         So fylg du meg 
         Den tronge Veg 
Og helst naar det til Kvelden dreg, 
Og sol i Dauden glader!


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye. Christiania 1869. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larssen. Side 31-32. Elektronisk utgåve ved Anders Aschim 2003