1. Fraa Himmeln høgt me koma her

Av Elias Blix 


(Tone: Fra Himlen høit komme vi nu her.)

 

"Fraa Himmeln høgt me koma her,

Og fagert Bod til Jord me ber,

Og um de no vil giva Ljod,

Me syngja ut den Tidend god.

 

Idag er dykker fødd ein Svein

Utav ei Jomfru klaar og rein,

Ein liten Son so væn og grann

Til Gleda fyre alle Mann.

 

Det er Guds Son vaar Herre Krist,

Som friar or all Trengsla visst.

Han vera vil ein Frelsarmann

Og løyser alle Syndeband.

 

Han Sæla ned til Jordi ber,

Som av Gud Fader etlad er,

At de i Himmerike maa

Til evig Tid Guds Andlit sjaa.

 

Men Teiknet vel de merka maa:

Ein Stall, ei Krubba reidd med Straa -

Der finna de det Barnet lagt,

Som ber all Verdi med si Magt."

 

So vil me ganga glad' i Sinn

Med Hyrdingom til Barnet inn,

At me den Gaava god kann sjaa,

Som me med denne Sonen faa.

 

Sjaa her, mitt Hjarta! giv no Agt

Paa det, som er i Krubba lagt.

Kven er det søte Barnet der?

Det Jesus Krist vaar Frelsar er.

 

So ver velkomen, høge Gjest!

Til Bot fyr Mansens Synd og Brest

Du kom i Armod ned til meg.

Eg aldri nog kann takka deg.

 

Min Skapare so rik og stor,

Kvi kom du daa so arm til Jord!

Du kviler i eit Krubberom

Paa Høy og Straa i Armodsdom.

 

All Verdi med si Vidd og Breidd,

Um ho med raude Gull var reidd,

Var daa ei Vogga trong og ring

Fyr deg, som fyller alle Ting.

 

 

 

Den Silkeseng, du lagdest paa,

Var ringe Klutar, stride Straa.

Der kviler du so lognt og blidt,

Som det var Himmeriket ditt.

 

Soleides best det syntest deg,

Med di du vilde syna meg,

At Verdi med si Magt og Høgd

Kann deg ei gjera rik og nøgd.

 

No kjære Herre Jesu Krist,

Tak i mi Hytta Husevist!

Her er mitt Hjarta, kvil deg der,

So eg deg stødt i Minne ber!

 

So vil eg alltid vera glad

Og syngja so kvar Stund og Stad

Ein Voggesong med Gledeljod

Til Æra for min Frelsar god.

 

Gud vere Lov paa Himmelstol,

Som gav oss denne glade Jol!

No Englar kved um Sæla vaar

Og syngja inn eit nytt Guds Aar.

 

(Etter Luther).

Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Jol".


Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 3-5. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
 

    2. Or Høgdi ned i Verdi skin

    Av Elias Blix 

    (Tone: Af Høiheden oprunden er.)
     
    Or Høgdi ned i Verdi skin
    Ei Morgonstjerna klaar og fin
    Med Sanning og med Naade.
    Du Jesse Rot og Davids Kvist,
    Min dyre Brudgum, Jesu Krist!
    Meg huggar i all Vaade.
    Mi Sol  I Jol,
    Væn og herleg,
    Mild og kjærleg!
    Gaavor gjæve,
    Ljos og Liv til meg du heve.
     
    Mi Rosa og mi Kruna prud,
    Son av Maria og av Gud,
    Du Konung himmel-ættad!
    Det sæle Ordet av din Munn
    Som Honing søtt min Hjartagrunn
    Med Himmelføda mettad.
    Guds Gror  Paa Jord,
    Himmelmanna,
    Hosianna!
    Deg til æra
    Glad i Anden vil eg vera.
     
    Du Eignastein og Perla god!
    Lat stødt din milde Kjærleiks Glod
    Uti mitt Hjarta brenna!
    Og lat meg som di friske Grein
    Med Livsens Druva rik og rein
    Utav ditt Vintre renna!
    Fraa deg  Skal meg
    Ingen skilja,
    Himmels Lilja!-
    Saar i Hugen
    Etter deg eg stundar trugen.
     
    I Gud mitt Hjarta gleder seg,
    Naar mildt ditt Auga ser til meg
    Og klaart i Naade tindrar.
    Min Herre Krist, kor du er god!
    Ditt Ord, di And, ditt Kjøt og Blod
    All Sorg og Saknad lindrar.
    Fød meg,  Grød meg!
    Kveik i Barmen
    Himmelvarmen,
    So din Naade
    Er meg nog i all min Vaade!
     
    Min store Gud og Fader blid!
    Du i din Son fraa evig Tid
    Meg til din Erving korad.
    Du med din Son trulovad meg:
    Til Himmels gjeng min Brudarveg,
    Der heim eg fer forklaarad.
    So glad  Avstad!
    Han med heider
    Heim meg leider
    Til ei Sæla,
    Som ei Tanken ut kann mæla.
     
    Ein Brudarsong eg syngja vil,
    Med Strengeleik og Harpespil
    Eg vil min Frelsar lova.
    Eg Jesum skal til Brudgum faa
    Og honom fylgja glad herfraa
    Upp til Guds ljose Stova!
    Der kved  Eg med
    Englamæle
    Songar sæle
    Til hans æra,
    Som min Løysar vilde vera.
     
    Kor glad eg er i Sinn og Saal!
    For Jesus er mitt Med og Maal,
    Mitt Upphav og min Ende.
    Han vil meg henta til sin Pris
    Til Heimen inn i Paradis,
    Der Trengslor ei er kjende.
    Amen,  Amen!
    Kom i Tide
    Broder blide,
    Kom min Frelsar!
    Glad min Heimferdsdag eg helsar.
     
    (Etter F. Nikolai).
     

      3. I denne søte Joletid

      Av Elias Blix
       

      (Tone: Et lidet Barn saa lystelig).

       

      I denne søte Joletid

      Me maa vel sæle vera

      Og bruka all vaar Flit og Id

      Guds Naade høgt at æra.

      Ved den, som er i Krubba lagt

      Me vil av all vaar Raad og Magt

      I Hjartat søtt oss hugga.

      Din Pris skal ljoda, Frelsarmann!

      So vidt og breidt um Land og Strand,

      At Jordi reint skal rugga.

       

      Ein liten Son av Davids Rot,

      Som er Gud Faders Like,

      Til arme Syndars Sælebot

      Steig ned fraa Himmerike.

      Det honom saart i Hjartat skar,

      At Verdi dømd og daarad var

      Og gjekk i vonlaus Villa;

      Og i slik Kjærleik rik og stor

      Han kom til oss herned paa Jord

      Vaar Hjartasorg at stilla.

       

      Den Konungson fraa Efrata

      Vaar ringe Takk me bringa.

      Hosianna og Halleluja

      Skal alle Leider klinga!

      Guds Ark er komen i vaar Her,

      Di syngja me um Sigerferd

      Midt under verste Trongen.

      Me syngja um den sæle Fred,

      So Helvite skal skjelva ved

      At høyra Jolesongen.

       

      Gud er no inkje lenger harm,

      Det kann eg derav læra,

      At Sonen fraa hans Faderbarm

      Kom ned mi Synd at bera.

      Den Kjærleik verde vida kjend,

      At ned til oss Guds Son er send

      Til Vesaldom og Vaade!

      Kven vil daa inkje vera sæl

      Og svala all si Sorg so vel

      I Jesu søte Naade!

       

      Um Natti enn er nog so svart,

      Ho flyr, naar Soli renner.

      So flyr min Hugverk vel og snart,

      Naar rett eg ser og kjenner,

      At Gud so reint usegjeleg

      Fraa evig Tid hev elskat meg

      Og er min Broder vorden.

      Eg gløymer aldri desse Ord,

      Som klungo ned fraa Englakor:

      No er det Fred paa Jordenn'!

       

      Og um so i min Gledesong

      Seg Sukk og Graat vil mengja,

      So skal daa Krossen med sin Trong

      Meg aldri Munnen stengja.

      Naar eg som kjøvd av Sorger gjeng,

      Daa stillest best min Harpestreng

      Til rette Jolesalmar.

      So Krossen og, naar Jesus vil,

      Med Songen maa meg hjelpa til,

      Naar han meg hardast talmar.

       

      Halleluja! vaar Strid er Slut.

      No Ingen lenger klagar.

      Kven vilde ganga bøygd av Sut

      I desse sæle Dagar!

      Guds Kyrkjelyd, kved upp i Høgd!

      Halleluja! no er eg nøgd,

      Den Lyst er utan Like.

      Halleluja! Halleluja!

      Guds Son er min, eg fer avstad

      Med honom til Guds Rike!

       

      (Etter Brorson).

      Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Jol".


      Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 9-11. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim

       

       

        4. Den fagraste Rosa er funni

        Av Elias Blix
         
        Den fagraste Rosa er funni,
        Ho upp millom Klunger er runni:
        Vaar Jesus den dyraste Blomen
        Rann upp av ei Ætt under Domen.
         
        For sidan me misste den Æra
        Guds Bilæt i Hjartat at bera,
        Laag Verdi i Øyda og Villa,
        Og Dauden oss herjade illa.
         
        Men Herren ei Rosa let bløma
        All Verdi til Sæla og Søma.
        Og Angen til Himmelen stiger:
        Vaar Jord til Guds Hage ho viger.
         
        So blømer Guds Kyrkja med Æra
        Og yndige Frugter kann bera,
        I Kristo ho andar og liver.
        Han Væta til Voksteren giver.
         
        No skulde vel Verdi med Gleda
        Til Frelsaren Lovsongar kveda.
        Men Mange paa Klungrarne glosa
        Og sjaa ei den himmelske Rosa.
         
        Du Syndar! kvi vil du deg herda,
        Som Klungren med Broddar deg gjerda,
        Med storlaatne Tankar i Sinne
        Som Tornarne strake og stinne!
         
        Stig ned fraa den sjølvgjorde Hægdi
        Og graat fyr din Frelsar i Lægdi!
        So skal du hans Kjærleike kjenna:
        For Rosor i Dalarne renna.
         
        No Jesu! du stendig skal vera
        Mi Rosa, mi Pryda og Æra.
        Du eine mitt Hjarta skal taka.
        Di Søta eg evig skal smaka!
         
        Mi Rosa meg pryder og fagnar,
        Mi Rosa meg gleder og gagnar,
        Dei synduge Lyster ho driver
        Og mildt under Krossen meg liver.
         
        Lat Verdi meg truga og tvinga.
        Lat Tornarne riva og stinga.
        Naar Hjartat umsider vil bresta,
        Eg Rosa paa Brystet vil festa.
         
        (Etter Brorson).
         
        Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Jol".

          5. Sjaa no vil Jesus draga

          Av Elias Blix

          (Tone: O Jesu, for din Pine).
           
          Sjaa no vil Jesus draga
          Inn i den Mordarstad,
          Endaa dei honom laga
          So harmelegt eit Blodebad.
           
          Endaa hans Auga klaarleg
          Kann sjaa si Pinsla nær;
          Han veit, den Veg er faarleg
          Og fram til Kross og Daude ber.
           
          Haagjeng med Logn i Bringa
          Den Vondskaps Her at slaa,
          Han veit, han skal deim tvinga
          Og so ein evig Siger faa.
           
          Hans Ferd er ring at skoda;
          Eit Asen honom ber,
          Som Satan ned kann troda
          Og Herre yver Dauden er!
           
          Her er han, som vil frelsa
          Kvar syndebunden Træl.
          Upp, Sions Dotter, helsa
          Og møt din Gud og Konung vel!
           
          Her er han, som vil fagna
          Deg med sin Kjærleik god.
          Her er han, som vil gagna
          Deg med sitt dyre Hjartablod.
           
          Her er han, som vil bera
          Ein Tornekrans fyr deg.
          Her er han, som vil vera
          Din Konung god evindeleg.
           
          Min Jesu! giv eg kunde,
          Som eg so gjerna vil,
          Deg æra nokonlunde.
          Aa Herre, hjelp meg sjølv dertil!
           
          Eg mine Klæde breider
          So gjerna fyr din Fot
          Og gjenger til din Heider
          Med Takk og æra deg imot.
           
          Eg ber og mine Palmar
          Fram paa din Sigersveg
          Og synger mine Salmar.
          Aa milde Jesu, høyr du meg!
           
          Eg Hosianna kveder
          Fyr deg, min Frelsarmann!
          Mitt Hjarta høgt seg gleder,
          Uppeldat ved di Heilag And.
           
          Til Lukka, ja til Lukka!
          Til Sigr og Frelsa gakk
          Fyr oss, som bundne sukka!
          Og hav so evig, evig Takk!
           
          (Etter Kingo).
           

            6. Ver helsat, Hovud høge

            Av Elias Blix

             

            (Tone: Mig hjertelig nu længes).

             

            Ver helsat, Hovud høge,

            Som blodat er og hædt!

            Du Hovud, som til Løge

            Med Tornekrans er klædt!

            Du Hovud, som er saarat

            Og fram med Spottord synt,

            Men lyser no forklaarat

            Med Sømd og Siger krynt!

             

            Kven vaagad deg vanvyrda

            Du væne Andlitslag!

            All Jordi med si Byrda

            Skjelv fyr ditt Andedrag.

            Kven hev dei fagre Kinner,

            Det Augalag so mildt,

            Som ei sin Like finner,

            Daa stelt so saart og ilt?

             

            Min Jesu! du er sakad

            Og saarad fyre meg.

            For eg, eg skulde smakat

            Den Harm, som laag paa deg.

            Her stend eg illa raaden

            Og under Domen feld.

            Vis meg ein Glimt av Naaden

            Og kvitta ut mi Gjeld!

             

            Seg vil du ved meg kannast,

            Min Hyrding, fød meg fram!

            Og lat det paa meg sannast:

            Eg er ditt eiget Lamb,

            Som ved ditt Ord er alet

            Paa Livsens grøne Hamn,

            Og høyrer til det Talet,

            Du kallade ved Namn!

             

            Eg vil ei fraa deg ganga,

            So hald meg ved di Hand!

            Eg fast ved deg vil hanga,

            Naar du giv ut di And.

            Naar du i Dauden bleiknar,

            Eg siter ved din Fot

            Og djupt ditt Bilæt teiknar

            Inn i mi Hjartarot.

             

            Eg vil deg alltid lova

            Av innste Saal og Sinn,

            Min Frelsar, fyr den Gaava,

            Som eg ved Krossen vinn.

            Lat meg mitt Auga festa

            Paa deg i all min Veg.

            Naar Hjartat daa vil bresta,

            So lat meg døy i deg!

             

            Naar eg herfraa skal draga,

            So drag ei fraa meg av!

            Men mildt deg opendaga,

            Naar ned eg sig i Grav!

            Stig fram, naar Liv og Ande

            Er trengd i sidste Strid,

            Ver nær i verste Vande

            Og gjer min Burtgang blid!

             

            Ver du min Skjold og Boge,

            Naar Striden hardt stend paa!

            Lat meg den milde Loge

            Ifraa ditt Auga sjaa!

            Naar det fraa Krossen lyser,

            Eg ser og ser meg sæl

            Og deg i Hjartat hyser, -

            So fer eg evig vel.

             

            (Etter P. Gerhardt).

             

            Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Passionen".

             

            Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 15-18. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim

             

              7. Upp, Hjarta! rør din beste Streng

              Av Elias Blix

              (Tone: Af Høiheden oprunden er.)

               

              Upp, Hjarta! rør din beste Streng,

              So Tonen rein til Himmels gjeng

              Og Songen rett kann laata

              Til Æra fyr den Sigersmann,

              Som veldug yver Dauden vann

              Og løyste Livsens Gaata!

              Han av  Si Grav

              Sprengde Stenget;

              Fyrehenget

              Sunder rivnad,

              Og dei Daude atter livnad.

               

              Du Livsens Fyrste, Jesu Krist!

              Du er uppstaden sant og visst

              Og sedd av mange Brøder.

              Me lova høgt di store Daad.

              No vita me fyr Dauden Raad:

              Vaart Banesaar du grøder.

              Du slær  Hans Her,

              Som med Velde

              Verdi felde.

              Sjaa den Sterke

              Viker fyr ditt Sigersmerke!

               

              Som Kornet einslegt døyr i Mold

              Men sidan gror med mange Foll,

              So gav du herleg Groder:

              Ein Her av Brøder utan Tal

              Ved deg or Gravom ganga skal,

              Vaar fyrstefødde Broder!

              Daa ber  Guds Her

              Fram eit Kvæde

              Fyr det Sæde

              Utan Like,

              Som no blømer i Guds Rike.

               

              So fell meg, Daude, med din Sigd!

              Eg er til Livsens Vokster vigd

              Og etter Mogning stundar.

              Eg gjeng i Gravi utan Graat:

              No læt der inne Englalaat,

              Usegjelege Lundar.

              Den Song  Ein Gong,

              Naar all Fagnad

              Her er tagnad,

              Mot meg klinger

              Sælt som naar til Helg det ringer.

               

              Fraa Herrens Grav ein Straale klaar

              No tindrar inn i Saali vaar.

              Sjaa Kristus fyr oss lyser!

              Mitt Hjarta, fyrr ein Gravstad tom,

              Er no Guds Hus og Heilagdom,

              For no Guds Son det hyser.

              Fly Natt!  Og statt

              Upp du Daude!

              I det aude

              Hjartat klaarnar

              Myrkret upp til ljose Mornar.

               

              Den Dag, han vann det store Slag,

              Er fyr Guds Folk ein heilag Dag,

              Daa me vaar Frelsar dyrka.

              Du sæle Dag av Herren gjord!

              Graa deg gjeng ut det Livsens Ord,

              Som viger Helg og Vyrka.

              Lat meg  Paa deg,

              Paaske-Under!

              Alle Stunder

              Tru og vona,

              Og deg prisa fyr Guds Throna!

              Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Paaske".


              Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 18-20. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim


               

                8. Er her Nokon, som vil høyra

                Av Elias Blix

                (Tone: Nu velan, vær frisk tilmode).

                 

                Er her Nokon, som vil høyra

                Største Under, kjent paa Jord,

                Kom daa hit og laan ditt Øyra

                Til det store Englaord:

                "Jesus er ei lenger her,

                Han or Grav uppstaden er.

                Kvi vil de i Graver aude

                Søkja Livet millom Daude?"

                 

                Ja det var eit Herrens Under

                Utan Like under Sol.

                Verdi laag i djupast Blunder,

                Yver Graver Hanen gol:

                Sjaa daa rann or Livsens Os

                Ut ein Straum av Liv og Ljos.

                Daudens Engel Sverdet vender,

                Daa Guds Son av Daude stender.

                 

                Var vaar Frelsar ei uppstaden,

                Tom og faafengd Trui var;

                Syndesaaret, Hjartaskaden

                Utan Botevon me bar;

                Jesu Namn og Kristendom

                Var som Gravi aud og tom,

                Utan Fred og utan Sæla;

                Utan Von me maatte fæla.

                 

                 

                Men no vardt han Fyrstegrøda

                Utav deim, som sovnad av:

                No skal me i Herrens Løda

                Eingong sankast or vaar Grav.

                No hev Dauden mist sin Brodd,

                Helvite sin Eiter-Odd.

                No er Dauden gløypt til Siger,

                Livet fram or Gravi stiger.

                 

                Alle Mann, som kunna vakna,

                Kom og gakk til Jesu Grav!

                Alle Mann, som Livet sakna,

                Kom og drikk or Livsens Hav!

                Kom derut med Bøn og Tru,

                Og med Fred du heim skal snu.

                Alle, som i Myrker sukka,

                Her kann finna Ljos og Lukka.

                Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Paaske".


                Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 21-22. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                 

                  9. I Edens sæle Sumar

                  Av Elias Blix

                  (Tone: O Jesu for din Pine.)
                   
                  I Edens sæle Sumar
                  Eit Tre av Rotom rann,
                  Og fram av kvar ein Kumar
                  Sprang evigt Liv fyr alle Mann.
                   
                  So Treet stod i Hagen
                  I Livsens rike Blom
                  Alt til den myrke Dagen,
                  Daa Ormen inn i Eden kom.
                   
                  Daa Herren Vegen stengde,
                  Som gjekk til Livsens Tre,
                  Og Dauden inn seg trengde
                  Fraa Mannen ned til minste Fe.
                   
                  So Verdi Treet misste,
                  Det vardt ei lenger spurt,
                  Og Ingen Staden visste;
                  For Eden kvarv fraa Jordi burt.
                   
                  Men Livet, Verdi vantad,
                  Ei evig burte var;
                  For Herren atter plantad
                  Paa Jord ein Livsens Aldegard.
                   
                  Or Kristi Grav er runnet
                  Det Tre paa herleg Vis,
                  Og Livet atter funnet,
                  Som døydde ut i Paradis.
                   
                  Det med si Kruna skygger
                  So vida yver Jord.
                  Og Reid i Greinom bygger
                  Dei Fuglar smaa i Sud og Nord.
                   
                  Det stend med evig Trygge,
                  Er fredlyst ved Guds Ord;
                  Og Gud er Sol og Skygge,
                  Og Anden fell som Dogg til Jord.
                   
                  Det stend, um alle Stormar
                  For fram og mot det fall.
                  Og aldri Eiterormar
                  Den dyre Frugt forgifta skal.
                   
                  Det stend imillom Graver,
                  Men ned fraa kvar ein Knupp
                  Dei raude Druvor laver,
                  Som vekkja Liv av Daude upp.
                   
                  So bløma Daudens Hagar
                  Som Eden fyrr i Aust,
                  Og Herrens Aaker lagar
                  Seg til ein herleg Livsens Haust.
                   
                  Ein Engel Treet gjæter
                  Med Sverdet gjort av Eld
                  Men inn kvar Syndar læter,
                  Som seg i Tru til Jesum held.
                   
                  Men den som fyrst fekk smaka
                  Den Druva, Treet ber,
                  Han lengtar ei tilbaka,
                  Han liva vil og døya der.
                   
                  So bløm med evig æra,
                  Du Tre fraa Golgata!
                  I Paradis me læra
                  At lova deg, Halleluja!
                   

                    10. Statt upp, mit Hjarta, gjer deg klaar

                    Av Elias Blix

                    (Tone: Fader vor udi Himmerig).

                     

                    Statt upp, mitt Hjarta, gjer deg klaar!

                    No byrjar Andens Naadeaar.

                    No renn hans Dag so ljos og fjelg,

                    Den blide sæle Pintsehelg!

                    Di lat oss lova Jesum Krist:

                    Sin Lovnad heldt han sant og visst!

                     

                    Du Heilag Ande, sanne Gud!

                    Du Ljos, som evig klaar og prud

                    Gjeng ut fraa Fader og fraa Son,

                    Du kom til oss med Ljos og Von,

                    So heile Verdi fekk av deg

                    Upplysning full um Livsens Veg!

                     

                    Med Tungor glødande som Eld

                    Du paa dei tolv Apostlar fell.

                    Strakst Jesus deim paa Tunga laag,

                    Og det, som ved ditt Ljos dei saag,

                    Dei kunde tolka fyr kvar Saal

                    Av alle Folk og Tungemaal.

                     

                    Du milde Loge! lys her inn

                    Og kveik din Kjærleik i mitt Sinn!

                    Eg gjeng til deg i Kristi Tru

                    Og beder du vil i meg bu.

                    So legg meg til din Guddoms Barm

                    Og gjer meg ved din Naade varm!

                     

                    Kom, Guddoms Loge! med di Glod

                    Og elda upp mitt veike Mod!

                    Du ser, kor eg i Voni stend,

                    Du ser, kor tidt mi Taara renn.

                    So kom daa inn, at Hjartat maa

                    Din søte Hugnad kjenna faa!

                    Du Himmelljos! aa lat ditt Skin

                    Rett lysa fyre Foten min,

                    Naar Myrkret verd i Verdi svart

                    Og Myrkheims Her meg trengjer hardt,

                    At dei med Harm og Skjemsla maa

                    Meg av din Straale upplyst sjaa!

                     

                    Du Guddoms Sol! lat meg din Glans

                    So fylgja her med all min Ans,

                    At det i Livet kjennast kann:

                    Du heve klaarat min Forstand,

                    Og kvart mitt Stig til Livsens Kveld

                    Maa lysa ved din milde Eld!

                     

                    Og naar det lid til Daudens Natt,

                    So hjelp mi Saal, du dyre Skatt,

                    At ved ditt Ljos fraa dette Land

                    Til Himmelen eg fara kann

                    Og kvila der i Dagen klaar

                    Inntil det store Samlingsaar!

                     

                     

                    Daa fær vaar Helg den rette Gjerd,

                    Naar Saal og Likam samlad er

                    Og prisa so med Tunga fri

                    Ein Guddom i Personar tri,

                    So Himmeln glym av Helgarljod:

                    Halleluja, vaar Gud er god!

                     

                    (Etter Kingo).

                    Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Pintse".


                    Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 25-27. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                     

                      11. Fraa Himmelen Guds Ande for

                      Av Elias Blix

                      (Tone: Et Barn er født i Betlehem).

                       

                      Fraa Himmelen Guds Ande for,

                      Guds Ande for,

                      Og løyste Tungeband paa Jord.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Han kom som Jesu Kristi Tolk,

                      Som Kristi Tolk,

                      Med Tungor ny' til alle Folk.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Han kom med Eld og Kraft fraa Gud,

                      Med Kraft fraa Gud,

                      Til sine Vitne nord og sud,

                      Halleluja, Halleluja.

                       

                      Der fritt dei tala rundt paa Jord,

                      Fritt rundt paa Jord,

                      Der And og Liv er Jesu Ord.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                       

                       

                      Der merkar Øyrat Herrens Røyst,

                      Ja Herrens Røyst!

                      Der kjenner Hjartat Andens Trøyst.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Der Syni ser i Spegel klaar,

                      I Spegel klaar,

                      Paa Himmelsætet Herren vaar,

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Der skaper og til Kristi Pris,

                      Til Kristi Pris,

                      Guds Andepust eit Paradis.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Der er Guds Stad og Hus paa Jord,

                      Guds Hus paa Jord,

                      Med Herrens Bad og Herrens Bord.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Der lyfter seg ein Lovsong ny,

                      Ein Lovsong ny,

                      Paa Englavengjor høgt i Sky.

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      Fyr Eld og Kraft og Ljos og Fred,

                      Og Ljos og Fred,

                      Daa Kristi Kyrkja herleg kved:

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                       

                       

                      So held daa med sin høge Gjest,

                      Sin høge Gjest,

                      Guds Folk ei <SIC> fager Pintsefest!

                      Halleluja, Halleluja!

                       

                      (Etter Grundtvig).

                      Red. merk.: I Nokre Salmar II står Salmen under overskrifta "Pintse".


                      Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 27-29. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                       

                        12. Far utor

                        Av Elias Blix


                        (Tone: Våga dig.)

                         

                        Far utor

                        Dine Skor!

                        Her du stender paa heilag Jord:

                        Her er Staden av Herren vard,

                        Her er Himmelens Fyregard.

                        Her er Guds Kyrkja og Hus,

                        Her er Guds Kyrkja og Hus.

                         

                        Høgt ho stend,

                        Vida kjend,

                        Lyser ut yver laage Grend.

                        Ho er Varden paa Sions Tind,

                        Der me skoda i Himmelen inn

                        Høgt yver Skodda og Sky. :,:

                         

                        Til den Stad

                        Ganga glad

                        Herrens Folk i den lange Rad.

                        Der er midt under Stormen Dus,

                        Der me høyra den stille Sus,

                        Naar Herrens Ande fer ned. :,:

                         

                        Heilag er

                        Kyrkja her,

                        Heilag midt i ei syndug Verd.

                        Sting enn Fienden hennar Hæl:

                        Gud, som er heilag i Israel,

                        Han kann og helga si Brud. :,:

                         

                        For Guds Ord

                        Fagert gror

                        I den innvigde Kyrkjejord.

                        Livsens Kjelda med Skirslarbad

                        Surlar stilt gjenom Herrens Stad,

                        Anden som Duva fer ned. :,:

                         

                        Fram i Kor

                        Herrens Bord

                        Stender dukat i Aar som i Fjor.

                        Der me halda fyr Herren Fest,

                        Der er Syndaren Kristi Gjest,

                        Hallar seg upp til hans Bryst. :,:

                         

                        Synd og Naud,

                        Dom og Daud

                        Skal Guds Kyrkja ei leggja aud.

                        Ho er Staden paa Berget bygd,

                        Der ho stender i evig Trygd,

                        Midt i all Trengsla og Strid. :,:

                         

                        Snart det lid

                        Til den Tid,

                        Daa ho heve stridt ut sin Strid,

                        Daa ho leggja skal Sverd og Skjold,

                        Daa forklaarad ho gjeng av Mold

                        Inn til den evige Fred. :,:

                         

                        Sorg og Synd

                        Der er tynd,

                        Jesus Kristus til Konung krynd.

                        Kvar ein Fiend er underlagd,

                        Kyrkja stender med Sigersbragd

                        Fram fyre Lambet og Gud. :,:

                        Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Kyrkja".


                        Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 29-31. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                         

                          13. Den Naud og Trengsla, som eg lid

                          Av Elias Blix
                           
                          (Tone:Om Himmerig vi tale vil.)
                          Den Naud og Trengsla, som eg lid,
                          So lenge Kyrkja er i Strid,
                          Den skal eg fulla gløyma,
                          Naar eg med alle Helge kved
                          Ein Sigersong i evig Fred,
                          Og Tonar fram skal strøyma,
                          Som Ingen her kann drøyma!
                           
                          Min Klædnad tvær min Frelsar blid
                          Uti sitt Blod i Naadens Tid,
                          Di vil han og meg giva
                          Den lange kvite Klædnad paa,
                          Den Dag eg skal hans Andlit sjaa
                          Og lik Guds Englar liva
                          Og um hans Throna sviva.
                           
                          Der fær eg fyrst i Hender rett
                          Den Sigerspalmen, som er sett
                          Til stor Triumf og æra
                          Fyr Sigren, som min Frelsar god
                          Meg her let vinna ved sitt Blod.
                          Det skal mi Sæla vera
                          Det Sigersteikn at bera!
                           
                          Der skal eg fyr den Frelsegjerd,
                          Som ved Guds Lamb meg lagad er,
                          Gud Fader æra segja.
                          Guds Englar med meg kveda vil
                          Og leggja Ja og Amen til
                          Med reint usegleg Fegja,
                          og Songen aldri tegja.
                           
                          Mitt Hjarta fullt av Lengsla er
                          Og stundar saart i Trengsla her,
                          Min Jesu, til den æra,
                          Daa Heilage forutan Tal
                          Deg lova i den ljose Sal.
                          Naar skal eg med faa vera
                          Den Lovsong fram at bera!
                           
                          Der Motgang, Møda, Sorg og Sut
                          I Himmerike skal faa Slut
                          Og inkje vera kjende.
                          Der verd mi Taara turkad av.
                          So gjeng eg hugheil i mi Grav
                          Fraa Heimsens laage Lende
                          Og fær so sæl ein Ende.
                           


                          Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta ”Den sigrande kyrkja”.
                           

                            14. Guds Ord det er eit heilagt Sverd

                            Av Elias Blix

                            (Tone: Af Høiheden oprunden er.)

                             

                            Guds Ord det er eit heilagt Sverd,

                            Som saara maa ei syndug Verd,

                            Men og kann Saaret grøda.

                            Snart talar Gud i heilag Logn,

                            Snart tek han Toresky til Vogn,

                            Hans Ord i Ljonet gløda.

                            I Eld  Paa Fjell

                            Fer han neder,

                            Gjenom Veder

                            Høgt det tonar,

                            Kor Guds Log mot Syndi ljonar.

                               

                            Som Havet aldri gjeng so vilt,

                            Det ei paa Herrens Ord verd stilt

                            So Storm og Bylgjor tegja:

                            So læt Guds Ord um Naade ned,

                            Og Hjartat fyllest med ein Fred,

                            Som Ingen ut kann segja.

                            All Sut  Fær Slut,

                            Stormen tagnar,

                            Harmen dragnar,

                            Sorgi blidnar

                            Mildt som Is fyr Vaarsol tidnar.

                             

                            Guds Ord det er mitt Siloam

                            Der Livsens Kjelda sildrar fram,

                            Som Herrens Hage vatnar.

                            Guds Ord det er mitt Himmelbraud:

                            Um Saali var av Hunger daud,

                            Ved det til Liv ho batnar.

                            Gud giv  Meg Liv

                            Av det Manna!

                            Lat meg sanna,

                            At den Kjelda

                            Svalar søtt, naar Sorger elda!

                             

                            Guds Ord er Ljoset paa min Veg;

                            Naar Dimma yver Augat dreg,

                            Det mildt mitt Hjarta huggar.

                            Det glittrar klaart som Glimestein,

                            Det lyser med ein Loge rein,

                            Som driv dei svarte Skuggar.

                            Lys meg  Paa Veg!

                            Eg vil fylgja

                            Yver Bylgja,

                            Til eg lender

                            Trygg i Hamn ved Livsens Strender.

                             

                            Guds Ord det er min Sigersljod,

                            Det lovar Løysn og Utgang god

                            Igjenom alle Trongar.

                            Naar Hjartat kjenner Daudens Styng,

                            Guds Ord so sælt i Øyrat syng

                            Som blide Englasongar:

                            Far ut  All Sut!

                            Stadna Taara!

                            Stilna Baara!

                            Snart det vaarast

                            Og til evig Sumar klaarast.

                             

                            So høgt og herlegt Ordet er,

                            Endaa dess klaare Tonar her

                            Fyr uklaart Øyra laata.

                            Mitt Auga her av Synd er dimt;

                            Eg ser vel av Guds Ljos ein Glimt,

                            Men ser som i ei Gaata.

                            Guds Ord!  Paa Jord

                            Syn ei ansar,

                            Sinn ei sansar,

                            Vit ei vonar

                            Alt, som ligg i dine Tonar.

                                 

                            Tenk daa, naar Syni klaarad er,

                             

                            Og i det Djup eg skoda fær

                            Av Naade yver Naadar!

                            Det Augat aldri her fekk sjaa,

                            Det Hjartat aldri her kom paa,

                            Daa klaart og grant eg skodar.

                            Kor god  Ein Ljod

                            Daa mitt Øyra

                            Skal faa høyra!

                            Og mitt Auga

                            I ein Straum av Ljos seg lauga!

                            Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Guds Ord".


                            Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 33-36. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim


                             
                             

                              15. Guds Ord det er vaart Ervegods

                              Av Elias Blix

                              (Tone: Vor Gud han er saa fast en Borg).
                               
                              Guds Ord det er vaart Ervegods.
                              Me vaare Born det læra.
                              Gud giv oss i vaar Grav den Ros:
                              Me heldt det høgt i æra!
                              So lenge Soli renn,
                              So lenge Verdi stend,
                              Um Allting undan kvarv,
                              Lat daa ditt Ord i Arv
                              I vaare ætter ganga!
                               
                               

                                16. Paa Gud aaleine

                                Av Elias Blix

                                (Tone: Paa Gud alene).
                                 
                                Paa Gud aaleine
                                Eg lit i Livsens Strid.
                                Hans Ord det reine
                                Veit Raad i rette Tid.
                                Han alle Stader
                                Meg fører fri og sæl.
                                Alt, som meg skader,
                                Han vender av so vel,
                                Den gode Fader,
                                Den Gud Immanuel.
                                 
                                For mine Lyte
                                Tok Jesus med i Grav,
                                Og meg i Byte
                                Sin Barnerett han gav.
                                Han vil og vera
                                Min Styrke og min Skjold,
                                Og fri meg gjera
                                Fraa Vondskaps Magt og Vold
                                Og so med Æra
                                Meg reisa upp av Mold.
                                 
                                Lær meg med Vyrda
                                At fylgja dine Bod!
                                Ber du mi Byrda,
                                Naar eg er utan Raad!
                                Lat meg ei dragast,
                                Naar Verdi freistar meg!
                                Men kor det lagast,
                                So hald meg fast ved deg,
                                Til dess det dagast
                                Og heim med Fred eg dreg!
                                 
                                Kom Gud og tala
                                Di Trøyst inn i min Barm!
                                Meg kjærleg svala,
                                Naar Striden brenner varm!
                                Til sidste Flaga
                                I Stilla upp er løyst,
                                Naar eg fær draga
                                Fraa trengsla inn til Trøyst,
                                Og all mi Klaga
                                Er vend til Sigersrøyst!
                                 
                                No Jesu milde!
                                Til deg mitt Hjarta snur.
                                Eg gjerna vilde
                                Alt vera der du bur.
                                Men du maa raada!
                                Og naar so Timen kjem,
                                At eg skal troda
                                Igjenom Daudens Lem,
                                Lat meg daa skoda
                                Ditt ny’ Jerusalem!
                                 
                                 
                                Lyst utan Like!
                                Der kjem eg heim til deg
                                I Himmerike,
                                Dertil du korad meg.
                                Der skal med Æra
                                Eg kvila fraa min Strid
                                Og med deg bera
                                Den Sigerskruna frid
                                Og so faa vera
                                Med deg til evig Tid!
                                 
                                 

                                  17. Til Gud eg lyfter Augat mitt

                                  Av Elias Blix

                                  (Tone: Fader vor udi Himmerig).

                                   

                                  Til Gud eg lyfter Augat mitt,

                                  Naar eg i Sorg og Trengsla sit.

                                  Naar all mi Hugga burte er,

                                  Til Gud mi Bøn um Hjelp eg ber.

                                  Eg trur paa honom trøysteleg.

                                  Han kann og vil nog verja meg.

                                   

                                  På myken Styrke, Magt og Stand,

                                  Paa Rikdom, Vit og Vinahand

                                  Vil Verdi jamnan stydja seg,

                                  Men eg til Gud vil halda meg.

                                  Han skapte Himmel, Hav og Jord,

                                  Han aldri sviker i sitt Ord. 

                                   

                                  Hald fast ved Gud, so stend du rett,

                                  Og inkje Foten undan glett,

                                  Deg Krossen ei fraa Guds skal snu,

                                  Men styrkja deg i Von og Tru.

                                  Gud helder deg paa Sannings Veg,

                                  So fri og uskadd fram du dreg.

                                   

                                  Den Gud, som vaktar deg so vel,

                                  Som vaker yver Israel,

                                  Han slumrar aldri nokor Tid

                                  Og søv ei medan Natti lid;

                                  Hans Auga opet alltid er,

                                  Ser til, du ingen Skade fær.

                                   

                                  Den Herre er din Frelsarmann.

                                  Og det, som her du verka kann

                                  I Jesu Namn uti ditt Kall,

                                  Han fremja og velsigna skal,

                                  Og under Skuggen av hans Veng

                                  Du fri og utan Faare gjeng.

                                   

                                  Her er du paa den tronge Veg,

                                  Men Herren trufast fylgjer deg;

                                  Alt Vondt, som her deg møta maa,

                                  Det vil han sjølv deg venda fraa.

                                  Skal du daa røyna Sukk og Graat,

                                  Den vender Gud til Gledelaat!

                                   

                                  Og skal du lida Sorg og Naud,

                                  Um so det varer til din Daud',

                                  Det daa ein fager Ende fær,

                                  Din Daude Gud til Bate gjer.

                                  Han verja vil di Saal so vel,

                                  At du kann døy i honom sæl.

                                   

                                  Naar du gjeng ut, naar du gjeng inn

                                  Med Gud fyr Auga og i Sinn,

                                  So kann du vandra trygg og glad

                                  I alle Stunder, allan Stad;

                                  For Herren er din Frelsar blid

                                  Og hjelper deg til evig Tid.

                                   

                                  (Etter Hans Thomessøn).

                                  Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Tillit til Gud".


                                  Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 39-41. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim

                                   

                                   

                                    18. Herre Jesu Krist

                                    Av Elias Blix

                                    (Tone: Herre Jesu Krist).
                                     
                                    Herre Jesu Krist!
                                    Eg veit so visst,
                                    Du er min Frelsar aaleine.
                                    Eg trur paa deg.
                                    Forlat ei meg!
                                    I all min Veg
                                    Meg huggar ditt Ord det reine.
                                     
                                    Mitt hjarta still!
                                    Og hjelp meg til,
                                    At eg din eigen kann vera!
                                    Du er min Gud
                                    Ditt Brudlaups-Skrud,
                                    Den Klædnad prud,
                                    Er all mi Rettferd og Æra.
                                     
                                    Min Jesu mild!
                                    Eg vera vil,
                                    Der som du er med i Stova.
                                    Kom til meg inn
                                    I Saal og Sinn,
                                    Du Herre min,
                                    Med all din Naade og Gaava!
                                     
                                    So hjartaleg
                                    Eg trøyster meg
                                    Uti din Kjærleik og Naade.
                                    Min Frelsar god,
                                    Som fyr meg stod
                                    I Striden mod,
                                    Du fria meg or all Vaade!
                                     
                                    I Livsens Strid
                                    Eg all mi Tid
                                    Paa deg mi Livsvon vil byggja.
                                    Du hev meg løyst.
                                    Di blide Røyst
                                    Og rike Trøyst
                                    Mitt Hjarta eine kann hyggja.
                                     
                                    Verd Sorgi saar,
                                    Til deg eg traar.
                                    Du Hjartasaaret kann grøda.
                                    Den, som du ver,
                                    Han bergad er;
                                    Du honom ber
                                    So høgt yver Mein og Møda.
                                     
                                    No veit eg visst,
                                    Herre Jesu Krist!
                                    Du vil meg aldri forlata.
                                    Du sagde fraa:
                                    Eg beda maa,
                                    So skal eg faa.
                                    Den Lovnad eg fast vil fata.
                                     
                                    Gud give daa,
                                    At her eg maa
                                    So veksa med deg tilsaman,
                                    At eg med deg
                                    Og du med meg
                                    Evindeleg
                                    Maa liva i Himmelen.  Amen!
                                     
                                     

                                      19. Kor fager skal Guds Kyrkja staa

                                      Av Elias Blix

                                      (Tone: Fader vor udi Himmerig).

                                       

                                      Kor fager skal Guds Kyrkja staa

                                      Og fyr hans Aasyn Ynde faa,

                                      Naar alle Hjarto samde er

                                      Og i den same Tanke slær:

                                      At elska Gud og halda fram

                                      I Broderkjærleik, Fred og Sam!

                                       

                                      Kvat er vaar Gjerd, naar ei me dreg

                                      I Kjærleik fram den beine Veg

                                      Og broderleg kvarandre vil

                                      All Hjelp og Stydning bjoda til

                                      Med ærleg Hug og Vilje god,

                                      Som um me fyr Guds Andlit stod!

                                       

                                      Burt Hat og Skjemdarord og Harm!

                                      De kann ei tolast i den Barm,

                                      Der Gud i Fred og heilag Ro

                                      Vil lata si Velsigning gro.

                                      Burt alle Ting, som er til Skjemd

                                      Og Skade fyr vaar Broder-Semd!

                                       

                                      Giv Tanke, Tunga, Sinn og Munn

                                      Daa kunde fly av Hjartagrunn

                                      All List og Svik og Nidingsvis

                                      Og gjera seg eit Paradis

                                      Utav den Semd og sæle Fred,

                                      Guds Kjærleik ber i Hjartat ned!

                                       

                                      Guds Auga ser daa all vaar Daad,

                                      Vaar Tanke, Hug og dulde Raad.

                                      Dei Vonde paa sin løynde Veg

                                      Fyr honom ei kann løyna seg.

                                      Han til dei Gode kjærleg ser

                                      Og deim all Hjelp og Naade ter.

                                       

                                      Mi Saal! ver difyr inkje rædd,

                                      Um du verd hatad, trugad, hædd:

                                      Den Harm, deg Verdi gjera maa,

                                      Han skal so snar ei Vending faa.

                                      Gakk fram din Veg i Herrens Fred.

                                      Kvat kjem deg heile Verdi ved!

                                       

                                      Min gode Gud! aa giv eg maa

                                      Ved deg mitt Hjarta helgat faa,

                                      So du kann helgast her i meg,

                                      Til eg der uppe skodar deg,

                                      Der høgt eg syng med Englaher:

                                      Du heilag, heilag, heilag er!

                                       

                                      (Etter Kingo).


                                      Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Broderkjærleik".


                                      Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 43-45. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                       

                                        20. Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng

                                        Av Elias Blix

                                        (Tone: Se Solens skjønne Lys og Pragt).

                                         

                                        Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng.

                                        For Satan med si Snara

                                        So tidt i Vegen seter Steng,

                                        Kvar helst eg fram vil fara.

                                        Hans arge Raad og List

                                        Meg leider lett i Mist;

                                        Eg difyr saart til Varsemd treng.

                                        Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng.

                                         

                                        Eg gjeng i Trengsla, kvar eg gjeng.

                                        Mot Syndi skal eg strida.

                                        Um Krossen verd meg nog so streng,

                                        Eg tolug Alt maa lida.

                                        Tidt ingen Veg eg ser,

                                        Der seg ein Utgang ter,

                                        Naar Motgangs Skodda um meg heng.

                                        Eg gjeng i Trengsla, kvar eg gjeng.

                                         

                                        Eg gjeng til Dauden, kvar eg gjeng,

                                        Han lurer i mi Bringa.

                                        Eg aldri veit, um Livsens Streng

                                        Idag vil sunder springa.

                                        Eit litet Andefang

                                        Kann enda her min Gang

                                        Og reida meg den myrke Seng.

                                        Eg gjeng til Dauden, kvar eg gjeng.

                                         

                                        Eg gjeng med Englar, kvar eg gjeng,

                                        Og vil so Satan koma

                                        Med arge Slag og Pilesleng,

                                        Han skal meg inkje raama.

                                        Burt Heimsens Sukk og Sorg!

                                        Gud er mi faste Borg.

                                        Han ber meg høgt paa Ørneveng.

                                        Eg gjeng med Englar, kvar eg gjeng.

                                         

                                        Eg gjeng med Jesus, kvar eg gjeng.

                                        Hans Sverd eg ber ved Sida,

                                        Hans raude Skjold paa Brystet heng,

                                        Og sjølv han med vil strida.

                                        Uti hans Fotafar

                                        Eg vandrar trygg og var.

                                        Den Vegen ber til Livsens Eng.

                                        Eg gjeng med Jesus, kvar eg gjeng.

                                         

                                        Eg gjeng til Himmels, kvar eg gjeng.

                                        Det all mi Sorg skal sona.

                                        Snart fell det store Fyreheng,

                                        Og frelst eg stend fyr Throna.

                                        Burt verdsleg Lyst og Magt!

                                        Til Himmels stend mi Agt.

                                        All Heimsens Rikdom eg ei treng.

                                        Eg gjeng til Himmels, kvar eg gjeng.

                                         

                                        (Etter Brorson).

                                        Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Trengsla og trøyst".


                                        Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 45-47. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                         

                                          21. Min Gud! kor vis er all din Veg

                                          Av Elias Blix

                                          (Tone: Jeg raaber til dig, o Herre Krist).

                                           

                                          Min Gud! kor vis er all din Veg,

                                          Kor undarleg din Styrnad!

                                          Min Tanke kann ei fylgja deg

                                          Og lova rett med Vyrdnad,

                                          Kor vist du fører dine Smaa,

                                          Kor vel du Allting lagar

                                          Alle Dagar,

                                          Helst naar det hardt gjeng paa

                                          Og Hjartat raadlaust klagar.

                                           

                                          Naar du vil lyfta oss, me maa

                                          Fyrst rett til Marki siga.

                                          Naar me skal Naadens Solskin faa,

                                          Du myrke Sky læt stiga.

                                          Du læt det regna, Stormar gny,

                                          Naar du vil Lufti klaara,

                                          Stilla Baara.

                                          So lyser Sol i Sky

                                          Og Smil igjenom Taara.

                                           

                                          Du læter oss med Graat og Gru

                                          I vaare Synder syrgja,

                                          At me skal søkja deg i Tru

                                          Og etter Naaden spyrja.

                                          Du læt oss kjenna Skaden vaar

                                          Og saart av Sorg og Møda

                                          Hjartat bløda,

                                          Naar alle Hjartasaar

                                          Du vil i Kjærleik grøda.

                                           

                                          Du fører ymist oss i Strid

                                          Mot Myrkheims ville Mugar.

                                          Me synast tidt i slik ei Tid,

                                          At Dauden visst oss trugar.

                                          Daa læra me, kor litt vaar Dygd

                                          Mot Satans Magt kann bata;

                                          Deg me fata

                                          Og finna Livd og Trygd

                                          Mot Alle, som oss hata.

                                           

                                          I denne Strid du fører oss,

                                          At me din Fred kann finna;

                                          For fyrst igjenom Trengd og Kross

                                          Me fram til Kruna vinna.

                                          Ved Naadens Magt all Syndenaud,

                                          Som her oss vil forderva,

                                          Burt maa kverva;

                                          Naar Syndi so er daud,

                                          Eit evigt Liv me erva.

                                           

                                          Naar Saali dregst med tunge Tvil,

                                          Og hugsjukt Hjartat fryser,

                                          Daa tidt din blide Naadesmil

                                          Med tvifald Klaare lyser.

                                          Me syntest tidt, at tungt og saart

                                          Din Harm imot oss vende

                                          Utan Ende,

                                          Men sidan me so klaart

                                          Ditt Faderhjarta kjende.

                                           

                                          So bruka daa din Faderrett!

                                          Du best vaar Torv kann skoda.

                                          Um Kjøtet helst vil sleppa lett,

                                          So lat det ei faa raada!

                                          Lat Hjartat inkje finna Fred

                                          Og inkje Kvila smaka,

                                          Fyrr me taka

                                          Paa deg vaar faste Med

                                          Og aldri sjaa tilbaka!

                                           

                                          Ja før oss ved di Faderhand,

                                          Som du det best kann finna,

                                          Og lat di gode Heilag And

                                          Oss alle Tider minna,

                                          At anten du oss føra vil

                                          I Velgang elder Vaade,

                                          Er dei baade,

                                          Kor hardt det og gjeng til,

                                          Daa Naade yver Naade!

                                           

                                          (Etter Brorson).

                                          Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Trengsla og trøyst".


                                          Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 47-50. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim


                                           

                                            22. Min Heimstad i det Høge er

                                            Av Elias Blix

                                            (Tone: Vor Gud han er saa fast en Borg).

                                             

                                            Min Heimstad i det Høge er,

                                            Til Himmels stend mi Lengsla.

                                            Vel veit eg, at min Heimveg ber

                                            Igjenom myki Trengsla.

                                            Men Jesus fyre drog,

                                            Det er meg evig nog.

                                            Eg er hans Fylgjesvein,

                                            Di gjeng eg utan Mein.

                                            Ved honom skal eg sigra.

                                             


                                            Um hugsaar her eg ofta sit,

                                            Eg og ein Fred fær smaka,

                                            Som stiger yver alt mitt Vit,

                                            Den Verdi ei kann taka.

                                            Til Maalet fram det gjeng,

                                            Der Livsens Kruna heng.

                                            Naar den eg fær til Arv,

                                            Eg inkje syrgja tarv,

                                            Eg heve meir enn vunnet.

                                             

                                            Her er so myken Storm og Strid,

                                            Men der er Stormen stilnad.

                                            Der ser eg Gud til evig Tid

                                            Og ottast ei fyr Skilnad.

                                            Der inkje Tid og Rom

                                            Og Magt og Herredom

                                            Og Daude elder Liv

                                            Meg fraa Guds Kjærleik riv

                                            I Jesu Krist min Herre.

                                            Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Trengsla og trøyst".


                                            Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 50-51. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                             

                                              23. Ein Saknad saar eg heve røynt

                                              Av Elias Blix

                                              (Tone: Om Himmerig vi tale vil).

                                               

                                              Ein Saknad saar eg heve røynt: 
                                              Min Gud sitt Andlit heve løynt,

                                              Eg einsam gjeng i Villa.

                                              Kor er daa Livet audt og turt,

                                              Naar du, min Gud, vil ganga burt!

                                              Mitt Hjarta lid so illa,

                                              Du eine kann det stilla!

                                               

                                              Du stend i myrke Skuggar duld.

                                              For millom oss mi Synd og Skuld

                                              Som tette Sky seg sankar.

                                              Der ser eg i eit Myrker ut,

                                              Som fyller meg med Hjartasut.

                                              Daa gruvar eg og ankar

                                              I trøystelause Tankar.

                                               

                                              Eg stirer ut i aude Rom

                                              Og høyrer berre Toreljom

                                              Og ville Stormar dura.

                                              Eg er som vesle Fugl paa Kvist,

                                              Som hev den trugne Maken mist

                                              Og einsleg no maa kura

                                              Og full av Saknad stura.

                                               

                                              Eg er den arme Hjorten lik,

                                              Som døyande av Torste skrik,

                                              Men inkje finn ei Kjelda.

                                              Eg er den ville Vandringsmann,

                                              Som daude-trøytt ei finna kann

                                              Ein Stad, der han kann tjelda,

                                              Men maa i Villmark kvelda.

                                               

                                              Som Vaktmann stundar etter Dag

                                              Og teler trutt kvart Klokkeslag,

                                              So stundar eg og gjæter.

                                              Og Timar lida ein um Senn

                                              Men upp fyr meg ei Ljoset renn.

                                              Og Taara Augat væter

                                              Dei lange, lange Næter.

                                               

                                              Du Livsens Stjerna, Frelsar min!

                                              Renn upp og klaara Syn og Sinn

                                              Fyr Naadens Samanhenge.

                                              Kor lenge skal i Syrgeskrud

                                              Eg eine sitja, utan Gud,

                                              Og Hugen staa i Stenge!

                                              Aa Herre Gud, kor lenge!

                                               

                                              Daa tindrad gjenom Taaresky

                                              Fram fyr mi Syn ei Dagning ny.

                                              Og medan Skuggar myrke

                                              I lange Rader undan drog,

                                              Det let: "Min Naade er deg nog!

                                              Veikt er ditt eiget Yrke,

                                              Eg vera vil din Styrke!"

                                               

                                              Daa fekk eg Syn paa Jesum Krist,

                                              Daa fann eg det, eg hadde mist,

                                              Daa rann min Morgonrode.

                                              No er mitt Liv som solklaar Dag,

                                              No ser eg Herrens Andlitslag

                                              I Kjærleik og i Naade

                                              Og gløymer all min Vaade.

                                               

                                              Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Saknad".


                                              Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 51-53. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                               

                                                24. Undarlege Ting me sjaa

                                                Av Elias Blix

                                                (Tone: Saligheden er os nær).

                                                 

                                                Undarlege Ting me sjaa.

                                                Sælt det Auga og det Øyra,

                                                Som dei Ting kann sjaa og høyra

                                                Og i Sanning kjenna faa!

                                                Herren yver Himmerike

                                                Er i Tenars Skapnad send.

                                                Som vaar Broder og vaar Like

                                                Synleg fyr vaar Tru han stend.

                                                 

                                                Det, som i Guds Hjarta laag,

                                                Det, som ingen Skapning gaadde,

                                                Det, som ingen Tanke naadde,

                                                Det, som klaarast Syn ei saag,

                                                Det, som ingen Vismann visste,

                                                Det, som ingen Klok kom paa, -

                                                Opendagad paa det Sidste

                                                Gud fyr sine arme Smaa.

                                                 

                                                Her eg ser eit Visdoms Djup,

                                                Som ei Englar med kann raada;

                                                Den, som ned i det vil skoda,

                                                Svimrar som paa bratte Stup,

                                                Ser ein skylaus Kjærleik stiga

                                                Fram or svarte Sky av Harm,

                                                Ser Guds Fred og Sæla siga

                                                Ned i fredlaus Syndarbarm!
                                                 

                                                Kristi Dag, som Abraham

                                                Glad i Tru langt burte helsad

                                                Og ved denne Tru vardt frelsad,

                                                Fyr vaart Auga klaar steig fram;

                                                Dagen med den store Lovnad,

                                                Som Profetar stundad paa;

                                                Men i Herren inn dei sovnad,

                                                Fyrr dei fingo Dagen sjaa.

                                                 

                                                Konungen, som David kvad

                                                Herleg um i sine Songar,

                                                Kongen yver alle Kongar

                                                Er no fødd i Davids Stad;

                                                Sit no evig paa si Throna

                                                Ved Gud Faders høgre Hand.

                                                Heidningar paa honom vona,

                                                Syng hans Lov um alle Land.

                                                 

                                                Gudlaus Drottning foor at sjaa

                                                Salamon i all hans Pryda

                                                Og hans djupe Visdom lyda

                                                Full av Lov og Undring paa.

                                                Her er større Ting at læra,

                                                Her er meir enn Salamon,

                                                Her er Herren til Guds Æra,

                                                Her er Guds og Davids Son.

                                                 

                                                Enno lyser Dagen blid

                                                Full av Sanning og av Naade.

                                                Kom daa alle Mann og skode

                                                Ljoset her i Naadens Tid!

                                                Lat oss paa Guds Time vara:

                                                No han kallar, lyd og høyr!

                                                Seg med Jakob: eg vil fara

                                                Av og sjaa deg, fyrr eg døyr!


                                                Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Sæle ero dei Augo, som sjaa det, de sjaa". (Luk. 10,23.24).


                                                Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 54-56. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                                 

                                                  25. Seg, kvar skulde me vel ganga

                                                  Av Elias Blix

                                                   

                                                  (Tone: Jesu, dine dybe Vunder).

                                                   

                                                  Seg, kvar skulde me vel ganga

                                                  Utan Jesum her paa Jord?

                                                  Han oss eine hjelp kann langa,

                                                  For han heve Livsens Ord.

                                                  Fred me finna i hans Fang.

                                                  Var so Vegen nog so lang,

                                                  Det med vilde litet vyrda.

                                                  Jesus letta vil vaar Byrda.

                                                   

                                                  Han vil Alle til seg leida.

                                                  Høyr, han kallar trutt og mildt:

                                                  "Kome Alle, som arbeida

                                                  Og i Verdi lida ilt!

                                                  Her de skulo finna Kvild,

                                                  For eg er av Hjarta mild.

                                                  Tak mitt Ok, so skal de læra:

                                                  Byrda mi er lett at bera."

                                                   

                                                  Høyr det, du som saart maa syrgja

                                                  Yver all di Syndegjeld,

                                                  Som med Ank din Dag maa byrja

                                                  Og med Klaga halda Kveld.

                                                  Gakk til Jesum med di Skuld!

                                                  Der ho verd av Naaden duld.

                                                  Var di Synd som Blodet litad,

                                                  Der ho verd som Snjoen kvitad.

                                                   

                                                  Høyr det, du som ærleg strider

                                                  Sukkande den gode Strid,

                                                  Du som under Krossen kvider,

                                                  Synest, Dagen langsamt lid.

                                                  Her skal Sukken verda stild,

                                                  Her er midt i Striden Kvild,

                                                  Her du midt i Ufreds Trongen

                                                  Lærer kveda Sigersongen.

                                                   

                                                  Høyr det, du som tidt maa syta

                                                  Skridande den tronge Veg!

                                                  Frelsaren vil med deg byta,

                                                  Taka all di Sut paa seg,

                                                  Anda i ditt Hjarta ned

                                                  All sin høge sæle Fred;

                                                  Og i denne Fred du fegen

                                                  Trøyta skal den tronge Vegen.
                                                   

                                                  Høyr det Alle, høyr han lokkar,

                                                  Fylg den milde Frelsars Røyst!

                                                  Kom og fylg i lange Flokkar,

                                                  Alle de, som turva Trøyst!

                                                  Kom kvar Syndar, som lid vondt,

                                                  Og di Naud skal verda sont.

                                                  Lat Guds Son di Byrda taka,

                                                  Og du skal hans Milde smaka.

                                                   

                                                  Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Kome hit til meg alle de, som arbeida og ero tyngde, eg vil giva dykker Kvild. (Mat. 11,23)". <SIC; trykkfeil for 11,28>

                                                   


                                                  Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 56-58. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim

                                                   

                                                   

                                                    26. Ver glad, mi Saal! og far med Fred

                                                    Av Elias Blix



                                                    (Tone: Om Himmerig vi tale vil).



                                                    Ver glad, mi Saal! og far med Fred,

                                                    Naar eingong du skal stiga ned

                                                    Imillom Daudens Skuggar!

                                                    Fylg med din Frelsar Jesus Krist!

                                                    Han aldri fører deg i Mist.

                                                    Hans Kjærleik mildt deg huggar

                                                    Og inn til Ro deg ruggar.

                                                     

                                                    Naar veik eg ligg paa Sottarseng,

                                                    Og Daudens Dimma um meg heng,

                                                    Og kaldt eg skjelv og sveitar,

                                                    Skal Jesus med sin Hyrdingstav

                                                    Meg trufast føra gjenom Grav.

                                                    Han ei sin Arm meg neitar,

                                                    Naar hardast paa det leitar.

                                                     

                                                    Med Faderen i heilagt Sam

                                                    Mi saare Sak han førte fram

                                                    Til god og herleg Ende.

                                                    Sitt Liv fyr meg han gav i Bot,

                                                    Og Logi, som meg var imot,

                                                    Gud Fader fullnøgd kjende

                                                    Og upp mitt Skuldbrev brende.

                                                     

                                                    Alt det, som her eg missa kann

                                                    I Skilnads og i Saknads Land,

                                                    Det litet segja vilde.

                                                    Verd eg fraa Mine kallad burt,

                                                    Den Skilnad verd daa fulla kort.

                                                    Vaar Gud og Fader milde

                                                    Han samla skal dei Skilde.

                                                     

                                                    Her ligg i Myrker min Forstand,

                                                    Her gjeng eg i eit Skuggeland;

                                                    Den tronge Hytta stenger

                                                    Fyr Hugen, som til Himmels ber.

                                                    Der ser eg Herren, som han er.

                                                    Der Anden Hytta sprenger

                                                    Og stig med løyste Venger.

                                                     

                                                    Han er vel saar, den Yvergong;

                                                    Men verd enn Stigen nog so trong,

                                                    Han daa til Livet fører.

                                                    Ved Naadens Ljos eg Vegen finn

                                                    Til Himmelen og Herren inn,

                                                    Der ingen Trong meg rører,

                                                    For Herren sjølv meg nører.

                                                     

                                                    Aa sæle Stund og store Dag,

                                                    Daa eg fær sjaa Guds Andlitsdrag,

                                                    Som Ingen her kann tenkja!

                                                    Der Heilage forutan Tal

                                                    I Jesu ljose Straalar skal

                                                    Som klaare Soler blenkja,

                                                    Og aldri Sky deim krenkja!

                                                     

                                                    Kvat skal eg sjaa og skyna daa,

                                                    Naar Dusti, som eg fer ifraa,

                                                    Min Tanke ei skal skyggja;

                                                    Der skal eg, vigd til evig Fred,

                                                    Meg i Guds Kjærleik søkkja ned

                                                    Og evig bu og byggja

                                                    Og inkje annat hyggja.

                                                     

                                                    Du Trøyst! kor er du ljuv og blid!

                                                    Og naar eg strider sidste Strid,

                                                    Du gjenom meg skal strøyma.

                                                    So skal eg giva glad mi And

                                                    Uti min store Skapars Hand

                                                    Og Jesum aldri gløyma.

                                                    Den Bøn eg trutt vil gjøyma.

                                                     

                                                    (Etter Jak. Joh. Lund).

                                                    Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Dauden".


                                                    Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 58-60. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                                     

                                                      27. Dauden gjenom Verdi gjeng

                                                      Av Elias Blix



                                                      (Tone: Jesus er mit Haab og Trøst).

                                                       

                                                      Dauden gjenom Verdi gjeng

                                                      Og vil rydja Liv or Lande,

                                                      Mansens Barn som Blom i Eng

                                                      Bleiknar fyr hans kalde Ande.

                                                      Under denne myrke Magt

                                                      Er alt Liv paa Jordi lagt.

                                                       

                                                      Ja vaart Liv er veikt som Høy

                                                      Og som Graset all vaar Søma.

                                                      Graset visnar, Blomar døy

                                                      Og fyr alle Vindar røma:

                                                      Mannen døyr, og næste Vaar

                                                      Blomen Gull paa Gravi straar.

                                                       

                                                      Jesus gjenom Verdi gjeng.

                                                      Han kann Dauden slaa med Velde.

                                                      Livet han i Løysepeng

                                                      Gav fyr oss, som vaaro selde.

                                                      Difyr Livet paa hans Ord

                                                      Fagert fram or Gravom gror.

                                                       

                                                      Jesus ut til Nain fer;

                                                      Paa sin Veg han Dauden møter.

                                                      Sjaa, ein Mann til Jord dei ber,

                                                      Og det Syn hans Hjarta grøter:

                                                      Enkja fylger ut sin Son,

                                                      Ber til Grav si sidste Von.
                                                       

                                                      Vonlaus Veg er tung og lang.

                                                      Moderhjartat maa vel graata,

                                                      Der ho gjeng den tunge Gang,

                                                      Grundar paa den djupe Gaata:

                                                      Kvi det unge Livet brest,

                                                      Som det stend i Bløming best.

                                                       

                                                      Jesus segjer: "Inkje graat!"

                                                      Med eit Ord han Sukk og Taara

                                                      Vender um til Gledelaat.

                                                      Sjaa, der skrid han fram til Baara,

                                                      Segjer: "Upp du Daude statt!"

                                                      Og til Liv han vaknar att.

                                                       

                                                      Jesu! Naar min Time slær,

                                                      Og eg hardt i Striden stender,

                                                      Statt meg daa i Naade nær,

                                                      Lyft til Verja dine Hender!

                                                      Seg eit Ord og Dauden driv!

                                                      Svæv meg inn til evigt Liv!

                                                       

                                                      Fylg meg, Frelsar! i den Stund,

                                                      Naar eg vandrar her or Stova.

                                                      Fylg meg til den stille Lund,

                                                      Der eg til din Dag skal sova!

                                                      Paa mi Grav det Merke skriv:

                                                      "Eg Uppreisning er og Liv."

                                                       

                                                      So eg skal i heilag Ro

                                                      Kvila til den store Dagen,

                                                      Daa di Grøda upp skal gro

                                                      Herleg i den vigde Hagen,

                                                      Brydda so med dine Born

                                                      Som eit Livsens Sædekorn.


                                                      Red. merk.: I Nokre Salmar II står salmen under overskrifta "Dauden". Salmen er ein av to Blix-salmar som blei sungne i gravferda til Ivar Aasen 29. september 1896.


                                                      Frå Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye II. Christiania 1870. Forlagt av det norske Samlaget. Trykt hjaa H. E. Larsen. Side 61-63. Elektronisk utgåve 2003 ved Anders Aschim
                                                       

                                                        Nokre salmar, andre heftet

                                                        Elias Blix gav i 1870 ut Nokre Salmar, gamle og nye II, eit hefte med 27 salmar. Desse salmane kjem her i same rekkjefølgje som i 1869, og med første linja i kvar salme som tittel.